Statens vegvesen Innhaldsliste Organisering | Verksemd | Historie | Vegdirektørar | Kjelder |...


Norske statsetatarVegar i NoregSkipingar i 18641864 i Noreg


SamferdsledepartementetNasjonal transportplanstatsbudsjettetsams vegadministrasjonfylkeskommunanePlan- og bygningslovaLillehammerArendalLeikangerMoldeBodøtunnelartunnelarbruerbrueneTerje Moe Gustavsenrapporttrafikkstasjonarsjølvbeteningsløysingar201520162017European Transport Safety CouncilPolitietTrygg TrafikkUtdanningsdirektoratetKSHelsedirektoratetSiste utgåve av planen er for perioda 2018-2021nasjonal transportplangrunnlaget for transportplanenJernbanedirektoratetAvinorKystverkethandlingsprogram for perioden 2018 – 2023anvendt forskingny verksemdstrategiNasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminnerNorsk vegmuseumHunderfossen FamilieparkFåbergNorsk vegmuseumFrederik StangIndredepartementetH.K. FinneChristian Vilhelm BerghArbeidsdepartementetandre verdskrigeninfrastrukturenkrigsfangarReichskommissariat NorwegenHeinz KleinAndreas BaalsrudJosef TerbovenJugoslaviaE6BotnSaltnesBlodvegen

















































Statens vegvesen
SVV-foto.jpg

Type Forvaltingsorgan
Virkefelt Noreg
Skipa
1864[1]
Vegdirektør Terje Moe Gustavsen
Hovudkontor Vegdirektoratet
Lokale ledd 5 regionar
Eigar Samferdsledepartementet
Budsjett 31,6 milliardar kr. (2017). Omsetning på 57,4 milliardar kr (2017)
Tilsette 7 292 (2017)
Nettside http://www.vegvesen.no/

Statens vegvesen er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdsledepartementet.


Nasjonale mål frå regjeringa set krav til tryggleik, miljø og eit effektivt transportsystem som er tilgjengeleg for alle. Statens vegvesen skal medverke til at desse nasjonale måla vert følgt opp.  


Som veg- og vegtrafikkforvaltar er Statens vegvesen vegadministrasjon for staten på riksvegane (10 700 km) og for fylkeskommunane på fylkesveg (om lag 44 600 km). Dette inneber å ta vare på, planlegge, utvikle, drifte og vedlikehalde vegane. Etaten har også ansvar for riksvegferjene.


Som fagorgan skal Statens vegvesen sørge for utgreiingar, fakta og forslag til Samferdsledepartementet sitt arbeid med Nasjonal transportplan, statsbudsjettet og andre stortingsdokument. Forsking og formidling av resultata, utvikling av retningslinjer og rettleiingsmateriell samt kontakt med utdanningsinstitusjonar er viktig i den samanhengen. I tillegg til å vere Samferdsledepartementet sitt fagorgan, er Vegvesenet gjennom sams vegadministrasjon fagorgan for fylkeskommunane. Det inneber at etaten, på oppdrag frå fylkeskommunen yter utgreiingar, fakta og forslag til deira arbeid med budsjett, langsiktige planar og andre dokument.


Ein viktig del av fagansvaret til Statens vegvesen er å medverke til løysingar som er gode for natur, miljø og trafikktryggleik. Etaten yter også fagkompetanse på område som heilskapleg bypolitikk og kollektivtransport.


Rolla som myndigheitsorgan inneber at Statens vegvesen har ansvar for kontroll av køyretøy, tilsynsoppgåver og gjennomføring av førerprøver. På fleire område har etaten mynde til å utvikle og godkjenne regelverk og fatte vedtak som gjeld trafikant og køyretøy. Vegvesenet vedtek forskrifter og normalar på enkelte område for offentleg veg og handhevar lover, forskrifter og normalar på riksveg. Der nasjonale mål vert utfordra, kan sektoransvaret gi fullmakt til å komme med motsegn på planar etter Plan- og bygningslova.




Innhaldsliste






  • 1 Organisering


  • 2 Verksemd


  • 3 Historie


    • 3.1 Andre verdskrigen




  • 4 Vegdirektørar


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Organisering |


Statens vegvesen består av Vegdirektoratet og fem regionar – Aust (regionkontor på  Lillehammer), Sør (Arendal), Vest (Leikanger), Midt (Molde) og Nord (Bodø). [2]


Etaten vert leia av ein vegdirektør, mens kvar region er leia av regionvegsjefar.


