Kongshavn i Oslo Soga om Kongshavn | Fotnotar | Navigasjonsmeny


Strøk i Oslo


OsloEkebergskråningabydel Gamle Oslobydel NordstrandBjørvikaSjursøyaBekkelagetAlnaHåkon HåkonssonChristian IIAkershus festningmellomalderenMosseveienGamlebyenKarlsborgveien






Kongshavn-Sjursøya


Kongshavn i Oslo er namnet på både eit særeige natur- og kulturområde innunder Ekebergskråninga og eit tidlegare bustadområde ved sjøen i bydel Gamle Oslo, og hamneområdet Konghavnkaia - Sydhavna, som ligg i bydel Nordstrand. Kongshavn grenser til Grønlia i Bjørvika i nord, og mot Sjursøya og Bekkelaget i sør. For å betre tilkomsten til Sydhavna i Kongshavn, som er utbygd for lasting og lossing av konteinerskip, vart bygningane i Kongshavn fjerna i 2013 for å byggje veg til hamna. Hamnevegen på strekninga frå utløpet av elva Alna til Ormsundveien fekk i 2010 namnet Kongshavnveien.



Soga om Kongshavn |


Kong Håkon Håkonsson gjorde seg nytte av den naturlige hamna i Kongshavn i 1240, og Christian II la si krigsflåte i Kongshavn då han kringsette Akershus festning.[1] Men det er ikkje kjend om det var ei permanent hamn i området i mellomalderen. Før Mosseveien sørover frå Gamlebyen var bygd om lag 1850 var det ikkje mogleg å take inn i byen langsetter stranda; ein måtte leggje vegen opp i skråninga der dagens Karlsborgveien går opp, og deretter ned til byen.


Kongshavnområdet var ein lut av garden Jomfrubråten fram til det vart skilt ut i 1747. I åra frå om lag 1750 til 1830-åra var Kongshavn eit vertshus som vart vitja av mange. På midten av 1800-talet vart eigedomen stykka opp i fleire eigedomar. Det er ukjent kor gamal bygningane på desse eigedomane har vore, men det er truleg at det eldste var frå 1700-talet.



Fotnotar |





  1. Svein Solhjell: «Kongshavn - slutt på en lang historie?», Fremtid for fortiden (medlemsblad for Oslo og Akershus avdeling av Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring), 3/4 - 2010, sidene 20-21








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...