Hey Jude Innhaldsliste Sympati for ein venn | Tilhøve til songen | Innspelinga | Ein umiddelbar...


Songar på toppen av VG-listaThe Beatles-songarSongar frå 1968Singlar frå 1968Songar produserte av George MartinBalladar frå 1960-åraApple Records-singlarSongar på toppen av Billboard-listaNummer-ein-singlar i NederlandGrammy Hall of Fame AwardNummer-ein-singlar i IrlandMusikkvideoar regisserte av Michael Lindsay-HoggNummer-ein-singlar i AustraliaNummer-ein-singlar i AusterrikeNummer-ein-singlar i TysklandNummer-ein-singlar i New ZealandNummer-ein-singlar i SpaniaNummer-ein-singlar i SveitsRockeballadarNummer-ein-singlar i CanadaSongar skrivne av Lennon–McCartneyNummer-ein-singlar i StorbritanniaNummer-ein-singlar i Belgia (Flandern)The Lettermen-songarWilson Pickett-songarDionne Warwick-songarTom Jones-songarJosé Feliciano-songarThe Temptations-songarSmokey Robinson-songarThe Supremes-songarO.C. Smith-songarBing Crosby-songarElla Fitzgerald-songarThe Bar-Kays-songarRay Conniff-songarCharlie Byrd-songarAnita Harris-songarLloyd Price-songarRay Stevens-songarPetula Clark-songarThe Ventures-songarElvis Presley-songarBobby Darin-songarHanne Boel-songarGrateful Dead-songarShirley Bassey-songarJudy Collins-songarRoberta Flack-songarLeo Sayer-songarJames Last-songarChet Atkins-songarCount Basie-songarKlaus Wunderlich-songarSarah Vaughan-songarRichard Clayderman-songarThe Shadows-songarFerrante & Teicher-songarSanto & Johnny-songarNikka Costa-songar


The BeatlesPaul McCartneyLennon/McCartneyVG-listaJohn LennonJulianCynthia PowellYoko OnoJane AsherLinda McCartney2. juli2005Live 8Hyde ParkLondon19681974YesterdayBadfingerApple Records29. juli30. juliåttesporsopptakarTrident Studios31. juliRingo Starr1. augustGeorge Harrison1985Ken ScottRevolutionVietnamBrian EpsteinrevolusjonUSA26. augustAppel RecordsradioStorbritanniaA Day in the LifeHelter SkelterYou Never Give Me Your MoneyballadeduettJames Brownkontrapunkt














































«Hey Jude»
Singel av The Beatles


B-side
«Revolution»

Utgjeve
26. august 1968

Innspelt
31. juli 1968 ved Trident Studios i London

Sjanger

Rock

Lengd
7:05

Selskap

Apple Records

Låtskrivar(ar)

Lennon/McCartney

Produsent

George Martin

The Beatles-kronologi
«Lady Madonna»
(1968)

«Hey Jude»
«Get Back»/«Don't Let Me Down»
(1969)




«Hey Jude» er ein rockeballade av The Beatles frå 1968. Han vart hovudsakleg skriven av Paul McCartney, men tilskriven Lennon/McCartney. Han vart spelt inn samstundes med dobbeltalbumet The Beatles (White Album), men vart i staden gjeven ut som singel. Trass i den uvanlege lengda på over sju minutt vart «Hey Jude» den mestseljande singelen til The Beatles. Det vart òg spelt inn ein kortare versjon for å tilpasse seg amerikansk radio, som vanlegvis ikkje spelte så lange songar. Songen vart den lengste som til då hadde nådd toppen av hitlistene i heimlandet, Storbritannia. [1]. Singelen låg også ni veker på førsteplassen i USA og i Noreg seks veker på toppen av VG-lista.