Statens vegvesen har 7 296 tilsette fordelt på 7 019 hele stillingar. Av desse er 39 prosent kvinner. I Vegvesenet si etatsleiing er det fem kvinner og ni menn. [3]


Etaten har 82 tenestestader over heile landet. [3]



Verksemd |


Statens vegvesen sitt budsjett for riksvegane er på rundt  35 milliardar kr (2018) [4]. Det inkluderer om lag 5 milliardar fra bompenger til utbyggingsføremål. Løyvingane fordeler seg til oppgåver innan drift, vedlikehald og nybygging.


.


Tunnelar og bruer


Topografiske forhold i Noreg er ei stor utfordring for utbygging av infrastruktur. I Noreg har vi meir enn 1.040 tunnelar på riks- og fylkesvegnettet. Til eikvar tid er 30-40 tunnelar under bygging. Ein del av desse erstattar eldre tunnelar. Tunnelane er i gjennomsnitt ein km lange.


Riks og fylkesvegnettet har om lag 19.760 trafikkerte bruer, ferjekaiar og andre berande konstruksjonar (f.eks. støttemurar). Mange av bruene er relativt korte, men Noreg har 861 bruer som er lengre enn 100 meter. 22 bruer er lengre enn 1000 meter.


.


Produktivitet i norsk veibygging


Vegdirektør Terje Moe Gustavsen har uttalt at det har danna seg en myte om at norsk vegbygging er dyr og lite effektiv. Vegdirektoratet gav i 2017 ut en rapport om kostnader til vegbygging i dei nordiske landa. Rapporten viste at når ein korrigerte for grunnforhold og tal på bruer og tunnelar, så var ulikskapane større mellom prosjekt enn mellom landene. Av ni undersøkte vegprosjekter var Vegvesenet si utbygging av motorvegen på E6 langs Mjøsa det nest billigaste prosjektet. Det dyraste var eit dansk prosjekt.


.


Førarkort og køyretøy


Statens vegvesen har 70 trafikkstasjonar rundt i landet. Mange av tenestene på trafikkstasjonanekan trafikantane også får gjort ved hjelp av sjølvbeteningsløysingar.


Som myndigheitsorgan  har Statens vegvesen ansvar for kontroll av kjøretøy, tilsynsoppgåver og gjennomføring av førerprøver. På fleire område har etaten mynde  til å utvikle og godkjenne regelverk og fatte vedtak som gjeld trafikant og køyetøy.


Det er 3,3 millionar registrerte køyretøy i Noreg. Av desse er 145 559 elektrisk drevne (31.12.2017). [3]


Det vart gjort meir enn 1,1 millionar køyretøyregistreringar (førstegangsregistrering, omregistrering, bruktimport, ombygging) i 2017. [3]


Statens vegvesen utsteder årleg om lag 500 000 nye førerkort (førstegangsutsteding og fornying). [3]


.


Trafikktryggleik


Noreg har tre år rad (2015, 2016 og 2017) blitt kåra til det mest trafikksikre landet i Europas av European Transport Safety Council (ETSC).


Eit sentralt mål for Vegvesenet er å arbeide for null drepte og hardt skadde i trafikken. Vegvesenet jobbar systematisk med å øke auke trafikktryggleiken. I 1970 døydde 560 personar i trafikken. I 2017 vart 106 drept på norske vegar. [5] I 2001 lanserte Stortinget nullvisjonen.


Investeringane som følgjer av Vegvesenet sitt handlingsprogram for 2018 til 2024 skal føre til at det blir 25 færre drepte og hardt skadde på vegene kvart år [6]. Kampanjar, kontrollar og sikre køyretøy skal medverke til å trekke tala ytterlegare nedover.


Statens vegvesen har nasjonal kampanjeaktivitet knytt til merksemd i trafikken, bilbeltebruk, fart og samspel mellom syklistar og bilistar. [7]


Mykje av den nasjonale aktiviteten er styrt gjennom Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg[7] som Vegvesenet, Politiet, Trygg Trafikk, Utdanningsdirektoratet, KS og Helsedirektoratet står bak. Arbeidet vert leia og koordinert av Statens vegvesen. Siste utgåve av planen er for perioda 2018-2021.


.


Nasjonal transportplan (NTP)


Regjeringa legg kvart fjerde år fram stortingsmeldinga om nasjonal transportplan.  Denne skildrar utviklingstrekk og store prosjekt på veg, jernbane, kyst og lufthamn. Statens vegvesen leier sekretariatet som utarbeider grunnlaget for transportplanen. Dette skjer i eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet, Avinor og Kystverket. Vegdirektøren leier styringsgruppa for NTP


Gjeldande NTP vart vedteke i Stortinget i juni 2017 [8] og har eit tidsperspektiv på 12 år, frå 2018 til 2030.


