Flåm Innhaldsliste Samferdsle | Flåm sokn | Fotnotar | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyMargrethe...


Bygder i Sogn og FjordaneAurland kommuneSokn i Indre Sogn prostiSognTuristmål i Sogn og Fjordane


kyrkjesoknAurland kommuneSogn og FjordaneAurlandsfjordenFlåmsbanaMyrdalFlåmsdalenFlåmselviFlåm kyrkjeNærøyfjordenÆgir BryggeriEuropaveg 16FlenjatunnelenRiksveg 601UndredalGudvangatunnelenGudvangenNærøyfjordenNærøydalenStalheimVossBergenAurlandsvangenLærdalstunnelenTønjumLærdal kommuneBorgundFilefjellValdresRiksveg 50AurlandsdalenHol kommuneHallingdalBalestrandBergenkyrkjesoknIndre Sogn prostiFlåm kyrkje



































Flåm
stad

Flam.jpg


Flåm jarnbarnestasjon og Fretheim hotel sett frå eit cruiseskip ved kai

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane

Kommune
Aurland



Postnummer
5743 FLÅM

Preposisjon

i Flåm


Wikimedia Commons: Flåm


Flåm er ei bygd og eit kyrkjesokn i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Flåm ligg inst i Aurlandsfjorden og er mest kjent for Flåmsbana som går mellom Fretheim, som området nedst ved fjorden eigentleg heiter, og Myrdal. Frå fjordbotn strekkjer Flåmsdalen seg oppover mot høgfjellet. Gjennom dalen renn Flåmselvi. Den eigentlege Flåmsgrenda ligg eit stykke oppe i Flåmsdalen, kring tre kilometer frå fjorden, og her ligg Flåm kyrkje frå 1670.[1]




Frå Flåmsdalen





Flåm kyrkje ligg ved Flåmselvi oppe i Flåmsdalen.
Foto: Jenni Douglas



Flåmsbana er populær mellom turistar og mange kombinerer turen med bana med ein båttur på Nærøyfjorden. Flåm mottok i 2012 200.000 cruisepassasjerar, og Flåm er dermed landets femte største cruisehamn (bak Bergen, Geiranger, Oslo og Stavanger).[2]


Mikrobryggeriet Ægir Bryggeri starta i Flåm i 2007.




Innhaldsliste






  • 1 Samferdsle


  • 2 Flåm sokn


  • 3 Fotnotar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Samferdsle |


Europaveg 16 går gjennom Flåm nede ved fjorden, på vestsida fortset vegen gjennom den fem kilometer lange Flenjatunnelen til Langhuso. Frå Langhuso går Riksveg 601 nord til Undredal, medan E16 fortset vestover gjennom den vel elleve kilometer lange Gudvangatunnelen til Gudvangen inst i Nærøyfjorden. Frå Gudvangen fortset vegen opp Nærøydalen og via Stalheim og Voss til Bergen. Nordaustover frå Flåm går E16 langs Aurlandsfjorden til kommunesenteret Aurlandsvangen og fortset derfrå gjennom den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen til Tønjum i Lærdal kommune, og så via Borgund over Filefjell til Valdres. Frå Aurlandsvangen går Riksveg 50 opp Aurlandsdalen og over fjellet til Hol kommune i Hallingdal.


Det går båtrute mellom Flåm og Gudvangen, på sommaren går det òg båtrute mellom Flåm og Balestrand og Bergen.



Flåm sokn |


Flåm er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Flåm kyrkje frå 1670. Det hadde vore kyrkje på staden føre dagens kyrkje vart bygd, ho er fyrste gong nemnd i kjeldene i 1340. Fram til kring 1670 var det òg ei kyrkje på Fretheim nede ved fjorden. Dette kan i utgangspunktet ha vore eit privat kapell.[3]



Fotnotar |





  1. Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Flåm kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


  2. Dagens Næringsliv 12.oktober 2012, s.26.


  3. «Riddarkappa på Flåms-altaret» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon




Bakgrunnsstoff |



  • Om Flåm sokn på nettstadet til Den norske kyrkja

  • «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flåm









Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...