Marmarita Innhaldsliste Etymologi | Historie | Turisme | Transport | Terrorisme | Kjelder |...
Busetnader i Talkalakh-distriktetLandsbyar i Syria
arabiskgammalsyriskgresk-ortodokslandsbySyriaWadi al-NasarahTalkalakhHoms guvernementLatakia guvernementStatistisk sentralbyrå i SyriasyriskeAkkarplatåetMiddelhavetArabisk leksikonLibanonHauranslettafønikiskKrak des ChevaliersUNESCOTartusHomsBassel al Assad internasjonale flyplassBeirut internasjonale flyplassLibanonDamaskus internasjonale flyplassDen frie syriske armeenal-Nusra FrontJund al-Sham
Marmarita | |
مرمريتا | |
landsby | |
Land | Syria |
---|---|
Guvernement | Homs |
Distrikt | Talkalakh |
Nahiyah | Al-Nasirah |
Koordinatar | |
Folketal | 2 206 (2004) |
Tidssone | EET (UTC+3) |
Marmarita (arabisk مرمريتا, gammalsyrisk ܡܪܡܪܝܬܐ, Marmarītā) er ein gresk-ortodoks landsby nordvest i Syria. Marmarita er ein av dei største landsbyar i Wadi al-Nasarah («Dalen til dei kristne»), ein region nord for Talkalakh. Han er òg ein populær sommardestinasjon og turistdestinasjon i Syria. Landsbyen har vore ein del av Homs guvernement sidan 1953, og var før det ein del av Latakia guvernement. I 2004 hadde Marmarita eit folketal på 2 206, i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS),[1]
Innhaldsliste
1 Etymologi
2 Historie
3 Turisme
4 Transport
5 Terrorisme
6 Kjelder
7 Bakgrunnsstoff
Etymologi |
Namnet Marmarita trur ein kjem frå det syriske ordet Marmanitha, som tyder 'ein stad med utsyn', og syner truleg til plasseringa til Marmarita oppom Akkarplatået og Middelhavet.[treng kjelde]Arabisk leksikon indikerer at namnet «Marmarita» kjem frå det syriske ordet Marmarato, som tyder «gud av gudar»
Historie |
Marmarita vart busett tidleg på 1600-talet av fire bondefamiliar frå Libanon og Hauransletta. Desse familiane bygde tre kyrkjer (St. Johannes, St. Saba og St. Boutros) som framleis står i utkanten av landsbyen.[treng kjelde] Ei lokal segn indikerer at landsbyen var busett så tidleg som på 500-talet fvt., men vart øydelagd av eit vulkanutbrot.[2] Det finst ingen spor etter ein tidlegare fønikisk busetnad her.
Turisme |
Marmarita er omgjeve av ruinar og historiske stader. Dei mest kjende av desse er Krak des Chevaliers (òg kalla «Qal'at al-Ḥiṣn»), ei krossfararborg bygd av Johanittarordenen frå Jerusalem frå 1142 til 1271. Borga er rekna som ei av dei best bevarte mellomalderborgene i verda av UNESCO.[3]
Det årlege Karnevalet i Marmarita kom i gang i 1980 og består av ein prosesjon av kjøretøy og dansarar i kostyme.[treng kjelde].
Folketalet i Marmarita varierer stort med årstida, frå 2 500 om vinteren, til 25 000 til 30 000 om sommaren, då mange kjem hit på ferie.[1][1]
Transport |
Marmarita ligg kring 13 km nord for motorvegen M1, kring halvvegs mellom Tartus og Homs.
Dei næraste flyplassane til Marmarita er Bassel al Assad internasjonale flyplass (LTK) i Syria (93 km), Beirut internasjonale flyplass (BEY) i Libanon (163 km) og Damaskus internasjonale flyplass (DAM) i Syria (196 km).
Terrorisme |
Den 17. august 2013 kom det meldingar om at terroristar hadde drepe og skadd syriske kristne i Marmarita og nabobyen Al-Hasn, under den religiøse høgtida kalla «Hensovinga til Theotokos».[4] Ein trudde at Den frie syriske armeen eller al-Nusra Front var ansvarleg, men Jund al-Sham (soldatar av Levanten) tok seinare på seg ansvaret.[5]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Marmarita» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,11,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
↑ "A palaeomagnetic study of Upper Pliocene volcanic rocks in the area of the Levant Fault near Homs, western Syria», Geofísica Internacional (2005), Vol. 44, Num. 3, s. 221-230
↑ "World heritage List Crac des Chevaliers and Qal’at Salah El-Din» http://whc.unesco.org/en/list/1229
↑ http://www.syrianews.cc/terrorists-killed-syrian-christians-homs/
↑ http://orontes.jimdo.com/2013/08/20/a-tragedy-on-the-feast-of-the-dormition/
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
- Informasjon om Marmarita
|