Doraditoar Skildring | Artslista | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


Tyrannfamilien


biologisk slektsporvefuglartyrannfamilienSør-AmerikaColombiaArgentinaAndestikkedoraditostillehavskystenduskdoraditoVenezuelaGuyanaTrinidadBoliviaBrasilparulaerAndesdoraditoargentinadoraditokjønnsdimorfismetakrøyrvegetasjonstandfuglaustralmigrantarEBird/Clements Checklist



































Doraditoar



Duskdoradito, Pseudocolopteryx sclateri Foto: Cláudio Dias Timm
Duskdoradito, Pseudocolopteryx sclateri
Foto: Cláudio Dias Timm


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Passeriformes

Familie:

Tyrannidae
Slekt:
Pseudocolopteryx

Vitskapleg namn
Pseudocolopteryx
Lillo, 1905


Doraditoar er ei biologisk slekt, Pseudocolopteryx, av fem artar sporvefuglar. Gruppa er medlem av tyrannfamilien, Tyrannidae. Alle artane i slekta har leveområdet sitt innanfor Sør-Amerika, samla sett frå sentrale Colombia i nord, sør til sentrale Argentina, aust for Andes. Dessutan lever tikkedoradito i isolerte leveområde ved stillehavskysten, og duskdoradito i avgrensa, isolerte lokalitetar spreidd i Venezuela, Guyana, Trinidad, Bolivia og austlege Brasil.



Skildring |


Dette er fem mykje like artar i utsjånad, alle har olivengrøn eller brun overside med gul underside, og kan minne om parulaer i brunt og gult. Duskdoradito skil seg med antyding til fjørtopp på hovudet og ei svak midtstripe, samt to lyse vengband. Andesdoradito har ei klår olivengrøn overside av hovud, skulder og rygg, og manglar vengband. Kroppsform og storleik er mykje einsarta, eins kroppslengd er på ca. 11 centimeter, vekt på opptil ca. 10 til 11 gram, men tikkedoradito er marginalt større og kraftigare enn t.d. songdoradito. Duskdoradito og argentinadoradito syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, hoene er her litt meir avdempa og mindre kontrastfylte i farger.


Habitatet deira er fuktige og i tett takrøyrvegetasjon, eller anna tett gras ved vatn. Andesdoradito kan leve nokså høgtliggande, dei andre lever lågt, og typisk under ca. 500 moh. Dei er insektetarar.


Duskdoradito er ein standfugl, somme sørlege populasjonar av dei andre doraditoartane kan vere australmigrantar, det vil seie dei rører seg nordover vinterstid.



Artslista |


Doraditoar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]




  • Duskdoradito, Pseudocolopteryx sclateri, Crested Doradito, Oustalet, 1892, (LC)


  • Andesdoradito, Pseudocolopteryx acutipennis, Subtropical Doradito, Sclater, PL & Salvin, 1873, (LC)


  • Argentinadoradito, Pseudocolopteryx dinelliana, Dinelli's Doradito, Lillo, 1905, (NT)


  • Songdoradito, Pseudocolopteryx flaviventris, Warbling Doradito, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)


  • Tikkedoradito, Pseudocolopteryx citreola, Ticking Doradito, Landbeck, 1864, (LC)



Kjelder |


  • del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Oppslag på artar i Pseudocolopteryx, Lynx Edicions, Barcelona. Henta 10. september 2018

Referansar




  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Doraditoar








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...