Spoon av Can Kjelder | Navigasjonsmenye


Songar frå 1972Can-songar


krautrockgruppaCanb-sidetrommemaskintrommerFrancis DurbridgeKölnLynne RamsayindierockbandetSpoonSpoon RecordsSonic YouthSystem 7




































Spoon
Singel av Can
frå albumet Ege Bamyasi


Utgjeve
1972

Innspelt
Inner Space Studio, Köln

Sjanger

Krautrock

Lengd
3:03

Selskap
United Artists

Låtskrivar(ar)

Can

Produsent

Can

«Spoon» er ein song av krautrockgruppa Can frå 1972. Han vart opphavleg gjeve ut som ein singel med «Shikaku Maru Ten» som b-side. «Spoon» vart òg gjeve ut på studioalbumet Ege Bamyasi seinare det året.


Songen var første gong Can nytta ein trommemaskin i lag med ekte trommer, noko som var uvanleg i popmusikken på denne tida. Singelen nådde sjetteplassen på singellista i Tyskland tidleg i 1972[1] fordi han vart nytta som kjenningsmelodi i den tyske TV-thrilleren Das Messer (etter Francis Durbridge). Etter at singelen vart ein suksess heldt Can ein gratiskonsert i Kölner Sporthalle i Köln den 3. februar 1972.


«Spoon» vart òg nytta Lynne Ramsay-filmen Morvern Callar (2004). Det populære indierockbandet Spoon tok namnet sitt frå denne songen, og det same gjorde Can sitt eige plateselskap, Spoon Records.


«Spoon» vart remixa av både Sonic Youth og System 7 for albumet Sacrilege.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Spoon av Can» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2013.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Ehnert, Günter (1999). HIT BILANZ Deutsche Chart Singles 1956-1998. Taurus Press. ISBN 3-922542-60-3. 




























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...