Vidar Underseth Prisar og stipend | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Vidar Underseth:...
Fødde i 1958Folk frå SolundNorske felespelarar
SolundSogn og FjordanefelehardingfeleLandskappleikenHilde BjørkumSolundYtre SognSigmund EikåsÅlesundSogn og Fjordane fylkeskommune
Vidar Henning Underseth (fødd 13. februar 1958) er ein norsk spelemann og folkedansar frå Solund i Sogn og Fjordane. Underseth spelar fele og hardingfele, og har vunne Landskappleiken i pardans i 1989, 1991 og 1994. Alle tre gongane hadde han Hilde Bjørkum som dansepartnar.[1] I 1989 mottok Underseth og Bjørkum kongepokal i dans på landskappleiken.
Vidar Underseth er oppvaksen i Tangenes i Solund i Ytre Sogn, og tok til å spele fele då han var 15-16 år gamal. Seinare gjekk han i lære hjå jølstringen Sigmund Eikås.[1] Underseth er busett i Ålesund, og arbeider 50 % som hardingfelelærar i Ålesund kommune, og 50 % i Sogn og Fjordane fylkeskommune si fylkesmusikarordning.[2] I 2006 ga han ut Mine første feleslåttar, eit læreverk på DVD for fele og hardingfele.[3]
Underseth er musikalsk leiar i hardingfelegruppa i spelemannslaget UL Ivar Aasen i Ålesund.
Prisar og stipend |
- Arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend [4].
Kjelder |
↑ 1,01,1 «Vidar Underseth: hardingfele/dans»
↑ «Musikkavdelinga sin julekalender 2012 - Luke #11»
↑ «Vidar Underseth», Sogn og Fjordane folkemusikklag
↑ "Vidar Underseth - Sogn og Fjordane folkemusikklag"
Bakgrunnsstoff |
Lydopptak av Vidar Underseth kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga.