Senketunnel Sjå òg | Navigasjonsmeny


Undersjøiske tunnelar


undersjøisk veg- eller jarnbanetunneltørrdokkTrondheimNoregBjørvikaOslo






Tversnitt av ein senketunnel, markert med grått, som ligg i ei renne i sjøbotnen. Attfyllings-massane på kvar side er markert med grøn-gult og den steinfyllinga oppå som skal halde tunnelen på plass og verne han mot skader, er synt på toppen av tunnelen. Over dette breier det seg blått sjøvatn.


Senketunnel er ein undersjøisk veg- eller jarnbanetunnel som er laga på land som ferdige seksjonar i stål eller betong, til dømes bygd i ei tørrdokk, og deretter drege i overflatestilling over sjøen eller vatnet til staden der tunnelen skal gå, der seksjonane vert senka ned i ei renne som er grove ut i sjøbotnen på førehand. Her vert seksjonane skøytt vasstett saman, og steinfyllingar eller betonggfyllingar vert nytta for å hindre at han flyt opp att, og elles syte for at han får ei tygd som gjer han stabil. Slik ballast vert anten lagt i botn av tunnelen eller oppå han.




Ferdige seksjonar av senketunnelen Tweede Coentunnel Bouwdok Barendrecht i Nederland, bygd i ei grop som ligg under vassflata, utgrove for å nyttast som byggjeplass. Seksjonane er tetta i endene, slik at gropa kan opnast mot vatnet og fyllast, og seksjonane deretter slepast ut og på plass.


Senketunnelar er vanleg å nytte der vatnet er grunt og botnen er av lausmassar som gjer at ein ikkje kan sprengje ut tunnelen i fjell, slik det elles er vanleg med undersjøiske tunnelar. Senketunnelar kan nyttast i kombinasjon med undersjøiske fjelltunellar på strekningar av traseen dersom botntilhøva gjer dette naudsynt.


Skansentunnelen i Trondheim er den fyrste senketunnelen som vart bygd fyrst i Noreg, men det vart senketunnelen på tunnelstrekninga under vatnet i Bjørvika i Oslo som vart teke i vanleg bruk fyrst.



Sjå òg |


  • Undersjøisk tunnel



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...