Per Aas Kjelder | NavigasjonsmenyStortingsbiografi
EinskildmennFødde i 1929Døde i 2014Stortingsrepresentantar 1973-1977Stortingsrepresentantar 1977-1981Stortingsrepresentantar 1981-1985Stortingsrepresentantar 1985-1989Folk frå BallangenFolk frå Harstad
18. mai2014Harstad11. juni192918. mai2014BallangenNordlandKristeleg FolkepartiTroms fylkeSnåsaØrstaVoldaNesnaTromsøHarstadStortingetHålogalandRiksrevisjonenNoregs BankStortingsbiografi
Per Aas | |
| Fødd | 11. juni 1929 Ballangen |
| Død | 18. mai 2014 |
| Yrke | politikar |
Per Almar Aas (11. juni 1929–18. mai 2014) var ein norsk arbeidar, skulemann og politikar frå Ballangen i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti og Troms fylke i fire samfulle periodar frå 1973 til 1989.
Aas var son til ein småbrukar og skomakar. I tida 1945-50 arbeidde han på gard, i skogen og i handverksproduksjon i heimbygda. Han jobba i 1951 ei kortare tid i Snåsa, før turen gjekk til Ørsta og Volda. Etter tre år der med mellom anna fabrikkarbeid, gjekk han skuleåret 1954/55 på Fredheim folkehøgskule. Frå 1955 til utdanna han seg på lærarskulane i Nesna og i Tromsø. I 1959 vart tilsett som lærar ved Fauskevåg skole i Harstad, sidan var han styrar av same skulen i tolv år til 1973.
Aas var medlem i Harstad bystyre 1968-75, og åra 1970-73 landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti. Hausten 1973 vart han vald til å representere partiet og Troms fylke på Stortinget. Dei neste seksten åra var Aas medlem i Samferdslekomitéen på Tinget, den siste fireårsperioden som sekretær i komitéen.
Frå 1991 til -98 var Aas driftsleiar ved Nord-Hålogaland Stiftsgård. Han var elles medlem av Riksrevisjonen 1991-94, og hadde plass i Noregs Bank sitt representantskap frå 1998 til 2002.
Kjelder |
Stortingsbiografi