Bankeryd Innhaldsliste Geografi og demografi | Industri | Kjende personar frå Bankeryd | Kjelder |...
Jönköpings kommunTettstader i Jönköpings län
svensktettstadJönköpings kommunJönköpings länSmåland2005VätternJönköpingvillaområdapenselindustrienNina PerssonThe CardigansKalle SunessonKarl MartindahlKristdemokraternaGöran HägglundOL i Sydney 2000Jonas Edman
Koordinatar:
Bankeryd er ein svensk tettstad i Jönköpings kommun i Jönköpings län i Småland. I 2005 hadde tettstaden 6 498 innbyggjarar. Bankeryd ligg ved Vättern, ca. 10 kilometer frå Jönköping.
Innhaldsliste
1 Geografi og demografi
2 Industri
3 Kjende personar frå Bankeryd
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Geografi og demografi |
Bankeryd har ein relativt stor andel personar med høg inntekt, og mange familiar bur i einebustader. Ein forholdsvis høg andel av innbyggerne er aktive innan kyrkja, først og fremst innan den frikyrkjelege rørsla.
Tettstaden består av villaområda Nyarp, Torp, Trånghalla, Berghalla, Backamo, Attarp og Gröna ängar, rekkehusområda Ramnegården og Hembo samt bustadblokkområdet Sjöåkra. Det er tre skuler i området, Attarpsskolan, Nyarpsskolan og Kyrkskolan.
Industri |
Bankeryd er kjend for penselindustrien sin, som staden nesten er aleine om i Sverige. Her ligg penselfabrikkene Anza, Bankeryds Penselfabrik, Stiwex, Wagner Pensel, Perfect og Habo Specialpenslar.
Kjende personar frå Bankeryd |
Fra Bankeryd kjem Nina Persson i The Cardigans, seglaren Kalle Sunesson og popsongaren Karl Martindahl. Blant dei som bur på staden, kan ein nemne partileiaren for Kristdemokraterna, Göran Hägglund, og OL-vinneren i skyting frå OL i Sydney 2000, Jonas Edman.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Bankeryd» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2012.
Bakgrunnsstoff |
- Bankeryd.net
- Litt historikk om Bankeryd
|