Birger Innhaldsliste Bruken av namnet i Noreg | Kjende namneberarar | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...
MannsnamnFørenamn av norrønt opphav
mannsnamnnorrøntsvensknamnedag21. oktoberfolketeljingaDavik
Birger jarl er ein kjend namneberar frå 1200-talet.
Birger og Berger er mannsnamn som kjem frå norrønt Birgir eller Byrgir og tyder 'hjelpsam' eller 'hjelpar'. Til moderne norsk har det truleg komme frå svensk. Variantar av namnet er Berge, Børge og Børre.
Birger har namnedag 21. oktober.
Innhaldsliste
1 Bruken av namnet i Noreg
2 Kjende namneberarar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Bruken av namnet i Noreg |
I folketeljinga i 1801 vart sju personar manntalsførte med namnet Birger, seks av dei budde i Davik. Det var nokre hundre brukarar av dei andre namnevariantane.
I teljinga frå 1900 var det 2 500 personar som het Birger, og minst 1 000 med dei andre namnevariantane. Sidan har bruken av namnet gått attende.
I 2007 var det 3 700 som hadde Birger til første fornamn, og nokre få hundre bruka dei andre variantane av namnet.
Kjende namneberarar |
Birger Kildal
].
Birger Brosa (1200-talet)
Birger jarl (1200-talet)
Birger Kildal (1849-1913), norsk finansminister
Birger Anneus Hall (1858-1927), norsk prest
Birger Stuevold-Hansen (1870-1933), norsk jurist og politikar
Birger Sjöberg (1885-1929), svensk forfattar og visesongar
Birger Berthils (1891-1967), norsk kunstmålar
Birger Jåstad (1904-1984), norsk lyrikar frå Leirfjord
Birger Sjøberg (1905-1944), motstandskjempar som fall på Helgeland under den andre verdskrigen.
Birger Jørstad (1907-1991), norsk diktar
Birger Ruud (1911-1998), norsk idrettsmann
Birger Hatlebakk (1912-1997), norsk forretningsmann og politikar
Kjelder |
Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff |
- Søk etter norsk namnestatistikk for Birger hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet