Juzjno-Sakhalinsk Innhaldsliste Historie | Økonomi og næringsliv | Utdanning | Demografi | Kjelder...
Byar i Sakhalin oblastBusetnader grunnlagde i 1882
russisk skriftjapanskSakhalin oblastRusslandSakhalinPortsmouth-traktatenKarafutoden russisk-japanske krigenLiaodongMandsjuriaandre verdskrigSakhalin IIJuzjno-Sakhalinsk lufthamnrussararSakhalin-koreanararainoarnivkharorokar
Juzjno-Sakhalinsk Южно-Сахалинск | |||
---|---|---|---|
Horisonten til Juzjno-Sakhalinsk | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Sakhalin oblast | ||
Grunnlagd | 1882 | ||
Borgarmeister | Andrej Lobkin | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By | 877 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 173 200 197,5 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 40 moh | ||
Tidssone - Ved sommartid | VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 693000–693023 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)4242 | ||
Nettstad: yuzhno.sakh.ru/ |
Juzjno-Sakhalinsk (russisk skrift Ю́жно-Сахали́нск, japansk Toyohara – 豊原) er ein by og administrativt senter i Sakhalin oblast i Russland. Han ligg sør på øya Sakhalin, rundt 6700 km aust for Moskva. Han har om lag 170 000 innbyggjarar (2007).
Innhaldsliste
1 Historie
2 Økonomi og næringsliv
3 Utdanning
4 Demografi
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Historie |
Busetnaden vart grunnlagt i 1882 som Vladimirovka, og vart bygt av russiske straffangar. Etter Portsmouth-traktaten i september 1905 vart byen hovudstad i det japanske prefekturet Karafuto, og fekk namnet Toyohara (som tyder «Grødedalen»). Portsmouth-traktaten avslutta den russisk-japanske krigen i 1904–1905. Japan vart tildelt den sørlege delen av Sakhalinøya, og leigde Liaodong-halvøya og det russiske jernbanesystemet her i det sørlege Mandsjuria. Etter andre verdskrig vart byen tilbakeført til Russland, og han fekk samstundes det noverande namnet, Juzjno-Sakhalinsk. Den einaste gjenverande japanske bygningen i Juzjno-Sakhalinsk er i dag museum i byen.
Økonomi og næringsliv |
Viktige næringar i Jusjno-Sakhalinsk er fiskeindustri, møbelproduksjon, maskinbygging, lettindustri og næringsmiddelindustri. Førekomstar av olje og gass er oppdaga i nærleiken.
I prosjektet Sakhalin II nord på Sakhalinøya er det investert rundt 20 milliardar USD i utbygginga av om lag 150 millionar tonn olje og 500 milliardar kubikkmeter gass. Sør på Sakhalin skal det byggast eit gasshandsamingsanlegg med ein kapasitet på 9,6 millionar tonn per år. Det skal òg byggast ein røyrleidning langs heile øya frå nord til sør.
Juzjno-Sakhalinsk lufthamn ligg 8 km sør for byen.
Utdanning |
Juzjno-Sakhalinsk har mange høgare utdanningsinstitusjonar, mellom anna Sakhalin statlege universitet, fleire institutt innan havforsking, ein pedagogisk høgskole, ei avdeling av handelsuniversitetet i Moskva, samt ein høgskule for økonomi, jus og informatikk.
Demografi |
Dei fleste innbyggjarane er russarar, men det finst òg ein stor koreansk folkesetnad i byen. Av totalt 43 000 Sakhalin-koreanarar bur om lag halvparten i Juzjno-Sakhalinsk, noko som utgjer 12 % av innbyggjarane i byen. Nokre av innbyggjarane er òg ainoar, nivkhar og orokar.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Juzjno-Sakhalinsk» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.
Bakgrunnsstoff |
Sakhalin-Portal (engelsk)- Snøstorm i Juzjno-Sakhalinsk
Byar i Sakhalin oblast | ||
---|---|---|
Administrativt senter: Juzjno-Sakhalinsk | ||
Aleksandrovsk-Sakhalinskij · Aniva · Dolinsk · Kholmsk · Korsakov · Kurilsk · Makarov · Nevelsk · Okha · Poronajsk · Severo-Kurilsk · Sjakhtjorsk · Tomari · Uglegorsk |
|