Plutomånen Kharon Innhaldsliste Historie | Utforsking og geologi | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...
PlutomånarHimmellekamar oppdaga i 1978
småplanetnemningPlutonitrogenisjorddøgerbunden rotasjondiameterdobbel(dverg)planetplanetmåneJames W. ChristyKaronHadesPlutoNew Horizons
Kharon fotografert av New Horizons-romsonden 13. juli 2015. | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | James W. Christy |
Oppdagingsdato | 22. juni 1978 |
Nemningar | |
Småplanetnemning | (134340) Pluto I |
Namnsett etter | Kharon |
Baneskildring | |
Stor halvakse | 19 405 km |
Eksentrisitet | 0,0 |
Baneperiode | 6 dagar 9 timar 18 minutt |
Banehelling | 99,089° |
Satellitt av | Pluto |
Fysiske eigenskapar | |
Snittdiameter | 1 172 km |
Masse | 1,90·1021kg |
Overflategravitasjon | 0,368 m/s2 |
Rotasjonsperiode | synkron |
Aksehelling | ukjend |
Albedo | 0,37 |
Kharon, Karon eller Charon (småplanetnemning (134340) Pluto I) er ein av dei fem kjende månane til dvergplaneten Pluto. Medan Pluto er dekt av frose nitrogen, trur ein Kharon er dekt av vanleg vassis.
Kharon går rundt Puto på eitt plutodøger, som tar 6,387 jorddøger. Dei to objekta er i bunden rotasjon med kvarandre, slik at dei alltid har den same sida vendt mot kvarandre.
Kharon har ein diameter på 1 172 km, såvidt halvparten av storleiken til Pluto. Massen er 1/7 av den til morplaneten. På grunn av den vesle forskjellen mellom dei to, kallar mange astronomar dei ein dobbel(dverg)planet heller enn ein planet og ein måne.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Utforsking og geologi
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Historie |
Kharon vart oppdaga av James W. Christy 22. juni 1978 på ei fotografisk plate der han såg at Pluto hadde ei uvanleg form.[1]
Kharon er kalla opp etter ferjemannen Karon, som frakta folk til Hades, eller Pluto sitt dødsrike i gresk og romersk mytologi. Nokre engelskspråklege forskarar uttalar namnet med ein sj-lyd heller enn ein k-lyd av di oppdagaren James Christy eigentleg namnsette Kharon etter kona si, Charlene.[1]
Utforsking og geologi |
Dei fyrste detaljerte bileta av Kharon vart tekne av romsonden New Horizons. Desse synte eit terreng som var yngre enn forskarar hadde venta. Yta til Kharon hadde fleire kløfter, grøfter og relativt få krater. Ei av kløftene er estimert til å ha ei djupn på 7-9 kilometer.[2]
I nordpolregionen til Kharon er det eit stort og mørkt raudbrunt område av uvisst opphav[2][3], uoffisielt kalla Mordor.[3]
Eitt av nærbileta til New Horizons synte eit større fjell i eit søkk i terrenget («fjell i vollgrav»), noko som forskarane på det vitskaplege laget til sonden ikkje utan vidare kunne tyda.[4]
Kjelder |
↑ 1,01,1 An interview with Jim Christy: How "defective" images revealed Pluto as a double planet - Astronomy Magazine
↑ 2,02,1 Charon’s Surprising, Youthful and Varied Terrain - NASA
↑ 3,03,1 [http://www.nature.com/news/pluto-s-massive-mountains-hint-at-geological-mysteries-1.17986 Pluto’s massive mountains hint at geological mysteries
↑ New Horizons Close-Up of Charon’s ‘Mountain in a Moat’ - NASA]
Bakgrunnsstoff |
|