Næringskjede Døme | Ordsoge | Kjelder | NavigasjonsmenyGNDNDL


Økologi


energienøkosystemfotosyntetiserandeplantarkarbonplanteetararkjøt-etarardetrivorarBiomassenplanteplanktonkarbonAmfipodekrepsdyretmarflokarpefiskenlaueåborgjeddefiskeørnCharles Eltonøkologisk1923Victor SummerhayesdyrplantarbakteriarBjørnøya1927trofiske nivå






Næringskjeda i ei svensk innsjø.


Ei næringskjede er ei skjematisk framstilling av ruta energien og dei ulike næringsstoffa går i eit økosystem. Ho tek som regel til mellom fotosyntetiserande organismar som plantar, som samlar opp store mengder organisk karbon og ymse næringsstoff i vevet sitt. Vidare går ho gjennom planteetarar, som igjen vert etne av kjøt-etarar. Daudt materiale vert brote ned til uorganisk karbon og næringsstoff att av detrivorar eller nedbrytarar.


Fleire næringskjeder kan setjast saman til næringsnett. Desse viser fleire ulike måtar energien kan gå i eitt og same økosystem, og er meir generelle enn næringskjeder.


Biomassen i eit system er så godt som alltid størst nedst i næringskjeda. Teiknar me biomasse inn i næringskjedene våre, får me ein pyramideforma figur som speglar kjensgjerninga at om lag 90 % av energien går tapt i form av varme og metabolisme mellom dei ulike ledda i han.



Døme |


Figuren til høgre syner ei av fleire moglege næringskjeder i ei svensk innsjø. På botnen finn me planteplankton (ikkje vist på teikninga), som fikserar uorganisk karbon frå lufta og vatnet ved hjelp av solenergi. Amfipodekrepsdyret marflo (Gammarus sp) et planktonet og vinn ut energi frå det. Desse små planktondyra vert etne av karpefisken laue, som sjølv vert eten av åbor som igjen vert eten av gjedde. På toppen av næringskjeda finn me ei fiskeørn.


For å gjera denne figuren om til eit næringsnett heller enn berre ei næringskjede må me først og fremst teikna inn fleire pilar. Gjedda kan eta både åbor og laue, og fiskeørna er gjerne like nøgd når ho får ein stor åbor som når ho får gjedde.



Ordsoge |


Charles Elton var ein av dei første til å nytta næringskjede og næringsnett-omgrepa i økologisk samanheng. I 1923 publiserte han saman med Victor Summerhayes det eldste kjende næringsnettet, som viste samhandlingar mellom dyr, plantar og bakteriar på Bjørnøya. I økologilæreboka hans frå 1927 viste han òg korleis næringskjeder sjeldan famnar meir enn fire eller fem trofiske nivå og korleis dette heng i hop med energitap.



Kjelder |


  • Krebs, Charles J (2001): Ecology - The Experimental Analysis of Distribution and Abundance Cummington, San Fransisco




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...