Den opphavlege tittelen var «Hey Jules» og songen vart skriven for å trøyste son til John Lennon, Julian, då Lennon og den første kona hans Cynthia Powell vart skilde. Lennon sette sjølv stor pris på songen sidan han akkurat hadde gått inn i forhold med den framtidige kona si, Yoko Ono. McCartney sjølv hadde sjølv nettopp gjort det slutt med kjærasten Jane Asher og var såvidt komen i saman med Linda Eastman, den framtidige Linda McCartney.


2. juli 2005 vart refrenget frå «Hey Jude» framført av Paul McCartney og eit ensemble av kjende artistar som finale på hovuddelen av Live 8 i Hyde Park i London.




Innhaldsliste






  • 1 Sympati for ein venn


  • 2 Tilhøve til songen


  • 3 Innspelinga


  • 4 Ein umiddelbar klassikar


  • 5 Tekst og melodi


  • 6 Medverkande


  • 7 Salslister


    • 7.1 Vekeslister


    • 7.2 Årslister


    • 7.3 Gjennom alle tider




  • 8 Salstrofé


  • 9 Kjelder


  • 10 Bakgrunnsstoff





Sympati for ein venn |


I 1968 budde John Lennon saman med Yoko Ono og hadde alt fortalt kona si Cynthia at han ville forlate ho. McCartney var ein personleg ven av begge to, og ønskte å muntre opp Julian, sonen til veneparet med å skrive ein liten song for han, medan han var på veg for å vitje dei. McCartney sa seinare sa at han starta med første linja i songen «Hey Jules (som var Julian), don't make it bad, take a sad song and make it better».[2]


Julian Lennon oppdaga at songen var skriven til han om lag ti år seinare, men han hugsa at han den gongen stod nærare McCartney enn sin biologiske far: «Paul og eg var ein del saman, meir enn det far og eg var. Vi hadde eit flott venskap og det ser ut til å vere mange fleire bilete av meg og Paul på den tida enn det var bilete av meg og far min.»[3]



Tilhøve til songen |


McCartney var lite nøgd med det opphavlege utkastet, særskild tekstlinja «The movement you need is on your shoulder», det høyrdest ut som han snakka til ein papegøye. Lennon ønskte derimot ikkje å gjere stort med songen, og meinte at den same linja var flott og avantgardistisk. I 1974 sa McCartney at «Eg hugsar at eg spelte songen for John og Yoko, og at eg sa 'Desse orda vil ikkje verte ståande på den endelege versjonen.' Men John sa: 'Dei er flotte. Dei er sprø, dei gjev inga meining i det heile tatt. Det er topp!'»


McCartney kom så til konklusjonen at Jude var eit lettare namn å synge enn Jules og modifiserte songen etter det.[3]


Den eldre Lennon tenkte at songen var om han sjølv. Det same året som han døydde, 1980, hugsa han tilbake: «Paul sa at han var skriven for Julian. Han visste at eg gjekk frå Cyn og ville forlate Julian. Han køyrte for å sjå til Julian og sei adjø. Han hadde vore som ein onkel for guten. Og han kom opp med «Hey Jude». Men eg har alltid høyrt det som ein song til meg. No høyrest eg kanskje ut som desse tilhengjarane som les all slags ting inn i songar, men tenk; Yoko hadde akkurat kome inn i bilete. Han seier 'Hey Jude' – 'Hey John'. Ubevisst seier han 'Berre dra, forlat meg'. På det medvitne nivået ønskte han ikkje at eg forlet han. Engelen i han sa 'Velsigne deg'. Djevelen i han likte seg ikkje i det heile, fordi han ville ikkje miste ein partnar.»[4]


Akkurat som då han hadde skrive «Yesterday» gjekk McCartney stolt rundt og song songen til alle han møtte, tydelegvis ikkje nervøs for plagiat på denne tida. Eit medlem av gruppa Badfinger, det første bandet som vart gjeve ut på Apple Records, hugsa den første dagen deira der: «Paul gjekk over til pianoet og sa: «Hei gutar, høyr på dette!» Så sette han seg ned og gav oss ein komplett liveversjon av «Hey Jude». Vi mista munn og mæle.»[3][5]



