Idlib Innhaldsliste Historie | Klima | Økonomi | Idrett | Galleri | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


Byar med 50 000 til 100 000 innbyggjararIdlibByar i SyriaDen fruktbare halvmånenBusetnader i Idlib-distriktet


arabiskbySyriaIdlib guvernementAleppoStatistisk sentralbyrå i SyriasunnimuslimarkristentellarEblaNuhaššeLuhutibronse-jernalderenDet osmanske riketAleppo vilajetolivenbasert såpeindustriAleppoAntiokiaHamaIstanbulJosias Leslie PorterDamaskusBeirutGazakristneKarl BaedekerKöppen-Geiger-systemetvarmt MiddelhavsklimaolivenbomullmandelarsesamfrøhektarsitrusavlingarOlivenoljepressingtekstilarEbla-tavlerOmayya IdlibfotballklubbenIdlib stadionAustromerskRuweihaArmanaz




Koordinatar: 35°56′N 36°38′E











































Idlib

ادلب
by

Idlib2.jpg

Typsike olivenlundar i dalane kring Idlib

Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Idlib guvernement

Distrikt

Idlib-distriktet

Høgd
500 moh.
Koordinatar

35°56′N 36°38′E

Folketal
98 791 (2004[1])


Retningsnummer
23




Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Idlib

Nettstad: eIdleb


Idlib (arabisk ادلب, òg skrive Edlib eller Idleb) er ein by nordvest i Syria og hovdustaden i Idlib guvernement, 59 km vest for Aleppo. Han ligg nestne 500 meter over havet. I 2004 talde Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 98 791 i Idlib. Innbyggjarane er stort sett sunnimuslimar,[2] men det er òg ein større kristen minoritet. Idlib er delt inn i seks bydelar: Ashrafiyeh (den mest folkerike), Hittin, Hejaz, Downtown, Hurriya og al-Qusur.




Olivelundar i utkanten av byen. Idlib er eit stort senter for olivenproduksjon.


Idlibområdet er eit stort jordbrukssenter i Syria og er historisk viktig med mange «daudebyar» og menneskelagde tellar. Idlib omfattar den antikke byen Ebla, ein gong hovudstaden i eit mektig kongedøme,[3] den antikke kongedøma Nuhašše og Luhuti som blømde i bronse- og jernalderen.[4]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Den osmanske tida




  • 2 Klima


  • 3 Økonomi


  • 4 Idrett


  • 5 Galleri


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Historie |



Den osmanske tida |


Under Det osmanske riket i Syria, mellom 1500- og 1800-talet, var Idlib hovudstad i ein kada («nahiyahhovudstad») og ein del av det større Aleppo vilajet («provinsen Aleppo.»)[5] Byen var eit senter for olivenproduksjon som igjen gav opphav til ein lønsam olivenbasert såpeindustri. Sjølv omde i store marknadane for Idlib-såpe var Aleppo, Antiokia og Hama,[6] vart produktet eksportert så langt som den osmanske hovudstaden Istanbul. Idlib var òg ein storprodusent av bomullsfabrikkar.[7] Den vestlege turisten Josias Leslie Porter skreiv at Idlib var «omslutta av olivenlundar, sjeldan i dette nakne området.» Han skreiv òg at olivelundane var større enn dei i Damaskus, Beirut eller Gaza. Midt på 1800-talet hadde byen eit estimert folketal på 8 000, inkludert 500 kristne.[6] Seint på 1800-talet auka talet på kristne familiar i følgje tyske forfattarar som arbeidde for Karl Baedeker.[5]



Klima |


Köppen-Geiger-systemet klassifiserer klimaet her som varmt Middelhavsklima (Csa).[8] Somrane er varme og regnfattige, medan vintrane er regnfulle og kjølige.


