Tulane University Innhaldsliste Soge | Fagfelt og studentar | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


Universitet i LouisianaNew OrleansSkipingar i 1834


New OrleansamerikanskeLouisiana1834Association of American UniversitiesSørstatsIvy Leaguekopparkoleragulfeberden amerikanske borgarkrigenPaul TulaneJosephine Louise NewcombUptown New Orleansmedisintropemedisinjusøkonomiarkitekturinformasjonsteknologiingeniørfaghumanistiske fagdoktorgradsnivåyahoogrDavid FiloNewt GingrichJerry Springer






Newcomb Hall ved Tulane University.


Tulane University er eit privat universitet i New Orleans i den amerikanske delstaten Louisiana. Det vart grunnlagt som offentleg, medisinsk universitet i 1834, og er det einaste i USA som har vorte privatisert.[1] Tulane er med i Association of American Universities og er rekna som del av «Sørstats-Ivy League».




Innhaldsliste






  • 1 Soge


  • 2 Fagfelt og studentar


  • 3 Kjelder


    • 3.1 Fotnotar




  • 4 Bakgrunnsstoff





Soge |




Newcomb Art Department i 1904.


Universitetet blei grunnlagd som Medical College of Louisiana i 1834, delvis for å motverka trugsmål frå sjukdommar som koppar, kolera og gulfeber i USA. Det var den andre medisinske utdanningsinstitusjonen i Sørstatane, og den 15. i USA. I 1847 blei institusjonen omdanna til eit offentleg universitet, The University of Louisiana, med eit juridisk fakultet i tillegg. Det blei utvida med fleire akademiske utdanningsfelt for menn i 1851.


Universitetet var stengd frå 1861 til 1865, under den amerikanske borgarkrigen. På grunn av depresjonen i det sørlege landbruket etter krigen hadde det store økonomiske problem etter gjenopninga. Næringslivsmannen Paul Tulane donerte store landområde til universitetet. Det blei også etablert eit fond, Tulane Educational Fund. I 1884 overførte delstatsregjeringa i Louisiana ansvaret for universitet til styret, og det blei privatisert som Tulane University of Louisiana. I 1886 førte ein større donasjon frå Josephine Louise Newcomb til oppretting av eit college for kvinner, H. Sophie Newcomb Memorial College, det første parallelle kvinneuniversitetet i USA. I 1894 blei det etablert eit teknologifakultet, seinare School of Engineering, og universitetet flytta til St. Charles Avenue i Uptown New Orleans, der det ligg i dag.




Moderne Health Sciences Center i 2006.



Fagfelt og studentar |


Universitetet har i dag fakultet innan medisin, tropemedisin, jus, økonomi, arkitektur, informasjonsteknologi, ingeniørfag og humanistiske fag. Undervisinga blir gjeve opp til doktorgradsnivå.


Ved lærestaden var det i 2006 10 606 studentar og 1 319 vitskapleg tilsette. Dette året var skulepengane US$ 34 896 for studentar folkeregistrert i USA.


Kjende tidlegare studentar omfattar yahoogründeren David Filo, politikaren Newt Gingrich og TV-verten Jerry Springer.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Tulane University» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2010.



Fotnotar





  1. «Gerald R. Ford: Address at a Tulane University convocation». 1975. 






Bakgrunnsstoff |


  • Tulane University




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...