Erling Vindenes Kjelder | NavigasjonsmenyStortinsgbiografiPolSys


EinskildmennFødde i 1900Døde i 1984Stortingsrepresentantar 1950-1953Stortingsrepresentantar 1954-1957Stortingsrepresentantar 1958-1961Folk frå Steigen


29. juli198430. september190029. juli1984NordfoldNordlandVenstreVåganfolkehøgskuleBodinlofotfisketnaziStortinget




















Erling Vindenes

Fødd
30. september 1900
Død

29. juli 1984


Yrke
politikar

Erling Johan Vindenes (30. september 1900–29. juli 1984) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Nordfold i Nordland. Han var stortingsrepresentant frå Nordland og partiet Venstre i tida 1950-61.


Vindenes var son til ein gardbrukar på Håsand i Nordfold. Etter ein skulevinter ved Vågan folkehøgskule gjekk han i tida 1919-21 på Nordland fylkes landbruksskole i Bodin. Frå 1922 til -24 var han folkeskulelærar. I 1927 tok han over farsgarden Håsand, ei tid var han også høvedsmann under lofotfisket.


Bolken 1926-28 var Vindenes medlem av heradsstyret i Nordfold. Sidan var han ordførar i heradet frå 1932 til han var avsett av nazi-styret i 1942. Han fekk tilbake ordførarombodet då verdskrigen var over i 1945 og sat som Nordfolds øvste leiar til 1951. Etter kommunesamanslåing var han ordførar i Steigen i 1966-67.


Hausten 1949 vart Vindenes vald inn på Stortinget for Nordland Venstre. Etter attval i 1953 og -57 gjorde han teneste på Tinget til hausten 1961. I den fyrste fireårsbolken var han medlem av Kommunalkomiteen, dernest sat han fire år i Kyrkje- og undervisningskomiteen og så like lenge i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen. Han var medlem av landsstyret i Norges Venstrelag frå 1952 til 1968, og i Samferdselskommisjonen av 1955 (1955-60). Elles formann 1938-48 i Nordland landbruksselskap, og i til saman seks år i Norges Herredsforbund i perioden 1952-67.



Kjelder |


  • Stortinsgbiografi




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...