Varmerekorden er frå 16. juni 2012 og er på 44 ºC, medan kulderekorden frå 30. november 2011 er -4 ºC.[9]






















































































































Klimadata for Idlib
Månad

Jan

Feb

Mar

Apr
Mai

Jun

Jul

Aug

Sep

Okt

Nov

Des
År
Varmerekord °C
20
21
26
35
37
44
42
39
38
37
29
24
44
Normal maks. temp. °C
9.9
12.2
16.7
22.2
28
31.7
33.2
34.2
31.8
26.7
18.7
12.2
23 13
Døgnmiddeltemp. °C
6.2
7.7
11.3
15.8
20.9
25
27.1
27.8
25.1
20
13
8.1
17 33
Normal min. temp. °C
2.5
3.2
6
9.5
13.8
18.4
21
21.4
18.4
13.4
7.4
4
2,5
Kulderekord °C
-2
-3
1
3
8
15
18
20
15
4
-4
-4
-4
Nedbør (mm)
97
88
59
41
18
5
0
0
6
25
41
93


Kjelde nr. 1: Climate-Data.org (altitude: 432m)[8]

Kjelde nr. 2: Voodoo Skies for temperaturrekordar[9]


Økonomi |


Hovudnæringa i Idlib er oliven, bomull, kveite og frukt, særleg kirsebær.[3] Andre avlingar er mandelar, sesamfrø, fiken, druer og tomatar.[10] I 1995 var det kring 300 hektar med forskjellige sitrusavlingar.[11]Olivenoljepressing og tekstilar er somme av dei lokale industriane i byen.[10] Den nærliggande byen Aleppo har vore økonomisk viktig for Idlib.[3]


Idlib regionsmusem i byen har over 17 000 Ebla-tavler og er hovudattraksjonen i Idlib, om ein ser bort frå sjølve antikkbyen Ebla. Ved hjelp fra Italia starta eit prosjekt i 2010 for å restaurere og renovere museet.[12]



Idrett |


Omayya Idlib, grunnlagd i 1972, er den mest populære fotballklubben i byen. Klubben spelte i den øvste divisjonen i Syria i 2011-2012. Idlib stadion er den største fotballstadionen i byen.



Galleri |




Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Idlib» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Baedeker, Karl (1912), Palestine and Syria, with routes through Mesopotamia and Babylonia and the island of Cyprus: handbook for travellers, K. Baedeker 


  • Casule, F. (2008), Art and History of Syria, Casa Editrice Bonechi, ISBN 8847601193 


  • Angelo, Ferrari (2009), Proceedings 4th International Congress on «Science and Technology for the Safeguard of Cultural Heritage in Middelhavet Basin" 1, Angelo Ferrari-CNR, Institute of Chemical Methodologies, ISBN 889668031X 


  • Food and Agriculture Organization of the United Nations (1996). Citrus Pest Problems and Their Control in the Det nære austen. Food & Agriculture Org. ISBN 9251033013. 


  • Inalcik, Halil (1997), An Economic and Social History of the Ottoman Empire, Cambridge University Press, ISBN 0521574552 


  • Porter, Josias Leslie (1858). A Handbook for Travellers in Syria and Palestine 1. Murray. 





  1. Idlib folketal


  2. Mroue, Bassem. «Syrian forces capture rebel stronghold near Turkey". The Salt Lake Tribune. Associated Press. 12. juni 2011. Henta den 12. juni 2011.


  3. 3,03,13,2 Casule, 2008, s.56.


  4. John David Hawkins. Inscriptions of the Iron Age: Part 1. s. 400. 


  5. 5,05,1 Baedeker, 1912, s.376.


  6. 6,06,1 Porter, 1868, s. 580.


  7. Inalcik, 1997, s.501.


  8. 8,08,1 «Climate: Idlib - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 11. juni 2014. 


  9. 9,09,1 «Idlib i Syria». Voodoo Skies. Henta 11. juni 2014. 


  10. 10,010,1 Idlib in Syria. Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica Inc. 2012. Henta den 12. juni 2011.


  11. Food and Agriculture Organization of Dei sameinte nasjonane, 1996, s. 147.


  12. Ferrari, 2009, s. 522.






Bakgrunnsstoff |



  • eIdleb - nyhende frå Idleb
















Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...