Fylkesveg 292 i Troms Kommunar og knutepunkt | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyStatens vegvesen –...


Fylkesvegar i TromsVegar i BalsfjordVegar i Tromsø


Balsfjord kommuneTromsø kommuneE 8BalsfjordenFv293LyngsalpanPiggtinden





Sjå òg fylkesveg 292 (fleirtyding).



Fylkesveg 292 øvst i Lakselvdalen med utsyn mot Piggtinden.


Fylkesveg 292 i Troms går mellom Seljelvnes i Balsfjord kommune og Lakselvbukt i Tromsø kommune. Vegen er 23,7 km lang.


Vegen startar frå E 8 i lia over Seljelvnes, på austsida av Balsfjorden. Like etter tar Fv293 av mot venstre, ned mot Seljelvnes. Fv292 går herfrå mot nordaust, i ei bratt stigning oppover lia, og ved Vakkerhaugen passerer ein det høgste punktet på 220 moh., berre 3 km frå Balsfjorden. Vegen passerer no inn i Lakselvdalen, og på austsida av dalen ligg den sørlege delen av Lyngsalpan, og den iaugefallande Piggtinden (1505 moh.) kan ein sjå rett mot aust frå vegen.


Vegen held fram mot nordaust og ned i øvre Lakselvdal, der han fylgjer austsida av dalen. Dalbotnen er relativt flat og det ligg mindre grender og gardsbruk langsetter vegen gjennom heile dalen, med skogstrekningar i mellom. Omtrent midtvegs passerer vegen inn i Tromsø kommune, og snur like etter mot nord og passerer ved grenda Skulva over Lakselva, og fylgjer heretter vestsida av dalføret. Nedst i Lakselvdalen går vegen gjennom dei sørlegaste gardane i bygda Lakselvbukt, og munnar ut i Fv293 ved garden Flatvoll.



Kommunar og knutepunkt |



Balsfjord komm.svgBalsfjord




  • Riksvei E 8.svg  ved Seljelvnes


  • Fv293 frå Seljelvnes, via Laksvatn, til Forneset i Tromsø kommune (63,5 km)



Tromsø komm.svgTromsø



  • Fv293 Lakselvbukt


Bakgrunnsstoff |



  • Statens vegvesen – trafikkmeldingar Fv292

  • Statens vegvesen – trafikkmeldingar




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...