Campbelland Tiltak for vern | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyAnas nesiotis


Sterkt truga artarAndefamilienFuglar endemiske til New Zealand


grasandendemiskCampbelløyaneNew ZealandbronseandkoparandFjørdraktasepiarappbregnarurterpetrellartaramfipodarinsektCampbelløyabrunrotterDent IslandDepartment of ConservationCodfish IslandStewart Island/RakiuraIUCN































Campbelland

Status i verda: EN Sterkt truga


Koparand, hannfugl Foto: Wikipedia-brukar Stomac
Koparand, hannfugl
Foto: Wikipedia-brukar Stomac


Systematikk

Klasse:

Aves

Orden:

Anseriformes

Familie:

Anatidae
Slekt:
Anas

Art:

A. nesiotis

Vitskapleg namn
Anas nesiotis
Fleming,JH, 1935


Campbelland (Anas nesiotis) er ei lita, nattleg grasand av slekta Anas utan evne til å flyge. Ho er endemisk til Campbelløyane som ligg sør for hovudøyane på New Zealand. Cambelland, bronseand og koparand var tidlegare rekna som same arten. Fjørdrakta er lik drakta til bronseand, mørk sepia farge, hovudet og ryggen kan ha eit skjer av iriserande grønt, og eit kastanjefarga bryst på hannfuglen, og hoa er mørk brun over heile kroppen. Dei naturlege habitata er område med grastuer dominert av rapp, bregnar og fleirårige urter. Arten brukar òg tråkk og hòler lagd av petrellartar som hekkar på øyane. Dei er tilsynelatande territoriale i naturen, og beitar sannsynlegvis på amfipodar og insekt.



Tiltak for vern |


Opphavleg kjente ein til eksistensen av campbellender berre på Campbelløya, men innføringa av brunrotter som åtok egg og ungar, førte med seg at denne fuglearten forsvann frå øya og vart antatt å vere utdøydd. I 1975 vart arten gjenoppdaga på Dent Island, ei lita øy på 0,26 kvadratkilometer nær Campbelløya som framleis var rottefri. Populasjonen var så liten at ei einskild hending kunne ha drive arten til full utrydding. For å hindre at dette skjedde, tok Mt Bruce Wildlife Centre, Department of Conservation på New Zealand, i 1984 og i 1990 nokre ender i fangenskap. Arten vart òg sett på lista over kritisk truga artar i 1979.


I 1994 lukkast senteret i å få ei campbelland til å legge egg, etter det har hekking i fangenskap skjedd kvart år.


Ein liten bestand på 24 avla individ vart sette ut på Codfish Island ved Stewart Island/Rakiura i 1999 og 2000. På Campbelløya vart innførte dyreartar fjerna, verdas største rotteutryddingskampanje vart gjennomført i 2001, og øya vart offisielt erklært rottefrie i 2003. Femti campbellender, ei blanding av oppdretta ender frå senteret og ville akklimatisert ender frå Codfish Island, vart introdusert til Campbelløya i 2004, 2005 og 2006, totalt 159 ender, etter eit fråvere på meir enn eit hundreår. I 2011 var populasjonen trudd å vere totalt mellom 150 og 300 individ og aukande. Klassifiseringa hos IUCN vart endra frå kritisk trua (CR) til sterkt trua (EN).



Kjelder |



  • Denne artikkelen byggjer på «Campbell Teal» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2012



Referansar |





Bakgrunnsstoff |



  • BirdLife International (2012) Species factsheet: Anas nesiotis. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. august 2012.



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...