Innspelinga |


The Beatles var fortrylla av kvaliteten til songen, og ønskte å kultivere best mogeleg innspelingsmiljø for songen. Dei prøvde så mange som 25 opptak av songen i Abbey Road Studio mellom 29. juli og 30. juli 1968, men forstod at dei trengde eit orkester for denne innspelinga. Då dei fekk høyre at det var ein åttesporsopptakar på Trident Studios drog dei dit den 31. juli sidan den tilsvarande opptakaren på Abbey Road framleis vart testa.[6] Dei gjorde fleire innspelingar, men enda opp med å nytte den aller første.


Denne avgjersla var ganske merkeleg sidan trommene kom inn mykje seinare enn venta. Det viste seg at Ringo Starr hadde vore ein tur på toalettet og dei andre oppdaga ikkje at han var forsvunne, så dei starta å spele utan han. McCartney kom tilbake til denne episoden i 1994: «Det er ei fornøyeleg historie knytt til denne innspelinga. Ringo hadde gått på toalettet og eg merka det ikkje. Toalettet var rett ved sidan av der han sat. Eg trudde han framleis sat ved trommene. Eg starta med det som skulle verte den endelege innspelinga og «Hey Jude» held på i det uendelege før trommene kjem inn, og medan eg held på å spele høyrer eg Ringo spring forbi meg og kastar seg over trommestikkene. Boom, boom boom. Timinga hans var absolutt plettfri.»[7]


Den 1. august lagde George Martin eit arrangement for eit orkester på 36 som seinare vart miksa inn i opptaket. The Beatles spurte orkesteret om dei ville vere med på å klappe i hendene og synge med på refrenget. Dei fleste var med på det, bortsett frå ein som sa: «Eg vil slettes ikkje klappe i hendene og synge Paul McCartney sin bedritne song!» og storma så ut av studio.[8]


Det var ikkje den einaste episoden med misnøye den dagen. George Harrison ville gjere ein gitarsolo på songen, men McCartney gav han ikkje lov. McCartney sa seinare i 1985 at «eg hugsar eg bad George om å la vere å spele gitar på «Hey Jude». Han ville gjere nokre ekko-akkorder etter vokalfraseringane, men eg syntest ikkje det passa songen. Han vart misnøgd, og det var vanskeleg for meg å fortelje han det, han som var ein av dei beste, om ikkje å spele. Det var som ei fornærming. Men det var slik vi gjorde det meste av greiene våre.»[8][7]


At The Beatles valde det første opptaket vart merkelegare då Ken Scott, innspelingsassistenten, oppdaga at John Lennon hadde skrike det obskøne «fucking ’ell!» 2:58 ut i songane etter å ha missa på koringa. «Eg vart fortalt om det der og då men kunne ikkje høyre det, men etter at eg funne det er det ikkje til å unngå å høyre lengre. Eg har ein snikande mistanke at dei andre visste det heile tida sidan det var ei innspeling som skulle forkastast. Eg trur det er dei tinga som skjer – ein ærleg tabbe. Dei høyrde på bandet og tenkte at det betyr ikkje noko.»[5][9]



Ein umiddelbar klassikar |


Innspelinga vart gjort samstundes med innspelinga av dobbeltalbumet The Beatles, òg kalla Det kvite albumet, som kom ut same år. Songen var derimot heile tida meint for singel med «Revolution» som B-side.[6][10][11] Revolution var skriven tidlegare av John Lennon som ei A-side og ei kunngjering om krigen i Vietnam trass i at den avdøde manageren Brian Epstein hadde insistert på at krigen var eit ikkje-tema. Sidan songen ikkje var ferdigpolert og dei andre Beatles-medlemmene meinte at «Hey Jude» var eit betre alternativ, vart denne vald ut som A-side.


