Florian Fricke Innhaldsliste Historie | Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Popol...


EinskildmennFødde i 1944Døde i 2001Tyske electronicamusikararTyske klaverspelararKrautrockFolk frå Lindau


23. februar194429. desember2001Moog synthesizerkrautrockgruppaPopol VuhFreiburgMünchenfrijazzDer SpiegelNeue Zürcher ZeitungprodusentenWerner HerzogNosferatu: Phantom der NachtKlaus KinskiBruno GanzAguirre, the Wrath of GodHeart of GlassMoog III synthesizerelektronisk musikkKlaus Schulzeelektronisk musikkmaya-manuskriptPopol VuhDaniel FichelscherTangerine DreamAmon Düül IIGilaMozartMolfettamusikkterapiFrank FiedlerSinaiørkenenhjerneslagPopol Vuh






































Florian Fricke
Fødd
23. februar 1944
Fødestad
Lindau am Bodensee i Tyskland
Død
29. desember 2001 (57 år)
Dødsstad München
Instrument Piano, synthesizer
Tilknytte artistar
Popol Vuh, Gila, Tangerine Dream
Plateselskap Liberty, Pilz, Kosmische Musik, UA, PDU, Milan, Spalax, OHR, Brain Records
Verka som
musikar, komponist, pianist

Florian Fricke (23. februar 1944–29. desember 2001) var ein tysk musikar som starta den profesjonelle karrieren sin med elektronisk musikk på ein Moog synthesizer i krautrockgruppa Popol Vuh. Musikken hans og musikken til bandet utvikla seg derimot i heilt andre retningar etter kvart og han gjekk nesten heilt bort frå synthesizerar til fordel for akustisk piano.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Diskografi


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Fricke starta å spele piano som barn.[1] Han studerte piano, komposisjon og dirigering ved musikkonservatoria i Freiburg og München.[1] Det var i München at han 18 år gammal byrja å opne seg mot nye musikkformer som frijazz.[1] Han filma òg nokre amatørfilmar. Han vart seinare film- og musikkritikar for det tyske magasinet Der Spiegel og den sveitsiske avisa Neue Zürcher Zeitung. Det var òg i München at han møtte Gerhard Augustin som i mange år vart produsenten hans.[1]


I 1967 møtte han den tyske filmregissøren Werner Herzog og spelte ei rolle i den første filmen hans Lebenszeichen (1968). Fricke laga seinare musikk til fleire av filmane til Herzog, mellom anna Nosferatu: Phantom der Nacht (med Klaus Kinski og Bruno Ganz), Aguirre, the Wrath of God og Heart of Glass.[2] Fricke dukka òg opp i filmen Jeder für sich und Gott gegen alle (1974).


Fricke var ein av dei første musikarane som eigde og brukte ein Moog III synthesizer, som han nytta på dei to første albuma til Popol Vuh, Affenstunde og In den Gärten Pharaos. Innspelingane hans med instrumentet etterlet uutsletteleg merke på tysk elektronisk musikk.[1] Seinare gav han derimot bort Moog-instrumentet sitt til den tyske musikaren Klaus Schulze og slutta med elektronisk musikk.


I 1970 starta han i lag med Holger Truelsch og Frank Fiedler gruppa Popol Vuh.[1] Namnet er henta frå eit maya-manuskript (sjå Popol Vuh).[1] Fricke leia gruppa fram ti han døydde, nesten alltid i lag med gitaristen og trommeslagaren Daniel Fichelscher.


Utan om arbeidet med sin eigen musikk, samarbeidde Fricke med mange andre tyske musikarar. I 1972 spelte han på Tangerine Dream sitt dobbeltalbum Zeit og samarbeidd med Renate Knaup frå Amon Düül II. I lag med Fichelscher var han frå 1973 til 1974 medelm av tidlegare Popol Vuh-gitarist Connie Veit sitt beit, Gila. I 1992 spelte han inn eit album med Mozart-komposisjonar.[1] I 1998 organiserte han lyd- og videoinstallasjonar, mellom desse Messa di Orfeo i den italienske byen Molfetta.[1] I 1970-åra og frametter engasjerte Fricke seg òg i musikkterapi. Han utvikla òg sin eigen terapiform kalla «Alfabetet til kroppen».[3]


I lag med tidlegare Popol Vuh-medlem Frank Fiedler, som var ein kompetent kameramann, produserte Fricke fleire filmar om andeleg inspirasjon, frå Sinaiørkenen, Israel, Libanon, Mesopotamia, Marokko, Afghanistan, Tibet og Nepal.[1][4]


Fricke døydde av hjerneslag i München i 2001, 57 år gammal.



Diskografi |


Soloalbum



  • Die Erde und ich sind Eins - privat trykt, avgrensa opplag


  • Florian Fricke Plays Mozart (1992) - med Fricke på piano


For albuma hans med Popol Vuh, sjå Popol Vuh.



Kjelder |





  1. 1,001,011,021,031,041,051,061,071,081,091,10 «Popol Vuh Biographie» (på tysk). MusikBase. Henta 8. mars 2013. 


  2. Music for Films by Werner Herzog from popolvuh.nl Henta 8. mars 2013


  3. Das Alphabet des Körpers, interview with Fricke in popolvuh.nl henta 8. mars 2013 (tysk)


  4. Florian Fricke's Filmography from popolvuh.nl, henta 8. mars 2013




Bakgrunnsstoff |



  • Popol Vuh Reference

  • Intervju med Florian Fricke


  • Popol Vuh.nl, nederlandsk site på engelsk


  • Popol Vuh.it, italiensk side på italiensk og engelsk





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...