Sigmund Ongul Notar | Referansar | Bakgrunnsstoff |...


SkaldarFolk frå norrøn tid


norrøntskaldOrknøyaneManOrknøyingasogaongulManbretskSvein ÅsleivssonRagnvald Kale Kolssonpilegrimsferdadet heilage landetOrknøyingasogaGaliziaJordanelva







Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletstein på Gotland)


Sigmund Ongul Andrésson (norrønt: Sigmundr ǫngull Andrésson) var ein skald som levde på 1100-talet på Orknøyane. Truleg var han fødd på Man.


Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga[1] (kap. 78 og 87). Bakgrunnen for tilnamnet hans er ikkje kjent, men ordet «ongul» tyder angel i tydinga fiske-krok.
Far hans var ein gjæv mann frå Man og mor hans var Ingerid Torkjellsdotter. Omkring 1139 vart faren drepen av ein bretsk[2] hovding som herja på øya. Ingerid vart då gift med Svein Åsleivsson[Note 1] som dermed vart stykfar til Sigmund.


Saman med mora og stykfaren, kom Sigmund etter ei tid til Orknøyane. Både sogeteksten og dei dikta som er kjende etter han, tyder på at han seinare hadde eit nært tilhøve til Ragnvald Kale Kolsson jarl (St. Ragnvald).


Sigmund Ongul var med i pilegrimsferda som Ragnvald jarl gjorde i 1151 til det heilage landet. I Orknøyingasoga er det nemnt at han var med jarlen då dei erobra eit kastell i Galizia, og han gjorde då ei vise[3] om bragden. Seinare, i det heilage landet, sumde han saman med jarlen over Jordanelva. Dei knytte nokre «knutar» i krattet som prov på at dei hadde vore der. Jarlen kvad først eit dikt om «hendinga» og Sigmund Ongul gjorde deretter dette verset[4]:








Knút munk þembiþrjóti

þeim, es nú sitr heima,

— satts, at heldr hǫfum hættan

hans kind —

í dag binda.




Eg knyter ein knut i dag

for karan', som heime sit.

Sanneleg, herfolket hev me

hardt i fåren våga.

(norsk omsetjing: frå Orknøyingasoga[1])




Det er ikkje kjent korleis det gjekk med Sigmund Ongul etter pilegrimsferda, og ein veit heller ikkje når han døydde.



Notar |




  1. Svein Åsleivsson levde i tida om lag 1115-1171. Han er ein av hovudpersonane i den siste delen av Orknøyingasoga, i forteljingane om Ragnvald Kale Kolsson jarl og Harald Maddadsson jarl. Han er blitt kalla «den siste viking» (P. A. Munch).



Referansar |





  1. 1,01,1 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)


  2. Bretland Store norske leksikon


  3. Lausavise av Sigmund Ongul – om erobringa av kastellet i Galizia


  4. Lausavise av Sigmund Ongul – ved Jordanelva




Bakgrunnsstoff |




  • Svein Åsleivsson Norsk Biografisk Leksikon, bind 15


  • Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning (B side 512) av Finnur Jónsson




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...