Kyotoprotokollen Hovudelementa i avtalen | Noregs plikter | Bakgrunnsstoff og kjelder |...


Internasjonale konvensjonarDei sameinte nasjonaneKyotoGlobal oppvarmingMiljøvernsavtalarSkipingar i 1997


Klimakonvensjonenklimagassarindustriland






Medverkande i Kyotoaprotokollen 2009.:



  • Grønt: Skrive under og ratifisert

  • Gult: Skrive under, men ventar med å ratifisere

  • Grått: Verken underskrive eller ratifisert

  • Blått: Skrive under, men vil ikkje ratifisere




Kyotoprotokollen (eller Kyotoavtalen) er ei oppfølging av Klimakonvensjonen. Protokollen fastset bindande og talfesta rammer for utslepp av klimagassar for landa som i konvensjonen er kalla vedlegg-1-partar, dvs industriland og land med overgangsøkonomi.


Kyotoprotokollen vart vedtatt 11. desember 1997 og trådde i kraft: 16. februar 2005



Hovudelementa i avtalen |


Hovudelement i Kyotoprotokollen er:



  • Plikt for industrilanda til å halde utsleppa på eit nivå som er talfesta for kvar part. Målet er å redusere dei samla utsleppa av klimagassar frå industrilanda med minst 5 prosent i forhold til 1990-nivået i perioden 2008-2012.

  • Utsleppa av klimagassar gjeld dei seks viktigaste klimagassane: karbondioksid (CO2), metan (CH4), lystgass (N2O), hydrofluorkarbon (HFK), perfluorkarbon (PFK) og svovelheksafluorid (SF6).

  • Protokollen reknar òg med opptak av klimagassar, slik at netto bindingseffektar på areal med skogreising, nyplanting og avskoging utført etter 1990 skal reknast med som ein del av reduksjonen i utsleppa.

  • Handel med utsleppskvotar mellom industriland

  • Prosjektsamarbeid mellom industriland og utviklingsland



Noregs plikter |


Noreg vil etter Kyotoprotokollen vere forplikta til å sørgje for at dei totale klimagassutsleppa i perioden 2008-2012 ikkje er meir enn 1 prosent høgre enn i 1990, då utsleppa var 52,0 millionar tonn CO2-ekvivalentar.



Bakgrunnsstoff og kjelder |



  • Kyotoprotokollen til FNs rammekonvensjon om klimaendring (engelsk og norsk tekst)

  • St.prp. nr 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen

  • Om Kyotoprotokollen på miljøstatus Norge

  • Norske utslipp og Kyotomåla

  • SSB: Utslepp av klimagassar etter kjelde

  • SSB:Kyoto-protokollen - hvordan vil den virke?





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...