Riksveg 15 Innhaldsliste Historikk | Kommunar og knutepunkt | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...
RiksvegarVegar i OpplandVegar i Sogn og FjordaneRiksveg 15Vegar i SelVegar i VågåVegar i LomVegar i SkjåkVegar i StrynVegar i HornindalVegar i EidVegar i Vågsøy
stamvegOttaSel kommuneMåløyVågsøy kommuneOpplandSogn og FjordaneE6OttaOttadalenLalmVågåmoLomBismoStrynsvatnetStrynInnvikfjordenHornindalsvatnetNordfjordeidNordfjordMåløyNordfjordeidHausriksveg 258StrynNordfjordeid1966
Riksveg 15 | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Måløy – Otta | |||
Informasjon | |||
Lengd | 280,3 km | ||
Status | riksveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Kolonnekjøring om vinteren | Strynefjellet | ||
Nattestenging om vinteren | Strynefjellet |
Riksveg 15 (Rv15) er ein stamveg som går mellom Otta i Sel kommune og Måløy i Vågsøy kommune. Vegen har ei lengd på 280,3 km, av dette 135,8 km i Oppland og 144,5 km i Sogn og Fjordane.
Han tar av frå E6 i Otta og følgjer Ottadalen vestover forbi Lalm, Vågåmo, Lom og Bismo til Grotli. Vidare vestover langs sørsida av Strynsvatnet, gjennom Stryn sentrum, frå Innvikfjorden over til Hornindalsvatnet, langs sørsida av dette vidare vestover til Nordfjordeid, langs nordsida av Nordfjord til Måløy.
Innhaldsliste
1 Historikk
2 Kommunar og knutepunkt
2.1 Sogn og Fjordane
2.2 Oppland
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Historikk |
Mellom Nordfjordeid og Haus var vegen ferdig i 1928. Opphavleg var det ferjesamband vidare til Maurstad. Vegsamband til Maurstad vart gjennombrote i 1938.
Dagens veg mellom Grotli og Ospeli bru, Nye Strynefjellsvegen med tre tunnelar, vart opna i 1977. Den gamle hovudvegen vart turistveg og utgjer i dag riksveg 258. Begge vegstrekningane er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[1]
Strekninga mellom Stryn og Nordfjordeid med tilhøyrande tunnelar vart opna i 1992 etter at vegarbeidet vart starta i 1966. Første delstrekning var mellom Nordfjordeid og Hjelle.
Ny veg vestover frå Nordfjordeid med riksvegstandard og to tunnelar vart opna på slutten av 1990-talet. Den eine tunnelen, Erviktunnelen, har fortau for at skuleborn frå Ervik skal kunne gå trygt til skulen i Kjølsdalen.
Kommunar og knutepunkt |
Sogn og Fjordane |
- Vågsøy
Gate 2
frå Måløy til 617 Måløy nord → Hurtigruta, biler kan takast med.
Fv621 frå Måløy til Oppedal (9,5 km)
Rv15
Måløybrua (1224 m)
Fv623 frå Deknepollen til Osmundsvåg (9,5 km)
Allmenningstunnelen (342 m)
618 frå Eldevik til Fv632 Selje
Brunsviktunnelen (707 m)
Krokabergtunnelen (525 m)
61 frå Maurstad til Solevågseid i Sula kommune
- Eid
Vindfylletunnelen (1083 m)- Ervik
Erviktunnelen (679 m)- Kjølsdalen
Fv661 frå Ytre Rød til Haugen
614 frå Stårheim ferje til Grov i Flora kommune, → ferje til Isane
Fv661 Stårheim
Fv661 Haugen
Skårhaugstranda
Nordfjordeid, felles trasé til Hjelle
E39
Leivdøla bru, Hjelle
Rv15
Fv664 frå Fossebakken til Navelsaker
Nor bru (Eidselva, ca. 30 m)
Fv663 frå Nor til Skipenes (5,3 km)
Lisjejøltunnelen (219 m)
Marajøltunnelen (855 m)
Breisvortunnelen (1382 m)
Kongenestunnelen (1118 m)
- Hornindal
60 frå Hola til Blindheim i Ålesund kommune, felles trasé til Stryn
- Stryn
613 frå Bleksvingen til Fv698 Tvinnereim
Fv721 frå Svarstad til Faleide (1,3 km)
60 frå Stryn til Byrkjelo i Gloppen kommune
Fv722 frå Sunde til Flo
Oppstrynsvatnet (ca. 100 m)
Jostedalsbreen nasjonalparksenter
Fv720 frå Erdal til Hjelleøyane
Hjelletunnelen (2566 m)
Fv720 Hjelleøyane
Hjelledøla (ca. 35 m)
Jøl bru (ca. 40 m)
258 frå Ospeli bru til Grotli i Skjåk kommune
Ospeli bru (ca. 60 m)
Ospelitunnelen (2549 m)
Grasdøla (ca. 80 m)
Grasdalstunnelen (3720 m)
Oppljostunnelen (4537 m) det høgaste punktet på strekninga, 943 moh.
