Landstads reviderte salmebok Innhaldsliste Bakgrunnen for boka | Redaksjon | Kjelder: | Bakgrunnsstoff...
SalmebøkerBøker frå 1924
salmebokgudstenesta15. februar19241926SalmebokaDen norske kyrkja19851908Gustav JensenLandstads kirkesalmebog18711915Nokre Salmar1920192215. februar19241926SalmebokforlagetAndaktsbokselskapetaltarbokabønebokpaginertversalar1957samiskeISBN 82-543-0186-7
Landstads reviderte salmebok er ei norsk salmebok, autorisert til bruk i den offentlege gudstenesta ved kongeleg resolusjon den 15. februar 1924.
Boka vart utgjeven først i 1926, under tittelen M. B. Landstads kirkesalmebok revidert og forøket. Salmeboka var ved sida av Nynorsk salmebok Den norske kyrkja si offisielle salmebok heilt fram til 1985.
Innhaldsliste
1 Bakgrunnen for boka
2 Redaksjon
3 Kjelder:
4 Bakgrunnsstoff
Bakgrunnen for boka |
Ved kongeleg resolusjon i 1908 fekk Gustav Jensen i oppdrag å gjennomføra ein revisjon av Landstads kirkesalmebog som var utgjeven i 1871. Jensen leverte sitt Forslag til en revideret Salmebok for den norske kirke i 1915. Sjølv om Jensen ville halde fast på karakteren ved Landstads salmebok, gjekk han langt i å revidere både salmeutvalet og dei einskilde salmane. Forslaget bar då heller ikkje Landstads namn.
Forslaget møtte kritikk frå fleire hald. Målfolk peikte på at 147 landsmålsalmar var for lite - den gamle Landstads salmebok med tillegget Nokre Salmar hadde 150. Andre mislikte forandringane som var gjort i gamle og kjære salmar. I 1918 vart det oppnemnd ein salmebokkomité som på grunnlag av forslaget frå Jensen la fram eit revidert framlegg, som låg nærare opp til Landstad salmebok.
Jensen utarbeidde då eit nytt framlegg som vart godkjend ved kongeleg resolusjon 8. oktober 1920. Men denne salmeboka vart ikkje teken i bruk, i staden vart det ny strid om revisjonen. Jensens sjølv døydde i 1922. Det vart gjort nye endringar, og den nye salmeboka som fekk bere Landstad sitt namn vart autorisert ved kongeleg resolusjon den 15. februar 1924. Boka hadde 886 nummer, av det var 200 på nynorsk. Først i 1926 vart ho utgjeven og teken i bruk.
Dei første åra vart salmeboka utgjeven på Salmebokforlaget ( J. M. Stenersen). 10 år seinare overtok Andaktsbokselskapet utgjevinga av Landstads reviderte salmebok.
Redaksjon |
Salmeboka har sju bolkar:
- I Alminnelege gudstenestesalmar (69 nr)
- II Salmar til kvar søndag i kyrkjeåret (592 nr)
- III Salmar til kyrkjelege handlingar (86 nr)
- IV Salmar for kyrkjearbeid og misjon (41 nr)
- V Folk og fedreland (20 salmar)
- VI Morgonsalmar, bordvers og kveldssalmar (34 salmar)
- VII I ein tilleggsbolk er det 44 åndelege songar for heimen.
Bak i boka er det ofte bunde inn ein bolk med bibeltekstar for kvar søndag i kyrkjeåret, eit utdrag av altarboka og ei lita bønebok. Dette tillegget er likevel ikkje ein del av den autoriserte salmeboka, og er paginert for seg.
Salmeboka er trykt som lommeutgåve, som menighetsutgåve og som skoleutgåve med melodiar. Ho er oftast svart med tittelen Landstads reviderte salmebok trykt i versalar i gull på ryggen, men ho har òg vore seld i andre fargar, som raudt og kvitt.
Samanlikna med Landstads Kirkesalmebog er fleire av salmane korta noko inn — boka fekk derfor utnamnet Landstads reduserte. Språket er modernisert — men ikkje like frodig.
I 1957 vart ein samiske utgåve av Landstads reviderte salmebok teken i bruk. Gir'ko-sál'bmagir'ji følgjer Landstads reviderte tett når det gjeld salmeval, versemål og versetal, slik at begge salmebøkene kunne brukast ved sida av kvarandre og samstundes i tospråklege kyrkjelydar.
Boka er enno i sal frå forlaget, som ISBN 82-543-0186-7
Kjelder: |
- P.E. Rynning (1954): Salmediktingi i Noreg Det norske Samlaget
Kristen sang og musikk Runa forlag 1962- Verbum
Bakgrunnsstoff |
- Digital utgåve på Bokylla.no
Den norske kyrkja sine salmebøker | |
---|---|
Kingos salmebok (Kingo; 1699) | Guldbergs Salmebog (Guldberg; 1778) | Evangelisk-christelig Psalmebog (1798) | Christianiatillægget (1853) | Landstads kirkesalmebog (Landstad; 1869) | Hauges salmebok (Hauge; 1873) | Nokre Salmar (Blix; 1892) | Landstads reviderte (Jensen; 1924) | Nynorsk salmebok (Støylen, Hognestad og Hovden; 1925) | Salmer 1973 (1973) | Norsk Salmebok (1985) (1985) | Salmer 1997 (1997) | Norsk salmebok 2013 (2013) |