Gjøvik Innhaldsliste Næringsliv | Samferdsle | Utdanning | Sjå òg | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


Gjøvik kommuneTettstader i OpplandByar i Oppland


Gjøvik kommuneOppland fylkeTotenNTNUHøgskolen i GjøvikMustad fabrikkerHOFF Norske PotetindustrierHunton fiberOppland ArbeiderbladSamhold/VelgerenGjøviks BladSøndreNordre Land kommuneØstreVestre Toten kommuneHadelandGranJevnakerLunnerValdresFylkesveg 33E6MinnesundRiksveg 4BiriRaufossGjøvikbanenendestasjonMjøsbruaGjøvik videregående skoleNTNU














































Gjøvik

By

Gjøvik sett fra Nordlia.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland

Kommune

Gjøvik

Areal
12,56 km²

Folketal
20 112 (2017)
Folketettleik

1 601 / km²


Innbyggjarnamn
gjøvikensar/-er
Preposisjon

Gjøvik




Gjøvik rådhus


Gjøvik er ein by og administrasjonssenteret i Gjøvik kommune i Oppland fylke. Byen har 20 112 innbyggjarar per 1. januar 2017.




Innhaldsliste






  • 1 Næringsliv


  • 2 Samferdsle


  • 3 Utdanning


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Næringsliv |


Gjøvik er forretningssentrum for Toten og store delar av Vestoppland, og har sjukehus og universitet (no NTNU, tidlegare Høgskolen i Gjøvik).


Mustad fabrikker, HOFF Norske Potetindustrier og Hunton fiber held til i Gjøvik. Viktige industrigreiner er særleg jarn- og metallindustri og trevarer. Mustad er i dag kjent som den største fiskekrokprodusenten i verda.


Den lokale avisa er Oppland Arbeiderblad og ho har hatt monopol i Gjøvik sidan Samhold/Velgeren gjekk inn i 1998. I 2002 vart Gjøviks Blad etablert som gratisavis i kommunen.



Samferdsle |


Gjøvik er knutepunkt og sentrum for samferdsle for ein innbyggjarmasse som tel nærare 100 000 menneske. Innpendlingsområdet gjeld i første rekke kommunane Søndre og Nordre Land kommune, i tillegg til Østre og Vestre Toten kommune. Gjøvik er nærmaste by og kommunikasjonssenter for folket i Hadeland (Gran, Jevnaker og Lunner) og Valdres. Fleire samferdselsårar går gjennom byen. Fylkesveg 33 bind Gjøvik med E6 ved Minnesund. Riksveg 4 går gjennom byen og møtest av E6 midt i Gjøvik kommune mellom Redalen og Biri. I sørleg retning knyter vegen Gjøvik til Raufoss (Vestre Toten) og Gran (i Hadeland). Gjøvikbanen har endestasjon midt i Gjøvik sentrum. Grunnlaget for ferjesambandet Gjøvik-Mengshol vart borte etter at Mjøsbrua vart opna.



Utdanning |


Gjøvik videregående skole vart etablert i 2005 som ei samanslutning av Tranberg vgs. (Allmenfag og musikk, dans, drama), Gjøvik vgs. (Yrkesfag) og Bondelia vgs. (Helse og sosialfag, hudpleiefag og medium og kommunikasjon). I august 2007 vart dei tre skulane samlokaliserte i eit nytt, moderne bygg like ved Gjøvik sjukehus, i kvartalet mellom Ludvig Skattumsgt., Austeens veg og Gravlundvegen.


NTNU campus Gjøvik ligg sørvest for Gjøvik sentrum og tilbyr høgre- og lægregradsstudiar innan helse og teknologi.



Sjå òg |



  • Gjøvik kommune

  • Tettstader i Oppland



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Gjøvik» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2011.



  • «Gjøvik – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff |


  • Gjøvik kommune



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...