Blåskjegghjelmkolibri Skildring | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyThe taxonomic and...


Kritisk truga artarKolibrifamilienFuglar endemiske til Colombia


Hannfugl av Oxypogon cyanolaemus til høgre Litografi av John Gerrard Keuleman, 1880, public domainkolibriartSierra Nevada de Santa MartaColombia













































Blåskjegghjelmkolibri

Status i verda: CR Kritisk truga


Hannfugl av Oxypogon cyanolaemus til høgre Litografi av John Gerrard Keuleman, 1880, public domain
Hannfugl av Oxypogon cyanolaemus til høgre
Litografi av John Gerrard Keuleman, 1880, public domain



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Caprimulgiformes

Familie:

Trochilidae

Underfamilie:

Lesbiinae
Slekt:
Oxypogon

Art:

O. cyanolaemus

Namn på andre språk


  • Engelsk: Blue-bearded Helmetcrest


  • Vitskapleg namn
    Oxypogon cyanolaemus
    Salvin & Godman, 1880


    Blåskjegghjelmkolibri, Oxypogon cyanolaemus, er ein kritisk truga kolibriart som lever høgtliggande del av i sentrale Sierra Nevada de Santa Marta langt nord i Colombia. Det var ingen kjente observasjonar av arten etter 1946 fram til i mars 2015 då tre individ av arten blei oppdaga av forskarar frå stifinga ProAves medan dei dokumenterte nedbrenning av habitat for denne arten.[1]



    Skildring |


    Blåskjegghjelmkolibri har kroppslengd på rundt 12 centimeter. Dette er ein av fire Oxypogon-kolibriar, hannfuglar av alle artane har slekta sin særmerkte bakoverpeikande fjørkam og skjegg, litt varierande frå art til art. Sett fram frå, er det sentrale, iriserande partiet i strupeskjegget i fargene lilla-blått. Blåskjegghjelmkolibri har mørkt hovud som er omkrinsa av lys, nesten kvit krage, fjørtoppen er mest i kvitt, men har òg svarte fjører. Undersida er lys gulbrun med mørkare flekker, oversida er mørkare olivengrøn. Nebbet er kort og rettpeikande. Halen, som er relativt kortare enn hos andre Oxypogon-artar, har ytre halefjører som er lys gulbrune til kvite. Saman med den blålilla farga i det iriserande strupeområdet, omkrinsa av kvite fjører, er det karakteristiske for arten den relativt lyse undersida og den kvite halen.[2] Hofuglen liknar hannen, men manglar fjørtopp på hovudet, manglar skjegget og har elles bleikare fjørdrakt.


    Heile utbreiingsområdet for denne arten ligg i sentrale del av Sierra Nevada de Santa Marta. Det finst lite informasjon om biologien for arten.


    Storleiken på populasjonen er estimert til færre enn 250 modne individ. Han er kategorisert som kritisk truga, CR.[3]



    Kjelder |




    • Collar, N.J. & Salaman, P. 2013. The taxonomic and conservation status of the Oxypogon helmetcrests. Conservación Colombiana 19: 31-38.

    • del Hoyo, J., Collar, N., Kirwan, G.M., Sharpe, C.J. & Boesman, P. (2015). Blue-bearded Helmetcrest (Oxypogon cyanolaemus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 16. mai 2015


    • BirdLife International (2015) Species factsheet: Oxypogon cyanolaemus. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. mai 2015



    Referansar




    1. ProAves Spectacular Lost Hummingbird Rediscovered after 69 years amid Rampant Fires across the Sierra Nevada de Santa Marta in Colombia. Henta 16. mai 2015


    2. Collar & Salaman, 2013.


    3. Birdlife International, 2015.




    Bakgrunnsstoff |




    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blåskjegghjelmkolibri







    Popular posts from this blog

    What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

    Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

    Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...