Sporvognstrafikk i Asia Innhaldsliste Japan | Kina | India | Filippinane | Bakgrunnsstoff |...
SporvognSamferdsle i Asia
JapanAsiaSapporoHakodateHokkaidoTokyoKamakuraKyotoOsakaHiroshimaHonshuMatsuyamaKochiShikokuFukuokaNagasakiKumamotoKagoshimaKyushuHong KongHong Kong-øyaKCRC Light RailDalianLiaoning2003AnshanChangchunJilinShanghaiKolkataChennaiKanpurMumbaiManilaandre verdskrigenjarnbanemetro
Bortsett frå i Japan har Asia relativt lite sporvognstrafikk.
Innhaldsliste
1 Japan
2 Kina
3 India
4 Filippinane
5 Bakgrunnsstoff
Japan |
Fleire japanske byar har trikkesystem. Dette gjeld mellom anna Sapporo og Hakodate på Hokkaido; Tokyo, Kamakura, Kyoto, Osaka og Hiroshima på Honshu; Matsuyama og Kochi på Shikoku; og Fukuoka, Nagasaki, Kumamoto og Kagoshima på Kyushu. Nokre av desse går vidare inn i nabodistrikta.
Kina |
I Hong Kong går framleis dei tradisjonelle engelske trikkane med to etasjar langs nordkysten av Hong Kong-øya. I nyare tid er KCRC Light Rail teke i drift i nordvest.
Dei einaste byane på fastlandskina med sporvognstrafikk er kyst- og feriebyen
Dalian i Liaoning, som hadde tre linjer i drift i 2003, Anshan i Liaoning og Changchun i Jilin. Trikkelinja i Shanghai blei lagt ned på 1960-talet.
India |
Kolkata (Calcutta) er den einaste byen i India som framleis har sporvogner. Tidlegare hadde òg Chennai (Madras), Kanpur og Mumbai (Bombay) trikkesystem, men desse er no lagde ned.
Filippinane |
Trikkesystemet i Manila blei øydelagd under andre verdskrigen og er blitt erstatta med jarnbane og metro.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sporvognstrafikk i Asia
Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.