Aniara Innhaldsliste Norsk omsetjing | Andre medie | Kulturell innverknad | Referansar |...


Svenske diktSvenske bøkerScience fiction-bøkerBøker frå 1956Dikt frå 19561956 i Sverige


episk diktscience fictionHarry MartinsonPax forlagbokklubbenÅrhundrets BibliotekEspen StuelandJohann GripKungliga OperanErik LindegrenKarl-Birger BlomdahlNordisk råds musikkprisTommy KörbergCarl-Axel DominiqueKetil BjørnstadSeventh WonderAniaraJon BingTor Åge BringsværdSvensk Biblioteksförening




Aniara. En revy om mennesket i tid og rom (svensk originaltittel Aniara. En revy om människan i tid och rum) er eit episk dikt i sjangeren science fiction av den svenske nobelprisvinnaren Harry Martinson.[1] Diktet blei utgjeve i 1956. Tittelen er ein neologisme basert på det greske ordet ἀνιαρός, som tyder 'trist, trettande'.




Innhaldsliste






  • 1 Norsk omsetjing


  • 2 Andre medie


    • 2.1 Opera


    • 2.2 Musikk




  • 3 Kulturell innverknad


    • 3.1 Norsk science fiction-foreining


    • 3.2 Aniara-prisen




  • 4 Referansar





Norsk omsetjing |


Den norske omsetjinga er utgjeven på Pax forlag[2] og dessutan av bokklubben som del av serien Århundrets Bibliotek[3] i 2006. Espen Stueland og Johann Grip står bak omsetjinga.[4]



Andre medie |



Opera |


31. mai 1959 hadde ein opera i to akter basert på verket premiere på Kungliga Operan i Stockholm. Librettoen var skriven av Erik Lindegren og musikken av Karl-Birger Blomdahl.[5] Verket gjekk som fjernsynsteater året etter.[6] Operaen blei oppført i Oslo i 1960.[7] Blomdahl var i 1965 den første som fekk Nordisk råds musikkpris, for musikken til Aniara.



Musikk |


Tommy Körberg og Carl-Axel Dominique gav i 1997 ut eit album kalla Aniara med tekstar av Martinson.[8]Ketil Bjørnstad ga i 1983 ut eit album med same namn inspirert av Martinson si utgjeving.[9]
Tittelsporet på albumet The Great Escape frå 2010 av det svenske progressiv metal-bandet Seventh Wonder er basert på Martinson sitt verk.[10]



Kulturell innverknad |



Norsk science fiction-foreining |


Studentane si science fiction-foreining ved Universitetet i Oslo heiter Aniara og er kalla opp etter diktet. Foreininga blei stifta i 1965 med mellom andre Jon Bing og Tor Åge Bringsværd til stades.[11]



Aniara-prisen |


Svensk Biblioteksförening har kvart år sidan 1974 delt ut Aniara-prisen til ein svensk forfattar av skjønnlitteratur for vaksne.[12]



Referansar |




  1. Göran Hägg: Den svenska litteraturhistorien (Wahlström & Widstrand, Stockholm 1996), s. 517-519


  2. Pax forlag si nettside om boka


  3. Bokklubben si nettside om boka


  4. Bibsys


  5. Åke Sällström: Opera på Stockholmsoperan (Norstedt, Stockholm 1977), s. 167


  6. TV-teatern tio år: 1954-1964 : en krönika i ord och bild (Sveriges Radio, Stockholm 1964)


  7. Store norske leksikon om Karl-Birger Blomdahl


  8. Biografi om åra 1991-2000 på Tommy Körberg si eiga nettside


  9. Discogs si nettside om utgjevinga


  10. CD-hefte til Seventh Wonder: The Great Escape (Lion Music 2010)


  11. Det Norske Studentersamfund i artikkel om foredrag om Aniara Science Fiction-forening


  12. Svensk Biblioteksförening om Aniara-prisen







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...