Nokre nøkkeltal for NTP [8]:



  • Den totale ramma er på 933 mrd. kr for alle transportformer. Det er 30 prosent auke samanlikna med årleg ramme for den føregåande planen

  • Anslagsvis 131 mrd. kr av ramma kjem frå bompengar.

  • 536 mrd. kr er vegføremål i perioden.

  • Vegvesenet skal gjennomføre investeringar på 156 mrd.

  • Staten sitt bidrag til miljøvennleg transport i byområda er på 66,4 mrd.kr. Av dette set ein av 24. mrd. kr til store investeringsprosjekt: Fornebubanen i Oslo og Akershus, metrotunnel i Oslo, bybaneforlenging i Bergen, Superbuss i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren

  • I gjennomsnitt for heile 12-års perioden vil regjeringa opp på eit nivå for årlege løyvingar til vegformål på 44,7 mrd. kroner. Det er 9,5 mrd. kr. over dagens nivå (Nye Veier inkludert i tala). Det føreset ei gradvis opptrapping, der veksten er størst i andre seksårsperiode (2024-2029).


.


Handlingsprogram for 2018 - 2023


Når Nasjonal transportplan er vedteke i Stortinget utarbeider etatane kvar sine handlingsprogram som detaljerer satsingane. Det gjeldande er Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2018 – 2023.


I seksårsperioden investerer Vegvesenet om lag 135 milliardar kroner fordelt på 50 store riksvegprosjekt. 30 vegprosjekt opnar i perioden. [6]


Løyvingane til vedlikehald av vegnettet aukar med rundt 20 prosent. Mykje av auken vil gå til oppgradering av tunneler på riksvegane. [6]


28 milliardar kroner vert satsa på miljøvennleg transport i dei ni største byområda. [6]


Løyvingane skal auke mest i den andre seksårsperiode (2024-2029). [6]


.


Forskning og utvikling


Statens vegvesen igangset og gjennomfører anvendt forsking. Forskningen foregår i tett samspill med utførande forskingsinstitutt eller universitet. Statens vegvesen kan også som byggherreorganisasjon teste resultata i fullskala.


.


Verksemdstrategi


Vegvesenet vedtok i 2017 en ny verksemdstrategi som skal gjere etaten i stand til å levere gode framtidsretta tenester i ein periode med store endringar. Strategien peikar ut områda der etaten har eit særleg utviklingsbehov og skal tydeleggjere tydeleggjere Vegvesenet si framtidige rolle.


Vegvesenet har tre kjerneområde: veg, transport, trafikant og kjøretøy. Ut frå kjerneområda har etaten formulert fem overordna mål:



  • Tilrettelegge for framtida sitt transportsystem

  • Utvikle og ta vare på vegnettet på ein profesjonell måte

  • Bidra til trygge trafikantar og sikre køyretøy

  • Fremje berekraft og redusere klimagassutslepp

  • Styrke gjennomføringsevne


.


Veghistorie og Norsk vegmuseum


Statens vegvesen har ansvar for å ta vare på eigne kulturminner. Vegkulturminna i form av gamle vegar og bruerviser utviklinga i teknologi på ulike fagområde. Dei gir folk gode opplevingar for rekreasjon og sporar til undring og ettertanke. Statens vegvesen har utarbeidd sin egen "Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner".


Norsk vegmuseum er eit av dei største teknisk industrielle musea i Noreg. Museet har fleire tusen kvadratmeter innandørs utstillingar, ein stor museumspark og ein over 200 meter lang bergtunnel med fjellsprengingshistorie. Museet er næraste nabo til Hunderfossen Familiepark på Fåberg og har gratis inngang. Museet er svært populært hjå alle som har interesse for store maskiner, bilar, motorsyklar og veghistorie. Vegdirektoratet, som har nasjonale ansvar for norsk veghistorie, eig og driv Norsk vegmuseum.


Norsk vegmuseum opna i 1992, og er etatsmuseum for Statens vegvesen.



Historie |


Opphavleg låg ansvaret for vegar under juristane i Justisdepartementet, inntil Frederik Stang i 1846 oppretta ein stilling som vegassistent under Indredepartementet. Målet var å få meir fagkunnskap, men utan å flytte ansvaret for vegane for langt vekk frå dei politiske avgjerdene i departementet.


