Theodore Gill Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyBiografi ved Smithsonian...
EinskildmennFødde i 1837Døde i 1914USA-amerikanske zoologarFolk frå New York City
25. september1914Washington21. mars183725. september1914fiskeforskarNew YorkUSAprofessorzoologiGeorge Washington UniversityWashington, D.C.iktyologitaksonomfamiliarordenarepåletthaiarsabeltannkattarfurespissmusmanatartangsprellfamilienhysekirurgfiskkortnasa ålbarracuda
Theodore Gill | |
Fødd | 21. mars 1837 New York by |
Død | 25. september 1914 |
Yrke | bibliotekar, zoolog, akademikar, iktyolog, faglitterær forfattar, skribent, malacologist |
Theodore Gill på Commons |
Theodore Nicholas Gill (21. mars 1837–25. september 1914) var ein fiskeforskar frå New York i USA. Gill var professor i zoologi ved George Washington University i Washington, D.C.
Theodore Gill gav ut meir enn 500 vitskaplege artiklar, dei fleste innan iktyologi, men frå 1870-åra studerte han også andre dyretypar. Han var akta som taksonom og klassifiserte særleg familiar og ordenar.
Gill skildra mellom anna familiane epåletthaiar (Hemiscyllidae) i 1862, sabeltannkattar (Machairodontinae), furespissmus (Solenodontidae) og manatar Trichechidae i 1872 og tangsprellfamilien (Pholidae) i 1893; slekta hyse (Melanogrammus) i 1862; og artane gulhala kirurgfisk (Prionurus punctatus) i 1862, kortnasa ål (Simenchelys parasitica) i 1879, Lucas-barracuda (Sphyraena lucasana) i 1863.
Bakgrunnsstoff |
Biografi ved Smithsonian Institute (engelsk)
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|