Lennon sa seinare: «Vi stara å verte ganske anspente. Eg hadde laga ei langsam utgåve av Revolution og ville ha han som singel som ei kunngjering om Vietnam og The Beatles sitt syn på temaet revolusjon. I alle år då vi turnerte hadde Brian stoppa oss frå å sei noko om Vietnam eller krigen. Og han tillet ingen spørsmål om teamet. Men då vi siste gang var ute på konsertturne sa eg at eg ville svare på spørsmål om krigen. Vi kan ikkje ignorere det. Eg ville absolutt at The Beatles skulle sei noko om krigen.»


Singelen kom ut i USA den 26. august 1968 på Appel Records, gjekk inn på hitlistene den 14. september der songen vart liggande dei nesten 19 vekene. To verker seinare gjekk songen opp på førsteplassen og vart verande der dei neste ni vekene.[12] Dette var den lengste tida ein Beatles-song hadde førsteplassen i USA.[13] Som nemnt tidlegare var han for lang for radio og The Beatles amerikanske plateselskap pressa på for å få laga ein eigen versjon tilpassa amerikansk radio.[12]


Sidan den amerikanske hitlista er basert både på sal og radiospelingar for A- og B-sidene kvar for seg vart «Hey Jude» lista på førsteplass og «Revolution» som nummer to. Fem månader etter singelen kom ut hadde han seld 3,75 millionar skiver. I dag har det vorte seld fem millionar eksemplar berre i USA.


I mellomtida hadde «Hey Jude» kome ut i Storbritannia fire dagar etter den amerikanske utgjevinga den 30. august. Han vart den vart den mestseljande debutsingelen for eit plateselskap nokon gong og selde åtte millionar utgåver over heile verda og tok førsteplassen på hitlistene i 11 forskjellige land.



Tekst og melodi |


I motsetnad til andre longe Beatles-songar, som «A Day in the Life», «Helter Skelter» og «You Never Give Me Your Money», er ikkje «Hey Jude» ein medley og har ikkje ekstra instrumentale mellomspel. Han består av ein ballade på tre minutt før ein fire minuttar lang allsong som består av dei same akkordane spelt om og om igjen. Songen tonar ut midtvegs i den siste delen og varer i bortimot to minuttar, men er ein av få tilsvarande songar der ei slik uttoning gjev meining for å gje uttrykk for det uendelege.


Den første halvdelen av songen er skriven som ein tradisjonell song med to overgangar der McCartney skiftar mellom å synge Let her into your heart følgd opp med Let her under your skin. Ved eit høve syng McCartney duett med seg sjølv, noko ein merkar medan den siste delen av songen der ei enkelfrase vert repetert mange gonger. Han nynnar melodien som kulminerer med at ved slutten av kvar syklus vert tittelen på songen og akkompagnerer seg sjølv med sprudlande vokale improvisasjonar som minner om James Brown. Midtvegs mot finalen i songen gjev blåseseksjonen til orkesteret melodien eit kontrapunkt, medan strykerseksjonen kjem inn seinare, nærast utan at ein kan høyre det, og held ein einsleg tone inntil songen tonar ut.



Medverkande |




  • Paul McCartney – solovokal, piano, bassgitar, klapping


  • George Harrison – korvokal, elektrisk gitar, klapping


  • John Lennon – korvokal, akustisk gitar, klapping


  • Ringo Starr – korvokal, trommer, tamburin, klapping

  • 36 mann stort orkester – 10 fiolinar, tre bratsjar, tre celloar, to kontrabassar, to fløyter, to klarinettar, ein bassklarinett, ein fagott, ein kontrafagott, fire trompetar, to valthorn, fire tromboner, og eit perkusjonsinstrument; 35 av desse musikarane deltok i koret og med klapping


Personell per Ian MacDonald[14] og Mark Lewisohn.[15]


