Dewey Martin Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Buffalo Springfield Drummer Dewey Martin Passes...
EinskildmennFødde i 1940Døde i 2009Kanadiske trommeslagararFolk frå Ontario
30. september194031. januar2009Buffalo SpringfieldChesterville i OntarioSmiths FallsOttawaStaccatosVern CraigNashvilleFaron YoungRoy OrbisonThe Everly BrothersPatsy ClineSeattleWhite Cliffs of Doverden britiske bølgjaLos AngelescountryrockBuffalo SpringfieldBruce PalmerByrdsJohn YorkRock and Roll Hall of Fame
Dewey Martin | |
| |
Fødd | 30. september 1940 |
---|---|
Fødestad | North Dundas |
Død | 31. januar 2009 |
Dødsstad | Van Nuys |
Fødenamn | Walter Milton Dewayne Midkiff |
Opphav | Canada, USA |
Instrument | trommer |
Plateselskap | Atlantic Records |
Verka som | trommeslagar, songar |
Dewey Martin (30. september 1940–31. januar 2009)[1] var ein kanadisk trommeslagar som er mest kjend som medlem av Buffalo Springfield.
Dewey Martin var fødd i Chesterville i Ontario i Canada i 1940. Han voks opp der og i Smiths Falls og Ottawa-områda i nærleiken.[2]
Han byrja å spele trommer då han var 13. I eit av dei første banda sine, the Jive Rockets, spelte han saman med den framtidige gitaristen i Staccatos i Vern Craig. Martin flytta etterkvart til Nashville der han spelte saman med blant andre Faron Young, Roy Orbison, The Everly Brothers og Patsy Cline. Undervegs tok han etternamnet Martin; og i barndomen vart ofte namnet Dwayne til «Dewey» og han gjorde det til fornamn. I 1964 var Martin i Seattle, der han spelte trommer på ein singel med Sir Raleigh and the Coupons. Singelen var ein coverversjon av «White Cliffs of Dover» i same stil som den britiske bølgja. Singelen hadde suksess i Los Angeles, så Martin flytta dit og spelte i ulike grupper og såg etter høve til å spele countryrock.
Våren 1966 vart han invitert til å vere med i ei gruppe som seinare vart til Buffalo Springfield. Martin vart i denne gruppa til dei skilde lag i mai 1968. Etter nokre forsøk med New Buffalo Springfield (seinare forkorta til New Buffalo) med stadig skiftande besetning, gjekk han over til å kalle gruppa Blue Mountain Eagle. Seinare gav han ut eit album med Dewey Martin and Medicine Ball i april 1970. Bruce Palmer deltok under innspelinga av Dewey Martin & Medicine Ball. Til trass for god mottaking, mista dei platekontrakten og Martin forlét musikkbransjen for å bli bilmekanikar mot slutten av 1970-åra. På midten av 1980-åra var han med i Pink Slip (saman med tidlegare Byrds bassist John York, seinare the Roberts-Meisner Band og til slutt i Bruce Palmer sitt Buffalo Springfield Revisited, før han til slutt trekte seg tilbake. I 1991 danna han Buffalo Springfield Again saman med gitarist Billy Darnell, men gruppa gjekk i oppløysing. I 1997 vart Dewey Martin saman med Buffalo Springfield teke inn i Rock and Roll Hall of Fame.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Dewey Martin» frå Wikipedia på bokmål, den 22. oktober 2010.
↑ Greene, Andy (5. februar 2009). «Buffalo Springfield Drummer Dewey Martin Passes Away at 68». Rolling Stone Music. Henta 22. oktober 2013.
↑ «Dewey Martin, Canadian drummer for Buffalo Springfield, dies». CBC News. 2009. Henta 22. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff |
Dewey Martin ved Xtrememusician.com
Dewey Martin ved nickwarburton.com
Buffalo Springfield | |
---|---|
Richie Furay · Dewey Martin · Jim Messina · Stephen Stills · Neil Young · Bruce Palmer | |
Studioalbum | Buffalo Springfield · Buffalo Springfield Again · Last Time Around |
Samleplater | Retrospective: The Best of Buffalo Springfield · Buffalo Springfield · Buffalo Springfield |
Tilknytte artiklar | The Au Go Go Singers · The Mynah Birds · Crosby, Stills, Nash & Young · The Stills-Young Band · Poco · Manassas · Crazy Horse · Loggins and Messina |
|