Aunt Mary Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyBiografi fra Norsk pop- og...


Norske progressive rockegrupperMusikkgrupper skipa i 1969Musikkgrupper oppløyste i 1973


norskrockebandFredrikstad1969gitarvokalJan GrothorgelSvein GundersenbassKetil StensviktrommerPer Ivar FurefløytemunnspelsaksofonBengt JenssenkeyboardJimi HendrixJanis JoplinBrian JoneskristenpopartistAlexNew Jordal Swingers






















Aunt Mary
Opphav
Fredrikstad i Noreg
Aktiv 1970–1973, fleire gjenforeiningar sidan 1978
Sjanger Progressiv rock
Plateselskap Polydor

Aunt Mary var eit norsk rockeband frå Fredrikstad som starta i 1969. Bjørn («Krisa») Christiansen på gitar og vokal, Jan Groth på orgel og vokal, Svein Gundersen på bass og vokal, og Ketil Stensvik på trommer utgjorde kjernen i bandet. Andre musikarar som var innom var Per Ivar Fure på fløyte, munnspel og saksofon og Bengt Jenssen på keyboard.


Den bluesbaserte, progressive rockemusikken til bandet vart gjeve ut i fleire land i Europa og singelen «Jimi, Janis And Brian» vart i 1971 det kommersielle gjennombrotet til bandet. Songen hylla dei avdøde heltane Jimi Hendrix, Janis Joplin og Brian Jones. Per Ivar Fure slutta i bandet før det albumet Loaded og det same gjorde Groth for å satse på ein karriere som kristenpopartist. Bengt Jenssen (keyboards) kom inn i bandet, medan Christiansen og Gundersen frå no av delte på vokalen. Både Loaded og oppfølgjaren Janus (1973) selde bra i Noreg, men Aunt Mary vart likevel oppløyst i 1973.


Gundersen har sidan hatt suksess som låtskrivar, produsent og filmkomponist. Christiansen har laga soloplater og spelt med mellom anna Alex og New Jordal Swingers. Aunt Mary har med ujamne mellomrom heldt konserter sidan 1978, og i 1992 gav Groth, Christiansen, Gundersen og Stensvik ut bluesalbumet Bluesprints. 28. januar 2011 spelte bandet på Verdensspeilet i Fredrikstad 28. januar 2011.



Diskografi |




  • Aunt Mary (Polydor, 1970) gjeve ut på ny i 1974 på Karussell som Whispering Farewell


  • Loaded (Philips, 1972)


  • Janus (Vertigo, 1973)


  • The Best of Aunt Mary (Philips, 1974) samleplate


  • The Best of Aunt Mary Volume 2 (Philips, 1975) samleplate


  • Live Reunion (Philips, 1981) livealbum


  • Bluesprints (Sonet, 1992)


  • The Things We Stood For (2007)


  • Barbed Wire Waves (Pan, 2009) radiokonsert 1971



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Aunt Mary» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2013.



Bakgrunnsstoff |



  • Biografi fra Norsk pop- og rockleksikon

  • Biografi på Progrock.no

  • Biografi på Groove





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...