Katja Ebstein Innhaldsliste Eurovision Song Contest 1970 | Eurovision Song Contest 1971 | Eurovision Song...


EinskildkvinnerFødde i 1945Tyske songararTyske Eurovision Song Contest-deltakararEurovision Song COntest 1970-deltakararEurovision Song Contest 1971-deltakararEurovision Song Contest 1980-deltakarar


Christian BruhnJohn Kennedy O'ConnorEurovision Song ContestEurovision Song Contest 1970AmsterdamNederlandWunder gibt es immer wiederMonacoMarlèneDominique DussaultIrlandAll Kinds of EverythingDanaSpaniaLuxembourgSveitsItaliaVest-TysklandEurovision Song ContestDublinDiese WeltEin Lied für DublinLes illusions de nos vingt ansPeter, Sue & MarcEn un mundo nuevoKarinaFrankrikeBelgiaPortugalJugoslaviaAusterrikeStorbritanniaSverigeMaltaFinlandNoregEurovision Song ContestHaagTheaterSámiid ÆdnanSverre KjelsbergMattis HættaLove Enough for TwoPrima DonnaTyrkiaMarokkoDanmark































Katja Ebstein
Eurovision Song Contest 1980 - Katja Ebstein.jpg
Eurovision Song Contest 1980
Fødd
9. mars 1945
Fødestad
Girlachsdorf i Tyskland (no Gniewków i Polen)
Fødenamn Karin Witkiewicz
Alias Katja Ebstein
Opphav Tyskland
Prisar Fortjenstkors med bånd av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden

Karin Witkiewicz (fødd 9. mars 1945 i Girlachsdorf), òg kjend som Katja Ebstein, er ein tysk songar. Ho var gift med Christian Bruhn som skreiv mange av songane hennar. Ifylgje boka til John Kennedy O'Connor, The Eurovision Song Contest - The Official History, er Ebstein den mest suksessfulle deltakaren i Eurovision Song Contest som ikkje har vunne. Ho er den einaste deltakaren som har enda mellom dei tre beste tre gonger; Fyrst på tredjeplass i 1970 og 1971 og så på andreplass i 1980.




Innhaldsliste






  • 1 Eurovision Song Contest 1970


  • 2 Eurovision Song Contest 1971


  • 3 Eurovision Song Contest 1980


  • 4 Kjelder





Eurovision Song Contest 1970 |


Ebstein vann den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1970 i Amsterdam i Nederland med songen «Wunder gibt es immer wieder». Songen starta som nummer elleve i finalen etter Monaco med «Marlène» av Dominique Dussault og før Irland med «All Kinds of Everything» av Dana. Bidraget fekk fire poeng frå Spania, tre poeng frå Luxembourg, to poeng frå Irland og eitt poeng frå Sveits, Italia og Monaco. Vest-Tyskland fekk til saman 12 poeng og enda på tredjeplass av totalt 12 bidrag.



Eurovision Song Contest 1971 |


I 1971 vart ho valt internt til å representere Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest, denne gongen i Dublin i Irland med songen «Diese Welt». Songen, som vart valt i den nasjonale uttakinga Ein Lied für Dublin, starta som nummer fem i finalen etter Sveits med «Les illusions de nos vingt ans» av Peter, Sue & Marc og før Spania med «En un mundo nuevo» av Karina. Bidraget fekk åtte poeng frå Frankrike og Spania, sju poeng frå Monaco, Belgia, Portugal og Jugoslavia, seks poeng frå Austerrike, Sveits, Storbritannia, Italia og Sverige, fem poeng frå Malta, Irland, Nederland og Finland, fire poeng frå Noreg og to poeng frå Luxembourg. Vest-Tyskland fekk til saman 100 poeng og enda på tredjeplass av totalt 18 bidrag.



Eurovision Song Contest 1980 |


Òg i 1980 deltok Ebstein i den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest, som i 1980 vart arrangert i Haag i Nederland. Songen, «Theater», starta som nummer fem i finalen etter Noreg med «Sámiid Ædnan» av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta og før Storbritannia med «Love Enough for Two» av Prima Donna. Bidraget fekk tolv poeng frå Italia, Nederland og Spania, ti poeng frå Tyrkia, Marokko, Storbritannia og Frankrike, åtte poeng frå Austerrike og Portugal, sju poeng frå Danmark, Sveits, og Belgia, fem poeng frå Sverige og Irland, tre poeng frå Luxembourg og to poeng frå Finland. Vest-Tyskland fekk til saman 128 poeng og enda på andreplass av totalt 19 bidrag.



Kjelder |



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!


  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Katja Ebstein frå Engelsk Wikipedia .





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...