Gaston Roelants Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1937Belgiske friidrettsutøvararHinderløpararLangdistanseløpararEuropameistrar i friidrettOlympiske meistrar for BelgiaBelgiske deltakarar under sommar-OL 1960Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960Medaljevinnarar under sommar-OL 1964Belgiske deltakarar under sommar-OL 1964Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964Belgiske deltakarar under sommar-OL 1968Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968Vinnarar av Bislett-medaljenKongepokalvinnarar i friidrett


belgiskfriidrettsutøvarFlandernsommar-OL 1960Romafriidretts-EM 1962BeogradLeuvensommarleikaneTokyoeuropameisterskapenBudapestolympiske leikaneMexico-byenKenyaeuropameisterskapane1974

















Gaston Roelants

Gaston Roelants en 1964, champion olympique du 3 000m steeple à Tokyo.jpg

Fødd
5. februar 1937
Opvelp
Yrke
maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar

Gaston Roelants på Commons



Gaston Roelants i 1967


Gaston Roelants (fødd 5. februar 1937) er ein belgisk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Opvelp i Flandern. Han er best kjend som hinderløpar, men deltok også på langdistansar heilt opp til maraton. Roelants vart europameister på 3000 meter hinder i 1962 og olympisk meister i same øvinga i 1964. Han sette to verdsrekordar på 3000 m hinder, den siste i 1965 med tida 8.26,4.



Aktiv |


Roelants fekk sin meisterskapsdebut under sommar-OL 1960 i Roma. Her kom han på fjerdeplass på 3000 meter hinder. Frå august 1961 innleia han ei sigerrekke i hinderløp som skulle vare i fem år. I denne perioden vann han gullmedaljen på friidretts-EM 1962 i Beograd, og heldt fram året etter, den 7. september 1963, med å sette verdsrekord i Leuven på tida 8.29,6. I oktober 1964 sikra han seg gullmedaljen under sommarleikane i Tokyo med ei tid ned mot sin eigen verdsrekord. Han forbetra i 1965 verdsrekorden på distansen til 8.26,4, ein rekord som vart ståande i tre år.


Ved europameisterskapen i Budapest i 1966 vart Roelants sigerrekke på 3000 m hinder broten, då det vart bronsemedalje. Under dei olympiske leikane i Mexico-byen i 1968 vart han nummer sju på 3000 m hinder med tida 8.59,4, vel åtte sekundar bak olympiameisteren frå Kenya. Sidan i leikane kom han ellevteplass i maraton, i tynnlufta i Mexico brukte han over to timar og 29 minuttar.


Frå slutten av 1960-talet konkurrerte Roelants oftast på lange distansar. Han vann VM i terrengløp fire gongar; 1962, 1967, 1969 og 1972, tre gongar kom han på andreplass. To gongar sette han verdsrekord på 20 000 meter og 1 times løp. Dei siste rekordane frå 1972 var på 57.44,4 og 20 878 meter. I europameisterskapane 1969 og 1974 tok han høvesvis sølv- og bronsemedalje i maratonløp.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • OL 1960 i Roma: Nr 4 på 3000 m hinder - 8.47,6


  • EM 1962 i Beograd: Gullmedalje på 3000 m hinder – 8.32,6, framom Zoltan Vamoș (8.37,6)


  • OL 1964 i Tokyo: Gullmedalje på 3000 m hinder – 8.30,8, framom Maurice Herriott (8.32,4)


  • EM 1966 i Budapest: Bronsemedalje på 3000 m hinder – 8.28,0


  • OL 1968 i Mexico by: Nr 7 på 3000 m hinder og nr 11 i maraton


  • EM 1969 i Aten: Sølvmedalje i maraton og nr 5 på 10000 m


  • EM 1971 i Helsingfors: Nr 5 i maraton – 2.17.48,8


  • EM 1974 i Roma: Bronsemedalje i maraton – 2.16.29,6



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Gaston Roelants» frå Wikipedia på tysk, den 11. oktober 2014.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...