Yanbu Innhaldsliste Historie | Geografi | Klima | Økonomi | Samferdsle | Kjelder |...


Byar med 100 000 til 250 000 innbyggjararYanbuBusetnader i Al Madinah-provinsenHamnebyar i Saudi-ArabiaHamnebyar ved Raudehavet


arabiskRaudehavetAl Madinah-regionenSaudi-ArabiaJiddakrydderrøykjelseJemenEgyptInvasjonen til Dul AshirMuhammedAbu Salamah Ibn Abd al-AssadJumada al-awwalJumada al-Thaniarabiske og britiske styrkarDet osmanske riketfyrste verdskrigenAl JubaylPersiabuktapetroleumMedinakorallrevinternasjonal flyplasskodeDammamJiddaRiyadhManamaBahrainKairoEgyptIstanbulTyrkiaDubaiSharjahDei sameinte arabiske emirataSaudiaFlynas




Koordinatar: 24°05′N 38°0′E


















































Yanbu' Al Bahr
by

Fm nasa yanbu saudi arabia - rotated.jpg

NASA-bilete av Yanbu' al Bahr

Land

Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia

Region

Al Madinah

Guvernement

Yanbu Al Bahr

Koordinatar

24°05′N 38°0′E

Folketal
188 430 (2004)


Grunnlagd
491 fvt.
 - grunnlagd 1

1925
Provinsguvernør
Faisal Bin Salman Bin Abdulaziz Al Saud

Retningsnummer
+966-4




Saudi Arabia location map.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Yanbu


Yanbu' al Bahr (arabisk ينبع البحر, Yanbuʿ al-Baḥr, «kjelda ved havet»), òg berre kalla Yanbu, Yambo eller Yenbo, er ein stor hamneby ved Raudehavet Al Madinah-regionen vest i Saudi-Arabia. Han ligg kring 300 kilometer nordvest for Jidda. Folketalet er 188 430 (folketeljing 2004). Mange av innbyggjarane er utlendingar som arbeider på oljeraffineria og i petrokjemiindustrien, hovudsakleg frå Asia, men òg mange frå Midtausten, Europa, USA og Canada.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Førmoderne tid


    • 1.2 Moderne tid




  • 2 Geografi


  • 3 Klima


  • 4 Økonomi


  • 5 Samferdsle


    • 5.1 Flyplass




  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Historie |




Yanbu by.



Førmoderne tid |


Yanbu har ei historie som går minst 2 500 år attende, og var ei lossehamn for krydder og røykjelse frå Jemen til Egypt og Middelhavsområdet.


Invasjonen til Dul Ashir fann stad i Yanbu. To eller tre månader etter at Muhammed kom attende frå Buwat, utpeikte han Abu Salamah Ibn Abd al-Assad til å ta plassen hans i Medina, medan han var borte på eit raid. Mellom 150 og 200 følgjesveinar vart med i denne operasjonen til al-Ushayra i Yanbu i anten månaden Jumada al-awwal eller Jumada al-Thani.[1][2][3]



Moderne tid |


Yanbu var forsynings- og operasjonsbase for arabiske og britiske styrkar som kjempa mot Det osmanske riket under fyrste verdskrigen. Han var ein liten hamneby fram til 1975, då dei saudiarabiske styresmaktene valte byen som ein av dei to nye industrisentra i landet (det andre var Al Jubayl ved Persiabukta). Det er gjort omfattande utvikling av både staten og private i hamna og det kringliggande området, som er basert på petrokjemisk industri.



Geografi |


Byen er delt inn i tre hovuddelar, som ligg kring femten minuttars køyretur med bil frå kvarandre. Yanbu er den nest største saudiarabiske byen ved Raudehavet, etter Jidda. Den nordlege delen er Yanbu Al-Balad eller Yanbu Al-Bahar. Sentrum av denne delen av byen er tettast folkesett.


Yanbu Al-Nakhal (Palmane) er eit separat område med meir enn 20 landsbyar som Algabreih, Madsos, Alnejil og Talaat Nazah, kring 47 km frå byen, der dei fleste gardane ligg. Her bur det berre saudiarabarar, hovudsakleg frå lokale stammer.


Yanbu Al-Sina'iya (tyder «Industri-Yanbu»)) er industribyen, oppretta i 1975, og den sørlegaste delen av Yanbu. Yanbu Al-Sina'iya er delt i to, industriområdet i sør og eit bustadområde i nord, like ved industriområdet. Industriområdet er framleis i vekst.



Klima |






































































































































Klimadata for Yanbu'al Bahr
Månad

Jan

Feb

Mar

Apr
Mai

Jun

Jul

Aug

Sep

Okt

Nov

Des
År
Varmerekord °C
34.4
37.3
40.0
43.6
49.0
49.5
49.4
49.3
49.0
47.4
44.7
42.0
49,5
Normal maks. temp. °C
27.7
28.4
31.2
34.7
38.2
40.1
40.1
40.4
39.9
37.0
33.3
29.6
35,1
Døgnmiddeltemp. °C
20.7
21.4
24.0
27.6
30.7
32.3
32.9
33.4
32.4
29.9
26.2
22.5
27,8
Normal min. temp. °C
14.2
14.7
17.0
20.7
23.8
25.1
26.4
27.3
26.1
23.6
19.9
16.1
21,2
Kulderekord °C
4.7
6.5
8.7
11.5
15.6
18.0
21.3
20.4
19.0
14.3
12.0
7.8
4,7
Nedbør (mm)
6.4
1.0
1.4
0.4
0.7
0.0
0.0
0.0
0.1
4.1
7.4
11.5
33,0



% relativ fukt
54
53
51
49
47
50
54
54
55
58
57
56
53

Kjelde: Jeddah Regional Climate Center[4]



Økonomi |


Yanbu er ei viktig utskipingsterminal for petroleum og her ligg tre oljeraffineri, eit plastikkanlegg og fleire andre petrokjemiske fabrikkar. Han er den nest største hamnebyen i landet etter Jidda og tener som hovudhamna til den heilage byen Medina, 160 km lenger aust. Den naturlege hamna er verna på begge sider av korallrev. Reva er stort sett urørte og flotte dykkeområde. Tre store oljerøyrleidningar går gjennom ørkenen frå oljefelta i aust og endar ved Raudehavet i Yanbu.



Samferdsle |



Flyplass |


Yanbu har ein internasjonal flyplass (kode YNB) som vart renovert i 2009. Frå her går det ruter til Dammam, Jidda og Riyadh i Saudi-Arabia, og internasjonale ruter til Manama i Bahrain, Kairo i Egypt, Istanbul i Tyrkia og Dubai og Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata.


Alle dei internasjonale destinasjonane vert drivne av utanlandske flyselskap. Innanlands er det Saudia og Flynas som driv rutene.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Yanbu» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2016.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Haykal, Husayn (1976), The Life of Muhammed, Islamic Book Trust, s. 217–218, ISBN 978-983-9154-17-7 


  2. Mubarakpuri, The Sealed Nectar (Free Version), s. 128


  3. Mubarakpuri, When the Moon Split, s. 148.



  4. «Climate Data for Saudi Arabia». Jeddah Regional Climate Center. Henta Oktober 24, 2015. 








Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yanbu


  • Generell informasjon om Yanbu








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...