Billy Corgan Innhaldsliste Solodiskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyBilly CorganThe...


EinskildmennFødde i 1967USA-amerikanske songararUSA-amerikanske gitaristarUSA-amerikanske låtskrivararUSA-amerikanske diktararSologitaristarFolk frå ChicagoThe Smashing Pumpkins-medlemmar


amerikanskThe Smashing PumpkinsJames IhaChicagoD'arcy WretzkyJimmy ChamberlinZwansoloalbumdiktsamlingMal:Smashing Pumpkins























































Billy Corgan
Billy Corgan.jpg
Corgan speler i Köln i Tyskland i 2005
Fødd 17. mars 1967
Elk Grove Village i Illinois i USA
Fødestad Elk Grove Village
Fødenamn William Patrick Corgan, Jr.
Opphav USA
Aktiv 1985 til i dag
Sjanger Alternativ rock
Instrument
Vokal, gitar, klaverinstrument, bass, munnspel, ukulele
Kjende instrument
Fender Stratocaster
Gibson ES335
Stemmetype tenor
Tilknytte artistar
Smashing Pumpkins, Zwan, Spirits in the Sky, The Jimmy Chamberlin Complex, Starchildren, The Marked, Hole, Courtney Love, New Order
Plateselskap
Caroline, Virgin, Reprise, Warner Bros.
Verka som Musikar, songar, låtskrivar, plateprodusent, forfattar

William Patrick «Billy» Corgan, Jr. (fødd 17. mars 1967) er ein amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og stundom diktar som er mest kjend som frontmann og permanent medlem av The Smashing Pumpkins. Bandet vart danna av Corgan og gitarist James Iha i Chicago i 1987 og vart seinare utvida med bassist D'arcy Wretzky og trommeslagar Jimmy Chamberlin. I løpet av tre år vart The Smashing Pumpkins eit populært band. Med sterke albumsal og storskala turnear vart bandet stadig meir kjend utover i 1990-åra, medan dopproblema til Chamberlin etter kvart vart så store at han fekk sparken. The Pumpkins heldt fram som ein trio fram til Chamberlin kom attende til bandet i 1999, før det vart oppløyst i 2000. Corgan starta like etter eit nytt band med Chamberlin kalla Zwan, og etter det vart oppløyst, gav han ut eit soloalbum og ei diktsamling før han gjenforeinte Smashing Pumpkins.


Den nye versjonen av bandet bestod av Corgan, Chamberlin og forskjellige musikarar. Dei gav ut eit album i 2007 og følgde opp med ein langvarig turne. Chamberlin forlét The Smashing Pumpkins i mars 2009, medan Corgan har halde fram bandet med nytt mannskap og spelt inn albumet Teargarden by Kaleidyscope.




Innhaldsliste






  • 1 Solodiskografi


    • 1.1 Album


    • 1.2 Filmmusikk


    • 1.3 Gjestearbeid




  • 2 Kjelder


  • 3 Bakgrunnsstoff





Solodiskografi |




Den 24. mai 2007 i den Atelier i Luxembourg by.



Album |


  • 2005: TheFutureEmbrace (#31 US, #67 GER, #24 AUS)


Filmmusikk |



  • 1996: Ransom

  • 1997: First Love, Last Rites («When I Was Born, I Was Bored»)

  • 1999: Stigmata

  • 2000: Any Given Sunday («Be A Man» av Hole)

  • 2002: Spun (Corgan skreiv originale songar for filmen)

  • 2004: National Treasure («Forget It»)

  • 2006: «Dance of the Dead» (episoden Masters of Horror)

  • 2007: When a Man Falls in the Forest (tre tidlegare ikkje utgjevne songar)

  • 2011: The Chicago Code (Corgan spelar opningstemaet, skriven av Robert Duncan)



Gjestearbeid |



  • 1991: Sparkle (av Catherine, produsert av Corgan)

  • 1994: Songs About Girls (av Catherine, «It's No Lie» er produsert av Corgan)

  • 1994: Chante Des Chanson Sur Les Filles (av Catherine, EP produsert av Corgan som «Johhny Goat»)

  • 1994: Sleepy EP (av Catherine, EP produsert av Corgan)

  • 1996: Guitars That Rule the World, Vol. 2: Smell the Fuzz:The Superstar Guitar Album (av forskjellige artistar, Corgan er tilskriven som låtskrivar og musikar på «Ascendo»)

  • 1997: Starjob (av The Frogs, EP produsert av Corgan som «Johhny Goat»)

  • 1997: Troublizing (av Ric Ocasek, Corgan har skrive «Asia Minor» og spelar gitar på fleire songar)

  • 1998: Celebrity Skin (av Hole, Corgan har skrive fleire songar)

  • 1998: «I Belong to You», ein song av Lenny Kravitz, som Corgan remixa

  • 1998 Mechanical Animals av Marilyn Manson, Corgan syng korvokal på «Speed of Pain».

  • 1999: Paraphernalia (av Enuff Z'Nuff, Corgan spelar gitar på songen «Everything Works If You Let It»)

  • 2000: Iommi (av Tony Iommi, Corgan har skrive og syng på «Black Oblivion»)

  • 2001: Get Ready (av New Order, Corgan syng på «Turn My Way»)

  • 2002: Kissin' Time (av Marianne Faithfull, Corgan har skrive to songar, og medverkar på ein tredje)

  • 2003: «Lights Out» (av Lisa Marie Presley, Corgan har skrive «Savior»)

  • 2004: We Are Not Alone (av Breaking Benjamin, Corgan har skrive tre songar)

  • 2004: The Essential Cheap Trick (av Cheap Trick, Corgan spelar gitar på konsertopptaket av «Mandocello»)

  • 2004: About a Burning Fire (av Blindside, Corgan spelar gitar på «Hooray, It's L.A.»)

  • 2005: Life Begins Again (av Jimmy Chamberlin Complex, Corgan syng på «Loki Cat»)

  • 2005: Blue-Sky Research (av Taproot, Corgan medverka som låtskrivar på tre songar)

  • 2006: ONXRT:Live From The Archives Volume 9 (ei samleplate frå radiostasjonen 93 WXRT i Chicago med opptak av songen «A100»)

  • 2007: Humanity Hour 1 (av Scorpions, Corgan syng på «The Cross»)

  • 2010: Nobody's Daughter (av Hole, Corgan er medlåtskrivar på tre songar)

  • 2010: See My Friends (av Ray Davies, Corgan medverkar på songen «All Day And All Of The Night/Destroyer»)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Billy Corgan» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2011.



Bakgrunnsstoff |




Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Billy Corgan




  • IMDb om Billy Corgan


  • Billy Corgan på Twitter

  • The Smashing Pumpkins si offisielle side

  • BillyCorgan.Livejournal.com


  • Billy Corgan-samling på Internet Archive


Mal:Smashing Pumpkins





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...