Sveinung Bjørnsson Lofthus Kjelde | Navigasjonsmeny
EinskildmennFødde i 1820Døde i 1888Stortingsrepresentantar 1859-1861Stortingsrepresentantar 1862-1864Stortingsrepresentantar 1865-1867Folk frå Vinje
8. februar18885. november18208. februar1888lensmannVinjeTelemarkhusmannKviteseidheradsstyretordførarBratsbergs amtStortinget
Sveinung Bjørnsson Lofthus | |
| Fødd | 5. november 1820 |
| Død | 8. februar 1888 |
| Yrke | politikar |
Sveinung Bjørnsson Lofthus (5. november 1820–8. februar 1888) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vinje i Telemark.
Far hans var husmann i Vinje. Sjølv gjekk han Kviteseid lærarskule og var skulehaldar i heimbygda 2-3 år. Frå 1842 til 1874 var han lensmann i Vinje og gardbrukar på Lofthus. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ordførar 1874-80.
Lofthus representerte Bratsbergs amt på Stortinget 1859-60, 1862-63, omframstortinget og 1865-66. Heile tida var han medlem av justiskomite nr 1. Ved fleire stortingsval var han 1. eller 2. varamann. I 1864 var han medlem av den kongelege militærkommisjonen.
Han døydde på garden sin i Vinje i 1888.
Kjelde |
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914