Alf Hartmann Prisar og utmerkingar | Kjelder | NavigasjonsmenyAskerbibliotek.no: Revy og teater i det...


EinskildmennFødde i 1915Døde i 2004Norske journalistarNorske låtskrivararNorske revyartistarFolk frå Asker


21. mars2004Oslo25. september19152004HvalstadAskercand.philol.Verdens GangArvid NilssenJens Book-JenssenLalla CarlsenPer AabelLeif JusterChat NoirEdderkoppenMorgenbladetLondonDagbladetParisVGEdvard Munch




Denne artikkelen handlar om journalisten. For kunstmålaren, sjå Alf Gabriel Hartmann.

















Alf Hartmann

Alf Hartmann.jpg

Fødd
25. september 1915
Asker
Død

21. mars 2004
Oslo


Yrke
journalist

Alf Hartmann (25. september 1915–2004) var ein norsk journalist og tekstforfattar frå Hvalstad i Asker, cand.philol. frå 1941. Han er kjend under pseudonymet Scorpio som han brukte i over ti tusen petitartiklar for Verdens Gang i løpet av karrieren.


Alf Hartmann skreiv revytekstar sidan 1930, og fekk prøva seg som revyskodespelar fyrste gongen i Asker i 1932 på lokalet Venskaben. I 1934 sette han opp sin fyrste lokalrevy på Venskaben sjølv, der Arvid Nilssen debuterte som skodespelar. [1] Seinare skreiv Hartmann for Jens Book-Jenssen, Lalla Carlsen, Per Aabel og Leif Juster, artistar ved Chat Noir og Edderkoppen. Alf Hartmann har òg omsett europeiske dramastykke til norsk og omarbeidd manus. [2]


Bortsett frå nokre sesongar i Morgenbladet 1950-52 i London, og Dagbladet 1952-56 i Paris, blei han i VG frå 1945. I 1960 skreiv han for VG då han kritiserte rivinga av kunstnarbustaden til Edvard Munch på Ekely. Då skreiv han: «Bord for bord rives det opp med kubein og øks. (...) Planke for planke løsner. Men vi har den idiotiske tanke at vi kan få litt ut av å besøke kjente menns faste oppholdssteder på jorden.» [3] I 1964 gav han ut boka Nei--nå for tiden!



Prisar og utmerkingar |




  • Leif Justers ærespris i 1982

  • Statens stipend til eldre fortente kunstnarar i 1998



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Alf Hartmann» frå Wikipedia på bokmål, den 12. februar 2014.


Fotnotar



  1. Askerbibliotek.no: Revy og teater i det gamle Asker. Skrive av Alf Andersen, også publisert i Budstikka. Vitja 12.02.14


  2. Profil på Dramas.no, vitja 12.02.14.


  3. Aftenposten.no, 25.02.13: Knust til pinneved. Av Ulf Andenæs. Vitja 12.02.14





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...