Al-Sukhnah Historie | Økonomi | Kjelder | Navigasjonsmeny34°53′12.5″N...


Busetnader i Tadmur-distriktetByar i Syria


arabiskSyriaHoms guvernementHomsDen syriske ørkenenMayadinal-Asharahal-Taybahal-RaqqahSalamiyahArak i SyriaTadmurPalmyrasunnimuslimarRashidun-armeenKhalid ibn WalidArakmuslimskeYaqut al-HamawiDen syriske ørkenenDamaskusIbn Batutakristnebeduin'AnizzahkamelaralkaliskDeir ez-Zornaturgass




Koordinatar: 34°53′12.5″N 38°52′19.5″E






































al-Sukhnah

السخنة
landsby
Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Homs

Distrikt

Tadmur

Nahiyah

Al-Sukhnah

Høgd
460 moh.
Koordinatar

34°53′12.5″N 38°52′19.5″E

Folketal
16 173 (2004)





Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Al-Sukhnah (arabisk السخنة) er ein by aust i Syria i Homs guvernement, aust for Homs i Den syriske ørkenen. Av stader i nærleiken finn ein Mayadin og al-Asharah i aust, al-Taybah og al-Raqqah i nord, Salamiyah i vest, Arak i Syria og Tadmur (Palmyra) i sørvest.


I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Sukhnah eit folketal på 16 173 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Sukhnah nahiyah («underdistrikt») som består av seks stader med eit samla folketal på 21 880 i 2004.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg sunnimuslimar.[2] Al-Sukhnah har trekt til seg hundrevis av innbyggjarar frå nærliggande landsbyar dei siste hundreåra[3] og er i dag eit senter for naturgassindustrien.



Historie |


I 634, då Rashidun-armeen til Khalid ibn Walid erobra Arak, tok al-Sukhnah imot den muslimske styrken i fred, då dei høyrte om dei generøse overgjevingsvilkåra som vart gjevne i Arak.[4]


I 1225 vart al-Sukhnah skildra av den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi som «ein liten by i Den syriske ørkenen, mellom Tadmur og 'Urd og Arak. Utanom kjelda finst her palmar. Han ligg ved vegen til Damaskus frå ar-Raqqah, og du kjem til han før du når Arak.» Midt på 1300-talet skreiv Ibn Batuta at al-Sukhnah var «ein vakker by», med hovudsakleg kristne innbyggjarar. Han noterte at al-Sukhnah fekk namnet sitt frå varmekjeldene her og at det var bad i byen.[5]


På 1600- og 1700-talet vart al-Sukhnah eit viktig handelssenter i Den syriske ørkenen for innbyggjarane i nærliggande landsbyar og forskjellige beduin-stammer.[3] Særleg var Sawakhina («folket frå al-Sukhnah») viktige i handelen med 'Anizzah-føderasjonen. I motsetnad til dei fleste beduingruppene hadde ikkje 'Anizzah økonomiske forhold med landsbyane i det indre av Syria og handelen deira med al-Sukhnah var unik. 'Anizzah handla kamelar, hestar, alkalisk oske og lêr, medan handelsfolk frå al-Sukhnah selde kveite, klede, våpen og reiskapar.[6] Midt på 1800-talet vart byen mindre viktig etter kvart som Deir ez-Zor vart viktigare. På 1900-talet og fram til i dag har Sukhnah halde fram å fungere som handelssenter for området.[3]



Økonomi |


Innbyggjarane i Sukhnah var knytte til forskjellige stammer i regionen gjennom forskjellige hierarkiske økonomiske band. Dei betalte avgift på kornavlingane til Sba'a, som til gjengjeld verna handelen deira. Dei gav òg saueflokkane til 'Umur og Hadidiyin. Til alle desse stammene gav innbyggjarane i al-Sukhnah korn, klede og forskjellig utstyr, medan dei attende fekk fe-produkt som dei kunne selje i dei store syriske byane.[3] I dag har al-Sukhnah blitt eit lite industrisenter for naturgass.[7]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Al-Sukhnah» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Akram, A. I. (1970). The Sword of Allah, Khalid Bin al-Waleed: His Life and Campaigns. National Publishing House. 


  • Douwes, Dick (2000). The Ottomans in Syria: a history of justice and oppression. I.B. Tauris. ISBN 1860640311. 


  • Gibb, H. A. R. (2003). The Encyclopedia of Islam. BRILL. s. 157. ISBN 9004106332. 


  • Mundy, Martha; Musallam, Basim (2000), Transformation of Nomadic Society in the Arabic East, Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-77057-6 .


  • Smith, Eli; Robinson, Edward (1841), Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3, Crocker and Brewster 


  • le Strange, Guy (1890), Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund .





  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)


  2. Smith, 1841, s. 174.


  3. 3,03,13,23,3 Mundy and Musallam, 2000, s.126-129.


  4. Akram, 1970, s. 321-322.


  5. le Strange, 1890, s.539.


  6. Douwes, 2000, s. 39-40.


  7. Gibb, 1996, s. 231.










Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...