Den fyrste vegassistenten vart ingeniørkaptein H.K. Finne. Dei neste to tiåra gav ein kraftig auke i staten sitt bidrag til vegutbygging. Finne vart i 1852 etterfylgd av ingeniøroffiser Christian Vilhelm Bergh i eit nytt vegingeniørkontor i Indredepartementet.


Eit eige vegdirektorat kom fyrst i 1864, etter lang tids kamp frå ingeniørane. Christian Vilhelm Bergh vart der den fyrste vegdirektøren.


Vegdirektoratet har sidan vore plassert under Arbeidsdepartementet 1885–1944, Trafikkdepartementet 1944–1945 og Samferdselsdepartementet 1946–.



Andre verdskrigen |


Statens vegvesen samarbeidde med den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Dette styrkte den norske infrastrukturen, men mange av dei som bygde dei nye vegane var krigsfangar som ofte arbeidde under svært dårlege vilkår, og fleire av dei døydde. Vegvesenet vart ikkje granska etter at krigen tok slutt.


Kort tid etter angrepet på Noreg 9. april 1940 vart Vegvesenet vitja av ein tysk offiser som gav dei ordre om å setje i stand vegane så fort som mogleg. Vegvesenet vart styrt av Reichskommissariat Norwegen frå mai 1940. Heinz Klein, som hadde ansvar for vegarbeid i rikskommisariatet, kjende vegdirektør Andreas Baalsrud frå før krigen, då Klein hadde vore på vitjing i Noreg. Rikskommisariatets leiar Josef Terboven sørga for arbeidskraft til vegutbygging i form av krigsfangar frå Jugoslavia. Mange av desse døydde under arbeidet, noko som har gitt E6 mellom Botn og Saltnes kallenamnet «Blodvegen».


Okkupasjonsmakta rekna Vegvesenet og direktør Baalsrud for å vere svært samarbeidsvillige. Det er likevel sannsynleg at Baalsrud fekk beskjed frå London om å sørge for at stillinga som vegdirektør ikkje vart overtatt av ein nazist, noko som kunne ha gjort tilhøva verre. Likevel kan fleire av arbeida til Vegvesenet under krigen reknast som krigsviktige, altså viktige for den tyske innsatsen. Det er også mogleg at Baalrud vart utsett for mykje press. Det er tatt vare på få dokument frå krigen i arkiva til Vegvesenet, og samarbeidet deira med okkupasjonsmakta har vore lite snakka og skrive om.[9]



Vegdirektørar |




  • Christian Wilhelm Bergh 1864–1874


  • Hans Hagerup Krag 1874–1903


  • Johan Skougaard 1904–1918


  • Andreas Baalsrud 1919–1945


  • Arne Korsbrekke 1945–1948


  • Thomas Offenberg Backer 1948–1962


  • Karl Olsen 1962–1980


  • Eskild Jensen 1980–1992


  • Olav Søfteland 1992–2007


  • Terje Moe Gustavsen 2007–



Kjelder |





  1. «150-årsjubileet». Statens vegvesen. Henta 5. mai 2017. 


  2. Statens vegvesen. «Om Statens vegvesen». Statens vegvesen. Henta 15. oktober 2018. 


  3. 3,03,13,23,33,4 Statens vegvesen (19. april 2018). «Årsrapport 2017 - Statens vegvesen» (PDF). Statens vegvesen. Henta 15. oktober 2018. 


  4. Stortinget (14. desember 2017). «Statsbudsjettet 2018». Stortinget. Henta 15. oktober 2018. 


  5. SSB (SSB). «Veitrafikkulykker med personsskader».  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  6. 6,06,16,26,36,4 Statens vegvesen (Statens vegvesen). «Statens vegvesens handlingsprogram 2018-2023». Statens vegvesen. Henta 15. oktober 2018.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  7. 7,07,1 Statens vegvesen (Statens vegvesen). «Trafikksikkerhet (temasider på vegvesen.no)». Statens vegvesen. Henta 15. oktober 2018.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  8. 8,08,1 Stortinget (Stortinget). «Nasjonal transportplan 2018-2023». Stortinget. Henta 15. oktober 2018.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  9. Norgeshistorie.no, Pål Nygaard, «Vegvesenet under okkupasjonen». Henta 11. des. 2017.



  • Denne artikkelen bygger til dels på «Wikipedia» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2009.




Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad


  • Vegdirektoratet 1864-

  • Vegvesenet sine årsrapportar 2003-2017

  • Nasjonal transportplan 2018-2029

  • Nettstaden Vegnett.no




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...