Rikard Bruk | Kjende namneberarar | Kjelder | NavigasjonsmenyStatistisk Sentralbyrå
MannsnamnFørenamn av gammalhøgtysk opphav
mannsnamngammalhøgtysk7. februar
Rikard og Richard er mannsnamn med opphav i gammalhøgtysk Richart, sett saman av ric som tyder 'mektig' og hart som tyder 'hard' eller 'modig'.
Rikard har norsk namnedag den 7. februar.
Bruk |
Richard er eit utbreidd namn i engelskspråklege land, og har ei rekkje kortformer, som Rick, Rich, Dick, Dickie,
Namnet kjend i Noreg frå 1300-talet. I nyare tid har det vore mest brukt på 1970-talet, då rundt 0,25 % av nyfødde gutar blei kalla Richard. Richard er den mest utbreidde skrivemåten i Noreg, med 3 018 brukarar i 2009. 501 heitte Rikard.
Kjende namneberarar |
Rikard I av Normandie (932-996), greve av Normandie
Rikard Løvehjerte (1157-1199), engelsk konge
Rikard III av England (1452-1485), engelsk konge
Richard Stockton (1764-1828), senator i USA
Richard Wagner (1813-1883), tysk komponist
Richard Dadd (1817–1886), engelsk målar
Rikard Nordraak (1842–1866), norsk komponist
Richard With (1846–1930), norsk forretningsmann
Rikard Berge (1881–1969), norsk konservator og folkeminnegranskar
Richard Hüttig (1904-1934), tysk kommunist
Richard Herrmann (f. 1919), norsk forfattar og mediemann
Richard Nixon, (1913-1994), amerikansk president
Richard Gendall (f. 1924), engelsk kornisk språkforskar
Little Richard (f. 1932, døypt Richard Wayne Penniman), amerikansk songar
Richard Dawkins (f. 1941), britisk vitskapsmann
Richard Wright (1943–2008), britisk musikar
Richard Gere (f. 1949), amerikansk skodespelar
Richard Dean Anderson (f. 1950), amerikansk skodespelar, best kjend som MacGyver
Richard Stallman (f. 1953), amerikansk programmerar og grunnleggjar av GNU-prosjektet- Richard Fabian Stang (f. 1955), norsk lokalpolitikar
Kjelder |
- Delar av denne artikkelen bygger på «Rikard» frå Wikipedia på bokmål, den 7. februar 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Rikard hjå Statistisk Sentralbyrå