Salslister |



Vekeslister |












































































































Liste (1968–1969)
Plassering
Australia (Kent Music Report)[16]
1
Australia (Go-Set National Top 40)[17]
1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[18]
1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[19]
1
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[20]
1
Canada Top Singles (RPM)[21]
1
France (SNEP)[22]
2
Tyskland (Media Control AG)[23]
1
Irland (IRMA)[24]
1
Italia (FIMI)[25]
4
Japan (Oricon International Chart)[26]
1
Japan (Oricon Singles Chart)[26]
5
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[27]
1
Nederland (Mega Single Top 100)[28]
1
New Zealand (RIANZ)[29]
1
Noreg (VG-lista)[30]
1
Spania (AFE)[31]
1
Sverige[32]
1
Sveits (Schweizer Hitparade)[33]
1
UK Singles (Official Charts Company)[34]
1
US Billboard Hot 100[35]
1
US Cash Box[36]
1
US Record World[37]
1
Jugoslavia (Džuboks)[38]
1






















































År
Liste
Plassering
1976
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[27]
20
Nederland (Mega Single Top 100)[28]
16
UK Singles (Official Charts Company)[39]
12
1988
UK Singles (Official Charts Company)[40]
52
2010
Belgia (Back Catalogue Singles Flandern)[41]
4
Nederland (Mega Single Top 100)[28]
59
UK Singles (Official Charts Company)[42]
40
2011
Nederland (Mega Single Top 100)[28]
99
2012

Japan Hot 100 Singles[43]
53
Frankrike (SNEP)[44]
174


Årslister |



















































Liste (1968)
Passering
Australia (Kent Music Report)[16]
1
Australia (Go-Set National Top 40)[45]
23
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[46]
6
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[47]
11
Canada Top Singles (RPM)[48]
1
Italia (FIMI)[49]
31
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[50]
4
Sveits (Schweizer Hitparade)[51]
8
UK Singles (Official Charts Company)[52]
1
US Billboard Hot 100[53]
1
US Cash Box[54]
1










Liste (1969)
Passering
Australia (Go-Set National Top 40)[55]
35




Gjennom alle tider |











Liste
Passering
US Billboard Hot 100[56]
10


Salstrofé |


















Region
Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[57]
4× Platina
8 000 000^


^salstala er basert på sertifiseringa aleine





Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Hey Jude» frå Wikipedia på engelsk, og «Hey Jude» frå Wikipedia på bokmål den 10. februar 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:






  1. Lowry, Todd. Lennon and McCartney Hits. Hal Leonard, 2002. s. 44 ISBN 0-534-03250-X


  2. Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 465. ISBN 0-8050-5249-6. 


  3. 3,03,13,2 Craig Cross (2005). The Beatles. s. 367. 


  4. Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. s. 186. ISBN 0-312-25464-4.  Parameteren |first= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  5. 5,05,1 Chris Hunt (2003). «The Story Of Hey Jude». Mojo - Beatles Special. 


  6. 6,06,1 Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 145. ISBN 0-517-57066-1. 


  7. 7,07,1 Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. s. 466. 


  8. 8,08,1 Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 146.  Parameteren |first= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  9. Craig Cross (2005). The Beatles. s. 368. 


  10. Bob Spitz (2005). The Beatles: The Biography. s. 782. 


  11. Ian MacDonald (1994). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties. New York: Henry Holt and Company. s. 242. ISBN 0-8050-2780-7. 


  12. 12,012,1 Craig Cross (2005). The Beatles. s. 539. 


  13. Craig Cross (2005). The Beatles. s. 604–605. 


  14. MacDonald 2005, s. 302–304.


  15. Lewisohn 1988, s. 146.


  16. 16,016,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 


  17. «9. oktober 1968». Go-Set. Henta 17. mars 2018. 


  18. "The Beatles – Hey Jude – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.