Oppland |
- Skjåk
63 frå Langevatn til Sogge bru i Rauma kommune
258 Grotli
Vulu (ca. 40 m)
Fv485 frå Dønfoss bru til Skamsar bru (9,7 km)
Dønfoss bru (Otta, ca. 50 m)
Fv486 frå Dønfoss bru til Tuva (13,9 km)
Fv484 frå Skamsar bru til Vollungs bru (5,8 km)
Skamsar bru
Fv485 Skamsar bru (Otta, ca. 50 m)- Bismo
Fv483 frå Vollungsbru til Staurust i Lom kommune
Vollungs bru (Otta, ca. 105 m)
Fv484 Vollungs bru
Fv483 Ånstad
- Lom
Fv467 frå Lom prestegard Lom stavkyrkje til 55 Flå bru (9,0 km)
Prestfossen (Bøvra, ca. 30 m)
55 frå Fossbergom til Stedje i Sogndal kommune
Fv468 frå Fossbergom til Fv452 Vågåmo (31,7 km)- Kommunal veg frå Kjæstad via Liabrui (ca. 240 m) til Fv468 Honn (2,0 km)
Byrbergtunnelen (520 m)
- Vågå
51 frå Randen til Hesla i Gol kommune
Fv436 frå Sundodden til Fv418 Otta
Sundbrua (Vågåvatnet, ca. 240 m)
Fv452 frå Sundbrua via Vågåmo til Sandbu (2,7 km)
Finnoset bru (Finna, 48 m)
Fv452 Sandbu
Fv438 Vågårusti frå Haugen til Nord-Sel
Fv436 Lalm
- Sel
Fv436 Åsår
Fv418 Skifervegen frå Otta til 257 Åmotet
Fv435 frå Otta til Fv438 Ulsvollen
Lågen bru (ca. 80 m)
Otta
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Riksvei 15» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2010.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne (sjå avsnitt om Strynefjellet vegmiljø)
Bakgrunnsstoff |
- NRKs fylkesleksikon for Sogn og Fjordane: Strynefjellsvegen
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar Rv15
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar
- Statens vegvesen – kolonnekjøring
- Statens vegvesen – nattestengingar
Norske riksvegar | |
---|---|
Europavegar | E 6 · E 8 · E 10 · E 12 · E 14 · E 16 · E 18 · E 39 · E 45 · E 69 · E 75 · E105 · E 134 · E136 |
Hovudvegar | 2 · 3 · 4 · 5 · 7 · 9 · 13 · 15 · 19 · 22 · 23 · 25 · 35 · 36 · 41 · 52 · 55 · 70 · 73 · 77 · 80 · 83 · 85 · 92 · 93 · 94 · 111 · 150 · 159 · 162 · 163 · 555 · 651 · 827 |
Sambandsvegar | 12 · 21 · 40 · 42 · 44 · 110 · 120 · 191 · 282 · 354 · 451 · 509 · 580 · 658 · 681 · 706 · 833 · 853 · 862 · 881 · 887 · 892 |