Sara Nordenstam Innhaldsliste Meisterskapsmedaljar | Merittar | Noregsrekordar | Referansar |...
EinskildkvinnerFødde i 1983Norske symjararIdrettsutøvarar frå OsloNorske deltakarar under sommar-OL 2008Norske deltakarar under sommar-OL 2012Symjarar under sommar-OL 2012
symjarLyckseleSverigeOlympiatoppenLambertseter SvømmeklubbUSAreklamemarknadsføringbachelorgradarLambertseterOsloSommar-OL 2008
Sara Nordenstam | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. februar 1983 Lycksele |
Idrett | svømming |
Yrke | symjar |
Sara Nordenstam (fødd 28. februar 1983) er ein norsk symjar fødd i Lycksele i Sverige.
Sara Nordenstam flytta med familien til Noreg då ho var ti år, og fekk sidan norsk statsborgarskap. I Aftenposten 16.8.08 skriv Mette Bugge at ho vart norsk statsborgar i 1994, i same artikkel står det med NTB, Olympiatoppen, som kjelde at ho vart norsk statsborgar for fire år sidan (dvs. i 2004). Ho tevlar for Lambertseter Svømmeklubb der ho òg har ein administrativ jobb. Nordenstam har studert i USA i fire år, med faga reklame og marknadsføring. Ho har to bachelorgradar. Ho er busett på Lambertseter, Oslo, og er ugift.
Sara Nordenstam tok bronsjemedalje med ny europarekord på 2.23.02 og på 200 meter bryst under Sommar-OL 2008 i Bejing.
Innhaldsliste
1 Meisterskapsmedaljar
2 Merittar
3 Noregsrekordar
4 Referansar
Meisterskapsmedaljar |
Olympiske leikar | |||
---|---|---|---|
Medalje | Tevling | År | Stad |
Bronsje | 200 m bryst | Sommar-OL 2008 | Beijing |
Merittar |
- Bronsje på 200 m bryst i Sommar-OL 2008
- Fire fjerdeplassar fra EM
- Seksten NM-gull
- Tretten NM-sølv
- Åtte NM-bronsar
- To kongepokalar (2004, 2008)
- Finale i VM i Moskva 2000
- To EM-sølv som junior
Noregsrekordar |
Tevling | Resultat | Stad | Dato |
---|---|---|---|
200 m bryst | 2.23.02 | Beijing, Kina | 15. august 2008 |
200 m IM | 2:17.36 | Barcelona, Spania | 11. juni 2008 |
400 m IM | 4:40.28 | Beijing, Kina | 9. august 2008 |