Stratocumulus Navigasjonsmenye


Skytypar


skyervêrfrontluftmassestratusskydekkekonveksjoncumulus humiliscumulonimbusaltocumulusskyer


























Stratocumulus





Stratocumulusskyer


Stratocumulusskyer


Høgd
600-2000 m

Utsjånad
Kvite eller gråblå i lag eller flak av skydottar eller valker.

Nedbørsky?
Sjeldan

Forkorting
Sc


Stratocumulus eller bukleskyer er ei gruppe skyer som høyrer med blant dei låge skyene og er blant dei mest vanlege over heile verda. Dei blir danna i høgder mellom 600 og 2000 m. Skyene er kvitaktige eller gråblå og oppstår i lag eller flak av skydottar eller valker. Dei er ofte flate på undersida, men kan ha ein meir ujamn overflate, og strekke seg ut over fleire hundre kvadratkilometer. Skyene består i hovudsak av vatn, men kan ved låge temperaturar innehalde iskrystallar og kornsnø.


Skyene oppstår på to måtar. Den eine går ut på at ein vêrfront eller landmasse hevar ein stor, fuktig luftmasse til høgder der lufta kondenserer til eit stratusskydekke. Svak ustabilitet i skya fører så til skya si cumuliform. Den andre metoden går ut på at varm luft stig opp frå bakken på grunn av svak konveksjon over eit stort område. Tørrare og meir stabile luftlag over skya kan hindre skya i å utvikle seg vidare, men visst forholda ligg til rette for det kan skyene utvikle seg vidare til cumulus humilis, og nokre av desse kan igjen utvikle seg vidare til cumulonimbus. Visst stratocumulus ikkje har utvikla seg vidare innan tre-fire tida om ettermiddagen, når bakketemperaturen er høgast, pleier skyene å løyse seg opp slik at himmelen blir klar til kvelden.


Skyene dannar lite nedbør, men blir dei tjukke nok kan dei produsere lett regn eller yr (eventuelt lett snø visst det er kaldt nok). Skyene blir ofte observert i samband med at dårlegare vêr anten er i vente eller har passert. Skydottane er større enn dei vi kan sjå i altocumulusskyer, og mange tar ofte feil mellom desse to. Ein enkel test kan avgjere kva skytype ein observerer. Visst du peikar mot skya med strak arm og skydottane er på storleik med tommelen din er det altocumulus, og visst dei er på storleik med heile handa di så er det snakk om stratocumulus.




























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...