Ulstein kommune Innhaldsliste Næringsliv og utdanning | Historie | Kjende folk frå Ulstein kommune...
NynorskkommunarUlstein kommuneSunnmøreKommunar i Møre og Romsdal
kommuneSunnmøreMøre og RomsdalHareidHerøyØrstaVoldaUlsteinvikgullskulekrinsaneAsbjørn WaageSkipsindustrienUlstein GroupRolls-RoyceKlevenOsnes kyrkjegardIL Hødd
| Ulstein kommune | ||
kommune | ||
| ||
| Land | ||
|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | |
Adm.senter | Ulsteinvik | |
| Areal | 97 km² | |
| - land | 95 km² | |
| - vatn | 2 km² | |
| Folketal | 8 555 (1. januar 2018) | |
| Folketettleik | 90 / km² | |
Målform | nynorsk | |
Ordførar | Knut Erik Engh (Frp) | |
Kommunenr. | 1516 | |
Wikimedia Commons: Ulstein | ||
Nettstad: www.ulstein.kommune.no | ||
Ulstein er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Av dei om lag 8 300 innbyggjarane bur 6 900 på Hareidlandet og 1 400 på Dimnøya. Andre bebudde øyar er Eika og Hatløya. Kommunen grensar til Hareid i aust og Herøy i vest. I søraust ligg Ørsta og Volda, som Ulstein er knytt til via Eiksundsambandet.
Kommunesenter er Ulsteinvik. Tettstaden hadde, ifølgje SSB, 5 376 innbyggjarar per 01.01.2015. Den nærliggande tettstaden Sundgot hadde 972 innbyggjarar.
Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.
Innhaldsliste
1 Næringsliv og utdanning
2 Historie
2.1 Folketalsutvikling
3 Kjende folk frå Ulstein kommune (alfabetisk)
4 Fotnotar
5 Bakgrunnsstoff
Næringsliv og utdanning |
Skipsindustrien ber økonomien i kommunen. Ulstein Group, Rolls-Royce og Kleven er hjørnesteinsverksemder.
Ulsteinvik er også eit handelssenter og skulesenter. Det er 4 skulekrinsar i Ulstein: Haddal, som femner om bygdene Eiksund, Haddal og Garnes. Hasund, som femner om Dimnøya og Hasund grunnkrins. Ulsteinvik, som dekkjer gardane Osnes, Vik, Saunes, Hofset og Holseker. Ulstein, som femner om bygdelaga Skeide, Ulstein og Flø.
Historie |
Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.
Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.
Ulsteinvik sentrum sett frå Hasundhornet.
Ulsteinvik, sett frå Høgåsen på Dimnøya.
Ulstein kyrkje i Ulsteinvik
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:
| 1.1.1917[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2336a | 2335a | 2477a | 2835a | 2953a | 3436a | 4558 | 5335 | 5751 | 6615 | 7461 |
a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.
Kjende folk frå Ulstein kommune (alfabetisk) |
Per Eide (f. 1954), fotograf
Kjetil Hasund (f. 1942), fotballspelar
Sigvald Hasund (1868–1959), landbrukshistorikar, høgskulerektor, politikar og minister.
Morten Moldskred (f. 1980), fotballspelar
Dagni Myrene (f. 2002), skodespelar
Øystein Runde (f. 1979), teikneserieskapar
Fredrik Steen (tidlegare Knutsen), komikar
Knut Strand (1887-1980), fiskebåtreiar og politikar
Arild Sundgot (f. 1978), fotballspelar
Ole Bjørn Sundgot (f. 1972), fotballspelar
Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulsteinkonsernet, «Årets forretningskvinne» 2006.
Idar Ulstein (1934-2012) , næringsdrivar
Karsten Warholm (f. 1996), friidrettsutøvar
Fotnotar |
↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
↑ 3,03,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
↑ 4,04,14,24,34,44,54,6 Folkemengd i Ulstein 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff |
- Ulstein kommune
Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre |
| |
| Romsdal | ||
| Nordmøre | ||
|