Testimonium Flavianum Navigasjonsmeny


KristendomHistoriske dokument


Flavius JosephusJesus frå Nasaret




Testimonium Flavianum er det kalla, det provet (latin: testimonium) som den antikke jødiske historikaren Flavius Josephus la fram om Jesus frå Nasaret. Ein peikar då på tre avsnitt frå "Antiquitates Judaicae" som vart publisert om lag 93 e.Kr, der Jesus er nemnt, og soleis syner at Josefus hadde kjennskap til den fyrste urkristendomen.


Desse tekststadene speler ei stor rolle i kristendomshistoria med det dei går inn i den historiske Jesus-forskinga og spelar ei viktig rolle som tidlege ikkje-kristne kjelder om Jesus. Dimed reknar ein Josephus til dei kjeldene som stadfestar den historiske Jesus.


Nokre forskarar stiller seg likevel tvilande til om alle desse skriftstadene er sanne. Medan den andre nemninga hjå Josefus mest vert rekna som sann, er historikarar delte i synet på om den første nemninga kan reknast som ekte. Dei færraste trur ho er heilt falsk, men at innhaldet har vorte "pynta" på av seinare avskrivarar.


«På denne tida stod Jesus fram, ein vismann - om det no går å kalle han ein mann. For han var ein som gjorde undergjerningar, ein lærar for dei som tek sanninga til seg, og mange knytte seg til han, ikkje berre jødar og folk med gresk opphav. Han var Messias. Då Pilatus - på bakgrunn av klagemål frå leiarane våre - dømde han til krossen, då heldt folket som hadde følgt han likevel fram med å elske han. For han synte seg levande for dei tredje dagen, nett som dei guddomlege profetane hadde sagt - liksom tusen andre merkelege ting om han. Til i dag er denne "kristne" stamma framleis levande og ikkje utdøydd.»


Original:
«Γίνεται δὲ κατὰ τοῦτον τὸν χρόνον Ἰησοῦς σοφὸς ἀνήρ, εἴγε ἄνδρα αὐτὸν λέγειν χρή: ἦν γὰρ παραδόξων ἔργων ποιητής, διδάσκαλος ἀνθρώπων τῶν ἡδονῇ τἀληθῆ δεχομένων, καὶ πολλοὺς μὲν Ἰουδαίους, πολλοὺς δὲ καὶ τοῦ Ἑλληνικοῦ ἐπηγάγετο: ὁ χριστὸς οὗτος ἦν. καὶ αὐτὸν ἐνδείξει τῶν πρώτων ἀνδρῶν παρ᾽ ἡμῖν σταυρῷ ἐπιτετιμηκότος Πιλάτου οὐκ ἐπαύσαντο οἱ τὸ πρῶτον ἀγαπήσαντες: ἐφάνη γὰρ αὐτοῖς τρίτην ἔχων ἡμέραν πάλιν ζῶν τῶν θείων προφητῶν ταῦτά τε καὶ ἄλλα μυρία περὶ αὐτοῦ θαυμάσια εἰρηκότων. εἰς ἔτι τε νῦν τῶν Χριστιανῶν ἀπὸ τοῦδε ὠνομασμένον οὐκ ἐπέλιπε τὸ φῦλον»


Denne teksten finst i eit handskrift frå 1000-talet. Josefus var likevel ikkje kristen. Ein trur difor at tekst-utsnitta med feit markering er seinare tolkingar som kristne avskrivarar har lagde til eller endra.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...