Reinsnos Historie | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyOm den merka fotturruta...


Odda kommune


Odda kommuneHordalandLåtefossenOddadalenHardangerviddaAustdøloReinsnosvatnetbautasteinenødejordmellomalderen



























Reinsnos
stad
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Odda



Postnummer
5763 SKARE


Reinsnos er ei fjellgrend i Odda kommune i Hordaland.


Ved den kjende Låtefossen i Oddadalen går eit dalføre austetter og inn i Hardangervidda. Gjennom det vide og skogkledde landskapet renn Austdølo. Elva kjem frå det store Reinsnosvatnet (597 moh) om lag seks km oppe i dalen. Frå Vassenden strekkjer vatnet seg nye fem km inn gjennom dalføret. Her ligg fjellgardane Reinsnos.


I enden av Ljosavatnet i Reinsnos ligg Foss. Her står ein bautasteinen, kjend som «Mælesteinen». Om lag 20 meter frå steinen kan ein sjå omrisset av eit to-roms hus. Under "landnåmstida" i yngre jarnalder har truleg folk teke Foss i bruk. Foss ligg sørvend og er einaste staden i Reinsnos der sola skin heile året. Her er parti med sjølvdrenerande jordsmonn - veleigna til kornavl. Foss er drivande - og under siste verdskrigen nytta Olav L. Reinsnos Foss til tobakksplantene sine. Han fekk også "tidleg-potet" på Foss.


Lenge vart Foss nytta som utslåtte av folket i Reinsnos. [treng kjelde]



Historie |


Reinsnos er nemnt som «ødejord» i skriftlege kjelder frå 1600-talet, noko som viser at staden var busett i mellomalderen.


I same familie sidan 1750


I 1750 kom Johannes Nilsson og kona Kristi Halvorsdtr. til Reinsnos. Då hadde Anders Rolfsson budd her i over 40 år (1704) og var ein gamal mann. Kona var død (1749) og borna hadde reist frå fjellgrenda. Somme slo seg ned i Odda, andre drog til Sunnhordland. Garden låg open for ny bygsling. Det var kongen sin eigedom. Sidan mellomalderen hadde fjellgarden høyrt til Halsnøy kloster i Sunnhordland.


Johannes og Kristi hadde budd fleire år i Vinje i Telemark. I K.b. for Vinje har presten Heijberg ført inn: "D. 5te Maij 1743 Johannes Nilssøns Søn Nils, Testes Jomfrue Heijberg, Signe Torbiørnsd, Asle Flaat-hyll, Are og Tosten Winnie. Året etter får Johannes og Kristi andre barnet sitt medan dei er i Vinje: "D. 20 Septbr 744 døbt Johanes Gisløses Dater Gunil, Test Sigri Edland Signe Winnie" (K.b. Vinje). Johannes er nemnt "Gisløs", noko som samsvarar med opplysningane dei gamle i Reinsnos gav (1986) om at familien kom frå Gjøsløys i Vinje.
Før Johannes og Kristi drog "nord" (vestover), fekk dei enno eit barn i Vinje: "D. 15de Febr 1747 døbt Johanes Nilssøns Barn Test: Sigri Edland Christi Edland og Ole Olssøn Edland" (K.b. Vinje).


Allereie året etter er Johannes og Kristi flytta frå Vinje. I november 1748 er dei til alters i Odda, og i ferbruar 1749 får dei eit gutebarn. Den vesle vart heimedøypt "..formedelst Legemets Svaghed strax effter Fødselen... og kaldet Halvor..". Guten døydde etter seks dagar: "Søndagen æffter Mid Faste d. 23 Martij blev i Odde Kirke holdet en Ligtale over Johannes Niels Søn Sellistad sit DrengebarnHalvor der strax æffter sin hiemmedøbelse døde 6 Dage gammel" (K.b. Odda).
28. september 1749 er Johannes og Kristi igjen til alters i Odda: "Johannes Sellistad og K." (K.b. Odda). Sommaren etter var dei på plass i Reinsnos.


Krist Halvorsdtr. var frå Gjøsløys i Vinje. Far hennar var Halvor Sigvaldson Gjøsløys og Gunnhild Halvorsdtr. Midtveit. Johannes var frå Håra i Røldal. Far hans var Nils Johannesson Bratland. Truleg vart dei gifte i Røldal i 1740 eller 1741. Kyrkjebøkene for Røldal, Suldal og Sauda vart øydelagde i ein lauseld på prestegarden i Suldal juletider 1773 (Knut og Alma Dalen: Bygdebok for Røldal). Kyrkjeboka for Vinje nemner dei ikkje som gifte.



Kjelder |



  • Knut og Alma Dalen: Bygdebok for Røldal

  • Kyrkjeboka for Vinje

  • Kyrkjeboka for Odda



Bakgrunnsstoff |


  • Om den merka fotturruta Middalsbu-Reinsnos på nettstaden til Den Norske Turistforening



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...