Thomas Stangassinger Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1965Austerrikske alpinistarDeltakarar under vinter-OL 1988Deltakarar under vinter-OL 1992Deltakarar under vinter-OL 1994Deltakarar under vinter-OL 1998


austerrikskHalleinforbundslandet SalzburgFISBormioVinter-OL 1988CalgaryVM i alpine greiner 1989ColoradoCanadaVM i alpine greiner 1991SaalbachMarc GirardelliLuxembourgVM i alpine greiner 1993japanskeKjetil Andre AamodtNoregVinter-OL 1994LillehammeritalienskeAlberto TombaVM 1997OL 1998VM 1999
















Thomas Stangassinger

Fødd
15. september 1965
Hallein
Yrke
alpinist

Thomas Stangassinger (fødd 15. september 1965) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Hallein i forbundslandet Salzburg som vart olympisk meister i slalåm i 1994 og vann FIS-pokalen som verdas beste slalåmrennar i 1999.



Aktiv |


Stangassinger fekk ein mislukka VM-debut då han deltok i kombinasjonen i Bormio i 1985. Tre år seinare tok han eit lite steg opp då han vart nummer 13 i same øvinga under Vinter-OL 1988 i Calgary.


Frå 1989-sesongen spesialiserte Stangassinger seg på slalåm. Han vart nummer ni i greina ved VM i alpine greiner 1989 i Vail i delstaten Colorado. Den 3. desember 1989 vann han i Canada sitt fyrste verdscuprenn. Gjennom ti sesongar sikra han seg til saman ti sigrar i verdscupen og i alt 37 pallplasseringar, alle saman, unnateke ein andreplass i kombinasjon, kom i slalåm.


Stangassinger tok sølvmedaljen ved VM i alpine greiner 1991 i Saalbach, berre Marc Girardelli frå Luxembourg rann fortare. To år seinare vart det bronse i yndlingsgreina då VM i alpine greiner 1993 vart avvikla i japanske Morioka. Han kom i mål 11 hundredels sekund bak gullmedaljør Kjetil Andre Aamodt frå Noreg, og sju hundredels sekund bak sølvvinnar Girardelli.


Høgdepunktet for Stangassinger kom under Vinter-OL 1994 på Lillehammer, der han triumferte i slalåmrennet framfor det italienske håpet, Alberto Tomba.


I sine tre siste store meisterskap vart Stangassinger nummer seks i slalåm både i VM 1997, OL 1998 og VM 1999. I 1999-sesongen vann han slalåm-biten av verdscupen i alpine greiner 1999, etter å ha vorte nummer to i kampen om FIS-pokalen dei ti føregåande sesongane, 1997 og 1998, samt i 1994-sesongen. Han la opp etter 2000-sesongen.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


  • Denne artikkelen bygger på «Thomas Stangassinger» frå Wikipedia på tysk, den 12. desember 2014.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...