Abonnement Kjelder | Navigasjonsmeny«Abonnement»utvide hanGND


Handel


avtalevarertenesterfjernsynskanalartelefonnettenesterfirmalojalitetavisrabattstrauminnlagt vatnkloakktelefonInternettAvisertidsskrift






Humoristisk bilete frå 1874 av ein mann som byter gardsprodukt mot eit abonnement på avisa Podunk Weekly Bugle.


Eit abonnement er ein avtale mellom ein mottakar og ein leverandør om fast levering av varer eller tenester. Denne avtalen blir som regel automatisk fornya fram til éin av partane seier han opp. Abonnement kan omfatta leveringar av til dømes mat eller trykksaker til ein heim eller ei bedrift eller tilgang til ein teneste som fjernsynskanalar, telefon eller nettenester. Medlemsavgift i nokre organisasjonar blir kalla abonnement. I andre høve kan abonnement vera gratis, til dømes på nyheitsbrev. Eit serviceabonnement gjev tilgang til eit firma sine tenester og fagfolk i ein viss periode.


Typisk betaler ein kunde for eit abonnement i større summar til visse tider, til dømes ein gong i månaden eller ein gong i året. Betalinga skjer gjerne på førehand. Abonnement gjev dermed ei sikker inntekt til leverandøren. Abonnement kan også skapa lojalitet eller andre hinder mot at kunden forlét leverandøren. Av desse grunnane vel mange leverandørar som sel produkt både som abonnement og på anna vis (til dømes laussal av avis) å gje rabatt til abonnentar.


For kundar kan eit abonnemnet vera praktisk eller nødvendig for å få eit produkt. Bruk av hushaldningstenester som straum, innlagt vatn, kloakk, telefon og Internett blir til dømes helst selde som abonnemnet. Aviser og tidsskrift kan leverast heim til abonnentar som då får med seg alle utgåver. På den andre sida kan abonnement føra til at ein betaler for eit produkt ein ikkje ville kjøpt så mykje av elles. Store betalingar på ein gong for abonnement kan også gje nokon betalingsvanskar.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Abonnement» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2011.



  • «Abonnement» i Store norske leksikon, snl.no.

    Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...