  19. "Ultratop.be – The Beatles – Hey Jude" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.


  20. "Ultratop.be – The Beatles – Hey Jude" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.


  21. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 17. mars 2018.


  22. «Hits of the World». Billboard 80 (49): 68. 7. desember 1968. ISSN 0006-2510. 


  23. "The Beatles - Hey Jude". Charts.de. Media Control. Henta 17. mars 2018.


  24. "The Irish Charts – Search Results – Hey Jude". Irish Singles Chart. Retrieved 17. mars 2018.


  25. «HitParadeItalia - Top10 del 12 Ottobre 1968» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 28. august 2014. 


  26. 26,026,1 «Japan #1 IMPORT DISKS by Oricon Hot Singles». Hbr3.sakura.ne.jp (på japansk). Arkivert frå originalen 11. september 2010. Henta 20. mai 2016. 


  27. 27,027,1 "Nederlandse Top 40 – The Beatles - Hey Jude search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 17. mars 2018.


  28. 28,028,128,228,3 "Dutchcharts.nl – The Beatles – Hey Jude" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.


  29. Scapolo, Dean (2007). «Top 50 Singles – October 1968». The Complete New Zealand Music Charts (1st utg.). Wellington: Transpress. ISBN 978-1-877443-00-8. 


  30. "Norwegiancharts.com – The Beatles – Hey Jude". VG-lista. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.


  31. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (på spansk) (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 


  32. «Hits of the World». Billboard 80 (44): 73. 2. november 1968. ISSN 0006-2510. 


  33. "The Beatles – Hey Jude – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.


  34. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 17. mars 2018.


  35. «Hot 100». Billboard: 82. 28. september 1968. ISSN 0006-2510. 


  36. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending SEPTEMBER 21, 1968». Cash Box. Arkivert frå originalen 30. september 2012. 


  37. «100 Top Pops» (PDF). Record World: 33. 28. september 1968. Henta 9. september 2017. 


  38. «Hits of the World». Billboard 80 (51): 58. 21. desember 1968. ISSN 0006-2510. 


  39. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 17. mars 2018.


  40. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 17. mars 2018.


  41. «50 Back Catalogue Singles – 27/11/11». Ultratop. Hung Medien. Henta 16. juli 2013. 


  42. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 17. mars 2018.


  43. «The Beatles – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 17. mars 2018. 


  44. "Lescharts.com – The Beatles – Hey Jude" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.


  45. «Top 40 for 1968». Go-Set. Poparchives.com.au. Henta 28. august 2014. 


  46. «Jahreshitparade 1968» (på tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 28. august 2014. 


  47. «Jaaroverzichten 1968» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 28. august 2014. 


  48. «The RPM 100 Top Singles of 1968». RPM 10 (19). 6. januar 1969. Henta 20. mai 2016. 


  49. «I singoli più venduti del 1968» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 28. august 2014. 


  50. «Top 100-Jaaroverzicht van 1968» (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40. Henta 28. august 2014. 


  51. «Schweizer Jahreshitparade 1968» (på tysk). Hitparade.ch. Hung Medien. Henta 28. august 2014. 


  52. Lane, Dan (18. november 2012). «The biggest selling singles of every year revealed! (1952–2011)». Official Charts Company. Henta 28. august 2014. 


  53. «The Billboard Hot 100 – 1968». Arkivert frå originalen 20. oktober 2006. . 2007.


  54. «The CASH BOX Year-End Charts: 1968». Arkivert frå originalen 14. august 2012. . Cash Box magazine.


  55. «Top 40 for 1969». Go-Set. Henta 28. august 2014. 


  56. Bronson, Fred (2 August 2012). «Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top 100 Songs». Billboard. Henta 17. mars 2018. 


  57. «American single salstrofé – The Beatles – Hey Jude». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH




Bakgrunnsstoff |


  • Alan W. Pollack om «Hey Jude»







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...