Lasse Trædal Innhaldsliste Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildmennFødde i 1857Døde i 1924Stortingsrepresentantar 1901-1903Stortingsrepresentantar 1910-1912Stortingsrepresentantar 1913-1915Stortingsrepresentantar 1916-1918Folk frå HøyangerMålfolk


20. desember185714. oktober1924LavikSognVenstreStord seminarBrekkeDrangedalTelemarkDanmarkEidNordfjordfolkehøgskuleAkershus amtSmaaleneneOppdalUlvikNordre Bergenhus Amts DampskibeStortingetNordre BergenhusdemokratiseringAasulv BryggesaaOlav Andreas Eftestøl




Denne artikkelen handlar om stortingsrepresentanten. For forfattaren og læraren, sjå Lasse Trædal (1945-).
























Lasse Trædal
Lasse Trædal.jpg

Fødd
20. desember 1857
Lavik
Død
14. oktober 1924
Nasjonalitet Noreg
Parti Venstre
Yrke
politikar, bonde

Lasse Torkelsson Trædal (20. desember 1857–14. oktober 1924) var ein norsk gardbrukar, skulemann og politikar frå Lavik i Sogn. Han var stortingsrepresentant for Venstre perioden 1900-03 og frå 1910 til 1918. Trædal var ein av dei leiande innanfor norskdomsrørsla, kjend som ein ihuga målmann og framifrå folketalar.




Innhaldsliste






  • 1 Liv og gjerning


  • 2 Kjelder


    • 2.1 Notar




  • 3 Bakgrunnsstoff





Liv og gjerning |


Trædal var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han Stord seminar, der han tok eksamen i 1878. Dei neste åra levde han eit omskifteleg liv. Han heldt folkehøgskulekurs i Brekke i Sogn og i Drangedal i Telemark, medan han vinteren 1879/80 gjekk Askov folkehøyskole i Danmark. Frå 1881 vikarierte han som lærar og kyrkjesongar i Eid i Nordfjord. Medan han budde på Eid, var han med å stifte amtet sitt folkevæpningssamlag, og var formann for dette frå 1882 til han flytta ut av amtet. Han var deretter i kort tid lærar ved ein privatdriven landbruks- og folkehøgskule i Akershus amt. I vel fire år, 1884-88, var han styrar ved Alvheim folkehøgskule i Smaalenene. Deretter dreiv han folkehøgskule på Oppdal i eitt år og i Ulvik i to år.


I 1891 tok Trædal over farsgarden i Lavik, og dreiv denne til han døydde. Han var medlem av heradsstyret i Lavik frå 1894, ordførar frå 1905 til 1913. Trædal var styreformann i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1895-97, og sidan revisor for reiarlaget.


Trædal vart vald inn på Stortinget i 1900, som andre-representant for Nordre Bergenhus og partiet Venstre. På Tinget var han medlem av protokollkomiteen. Etter å ha vore ute av Stortinget i to periodar, var han valkrinsen Ytre Sogn sin representant i tre samanhengande treårsbolkar, 1910-18. I 1910 måtte han elles gjennom nytt val før han kunne møte 28. februar, ettersom det fyrste valet vart forkasta. Han var medlem av kontrollkomiteen frå 15. april 1910. Tingperiodane 1913-15 og 1916-18 var han nestformann i kyrkjekomiteen.


På Stortinget kjempa Trædal for folkedanning og demokratisering av skulestellet. Særleg stod han i fremste rekke, saman med Aasulv Bryggesaa og Olav Andreas Eftestøl, då offentlege landsgymnas vart etablert i åra frå 1916. I debatten om landsgymnas hevda Trædal at ein ville få «eit embetstand, som kjenner landsens tankegang, som fraa fyrst av hev liva landsens liv, og difor kan hjelpa til, at det kann verta større og rikare», embetsmenn «runnet av sama rot, som det folk dei skal arbeida med er runne av». Slik kunne vi bli «eit folk», «kjenna oss som eitt, embetsmann, byborgar og bonde».[1]



Kjelder |



  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914


Notar |





  1. http://www.regjeringen.no/nn/dep/kd/Dokument/NOU-ar/2000/nou-2000-14/25/6.html?id=358720 NOU 2000:14




Bakgrunnsstoff |



  • sf.fylkesleksikon

  • lokalhistriewiki





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...