Gervasio Antonio de Posadas Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Posadas, Gervasio...


EinskildmennFødde i 1757Døde i 1833Folk frå Buenos AiresArgentinske juristarDei sameinte provinsane av Río de la PlataArgentinske triumvirat


18. juni17572. juli1833triumviratetDei sameinte Río de la Plata-provinsaneArgentina18141815MairevolusjonenMariano MorenoMendozaJosé Julián PérezNicolás Rodríguez PeñaAntonio Álvarez JonteEntreriosTucumanSaltaMontevideoCarlos María de AlvearJosé Gervasio ArtigasJosé RondeauGeneral Alvera
































Gervasio Antonio de Posadas
Posadas.jpg

Øvste direktør for Dei sameinte provinsane av Río de la Plata
Regjeringstid 31. januar 1814-9. januar 1815
Fødd 18. juni 1757
Fødestad Buenos Aires
Død
2. juli 1833 (76 år)
Dødsstad Buenos Aires
Etterfølgjar Carlos María de Alvear

Gervasio Antonio de Posadas y Dávila (18. juni 1757–2. juli 1833) var med i det andre triumviratet av Dei sameinte Río de la Plata-provinsane (seinare Argentina) frå 19. august 1813 til 31. januar 1814, og deretter øvste direktør fram til 9. januar 1815.


Posadas var fødd i Buenos Aires og utdanna seg til jurist. Han arbeidde for dei spanske styresmaktene fram til Mairevolusjonen i 1810. Han støtta sentraliseringsfraksjonen (framfor føderalistane) og nærma seg Mariano Moreno. I 1811 måtte han vera ei tid i eksil i Mendoza. I 1813 deltok han i den konstituerande forsamlinga Asamblea del Año XIII ('År 13-forsamlinga'). Frå 19. juni 1813 blei han med i det andre triumviratet saman med José Julián Pérez og Nicolás Rodríguez Peña då han erstatta Antonio Álvarez Jonte. Då forsamlinga seinare oppløyste triumviratet til fordel for ein enkeltperson som øvste leiar, blei Posadas utvald til å bli den første i stillinga.


Som øvste direktør laga Posadas provinsane Entrerios, Tucuman og Salta, og sende troppar til hæren i Banda Oriental. Montevideo blei teken av nevøen hans, general Carlos María de Alvear. Rivalisering mellom José Gervasio Artigas i Uruguay og general José Rondeau i øvre Peru, saman med mislukka forsøk på å forhandla med den spanske krona, førte til at Posadas måtte gå av den 9. januar 1815. General Alvera etterfølgde han som øvste direktør, men blei kort tid seinare fjerna frå makta ved eit statskupp. Utan støttespelarar i maktposisjonar blei Posadas fengsla i august 1815 og halden fanga i seks år. Han byrja skriva memoara sine i 1829.


Gervasio Antonio de Posadas y Dávila døydde i Buenos Aires.



Kjelder |





  • «Posadas, Gervasio Antonio», Appletons' Cyclopædia of American Biography (1900)


  • «Gervasio Antonio de Posadas», buscabiografias.com


  • DIRECTORIO DE POSADAS (1814-1815), edant.clarin.com




Bakgrunnsstoff |



  • Memorias de Gervasio Antonio Posadas, director supremo de las provincias del Rio de la Plata en 1814 (1920) ved Internet Archive (archive.org)




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...