Bay of Plenty Innhaldsliste Sjølve havbukta | Regionen | Referansar | Bakgrunnsstoff |...


Bay of PlentyRegionar på New ZealandStadnamn av engelsk opphav


maoriregionNordøyaNew ZealandTaurangahalvøyaCoromandel PeninsulaCape RunawayåsrekkjeneKaimaiMamaku RangesRotoruaKawerauMuruparaøyerMayor Island/TuhuaMotiti IslandWhale IslandvulkanenWhakaari/White IslandJames Cooknovember1769observasjonanePoverty Bayfolketeljinga20062011māoriarTaurangaRotoruaWhakatane19892007Te PukeKawerauKatikatiOpotikiJordbrukturismegeotermisketropiskCkiwiepleavocadotømmersauehaldmjølkeproduktkjøtstorfeVegnettettransportJarnvegslinjerWaikatoregionengods



















































Bay of Plenty
Bay of Plenty Regional Council

Land:

Flag of New Zealand.svgNew Zealand

Position of Bay of Plenty.png


Regionstyre
Namn: Environment Bay of Plenty
Leiar:
John Cronin
Folketal: 262,900
Estimert juni 2006
Areal: 12 277 km²
Heimeside:
http://www.envbop.govt.nz
Større og mindre byar
Større byar:
Tauranga, Rotorua, Whakatane
Mindre byar:
Te Puke, Taneatua, Edgecumbe, Opotiki, Kawerau, Murupara, Ohope, Matata, Maketu, Mount Maunganui, Ngongotaha
Distrikt
Namn:
Tauranga City
Del av Rotorua District
Whakatane District
Western Bay of Plenty District
Kawerau District
Opotiki District
Del av Taupo District
Heimesider:
http://www.tauranga.govt.nz
http://www.rdc.govt.nz
http://www.whakatane.govt.nz
http://www.wbopdc.govt.nz
http://www.kaweraudc.govt.nz
http://www.odc.govt.nz

Bay of Plenty (maori Te Moana-a-Toi), ofte avkorta til BoP, er ein region på Nordøya på New Zealand, eit landområde som ligg innanfor havbukta med same namn. Den største byen i Bay of Plenty er Tauranga, i den vestlege delen.




Innhaldsliste






  • 1 Sjølve havbukta


  • 2 Regionen


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Sjølve havbukta |




Bay of Plenty


Bukta strekkjer seg frå basis av halvøya Coromandel Peninsula i vest til Cape Runaway i aust. Området er avgrensa av åsrekkjene Kaimai og Mamaku Ranges mot vest, og strekkjer seg innover i landet til dei sparsamt busette skogområda kring Rotorua, Kawerau og Murupara.
Fleire øyer ligg ute i bukta, mellom desse Mayor Island/Tuhua, Motiti Island, Whale Island og, mest kjend, den aktive vulkanen på øya Whakaari/White Island.


Bukta vart namngjeven av kaptein James Cook ein gong i november 1769. Cook gav henne namnet Bay of Plenty («overflodsbukta») etter at han la merke til dei overveldande matlagra i fleire māorilandsbyar han vitja langs kysten; i sterk motsetning til dei observasjonane han tidlegare hadde gjort i Poverty Bay («fattigdomsbukta»).



Regionen |




Kart over folketettleiken i Bay of Plenty ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.


Regionen hadde ved folketeljinga i 2006 eit folketal på 257 379 [1], som ein stipulerer vil auka til 277 900 i året 2011. Av innbyggjarane rekna 28% seg som etniske māoriar. 23% var under 15 år, og 3,9% utan arbeid.[1]
To byar dominerer Bay of Islands: Tauranga (folketal 103 635)[1] og Rotorua (folketal 65 901)[1]. Som eit kompromiss mellom byane, vart byen Whakatane i 1989 vald til sete for regionstyret. I 2007 vart det likevel bestemt at Tauranga skulle ta over denne rolla.[2]. Andre byar i regionen omfattar Te Puke, Kawerau, Katikati og Opotiki. Jordbruk og turisme er dei to hovudnæringsvegane i regionen, og det geotermiske området kring Roturoa er eit populært turistmål.


Regionen er skogkledd, mykje av skogen er kommersielt planta og ivareteken, og det er dessutan eit utstrekt jordbruk i området. Klimaet i kystsona er nesten tropisk, både fuktig og varmt året rundt. I innlandet derimot, kring Roturoa, er gjennomsnittstemperaturen generelt sett 2°C kjøligare. Viktige produkt er kiwi, eple, avocado og tømmer. Som i det meste av New Zealand er sauehald vanleg, men produksjon av mjølkeprodukt og kjøt frå storfe er i aukande grad i ferd med å overta for sauehaldet.


Vegnettet har vorte utbygd i aukande grad, særskilt vest i Bay of Plenty, på grunn av tiltakande vegtransport av tømmer til hovudhamna i Tauranga. Jarnvegslinjer går mellom Tauranga og Waikatoregionen og til den austlege delen av bukta, men desse fraktar berre gods.



Referansar |





  1. 1,01,11,21,3 Statistics New Zealand, folketeljinga i 2006


  2. Environment Bay of Plenty




  • Denne artikkelen bygger på «Bay of Plenty» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2008.



Bakgrunnsstoff |


















Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...